Wuhan-labens data om koronaviruset vart gjort utilgjengeleg for alle andre enn nokre få innvigde

Det amerikanske folkehelseinstituttet innrømmer at dei «undertrykte» Wuhan-labens genetiske data, men trekkjer i tvil vaktbikkje sitt «sletta»-merke

Sekvensdata vart fjerna frå offentleg tilgang.

Av Mark Tapscott, The Epoch Times. Omsett av saksyndig.

Ein talsperson frå National Institutes for Health (NIH) [det amerikanske folkehelseinstituttet; oms.an.] trekkjer i tvil påstanden til ei nonprofit-vaktbikkje-gruppe at byrået «sletta» gensekvens-data rundt CCP-viruset [koronaviruset; oms.an.] frå eit kinesisk laboratorium, men den same tenestepersonen erkjente at data var «undertrykte».

«Overskrifta seier at sekvensen vart sletta, som er uriktig. Dei vart ikkje sletta. Dette er eit svært viktig punkt, og eg har understreka det som skjedde frå det vi gav dykk tidlegare denne veka,» fortalde NIH sin mediekontakt Amanda Fine The Epoch Times i ein e-post frå 31.mars 2022.

Fine refererte til ein artikkel i Epoch Times 29.mars med tittelen «NIH Deleted Info Received From Wuhan Lab on CCP Virus Genetic Sequencing, Watchdog’s FOIA Finds”. Informasjonen som Fine hadde gjeve til Epoch Times via NIH tidlegare i veka, var inkludert i den publiserte artikkelen:

«‘I juni 2020, som respons på ein førespurnad av den same [Wuhan] forskaren, gav National Center for Biotechnology [NCBI] sekvensdataa statusen ‘tilbaketrekt’, som fjernar sekvensdata frå alle måtar å få offentleg tilgang, men slettar dei ikkje.’

‘Deretter endra NCBI statusen av sekvensdataa til ‘undertrykt’, som tydar at sekvensdata blir fjerna frå søkjeprosessen, men kan bli direkte funne med tilgangsnummer. Denne handlinga for å flytte data vart identifisert som del av NLM si pågåande undersøking av saken. Vi arbeider for å gjere meir informasjon tilgjengeleg,’ sa talspersonen.»

Bioteknologisenteret, som er del av instituttets National Library of Medicine (NLM), er den amerikanske komponenten til International Nucleotide Sequence Database Collaboration.

Epoch Times-artikkelen vart igangsett av ein rapport publisert 29.mars av Empower Oversight Whistleblowers and Research (EO), som vart basert på Freedom of Information Act (FOIA)-responsar som gruppa fekk frå instituttet.

«5.juni 2020 kravde ein forskar ved Wuhan universitet at NIH trekte tilbake forskarens innsending av BioProject ID PRJNA637497 på grunn av feil. Wuhan-forskaren forklarte ‘eg beklager for mi uriktige innsending.’» sa Empower Oversight i ei melding 29.mars.

«BioProject ID PRJNA637497 blir òg referert til som Submission-ID SUB7554642. Tre dagar seinare, 8.juni, avslo NIH forskaren sitt ønske, og gav som råd at dei føretrekkjer å redigere eller erstatte, i motsetnad til å slette sekvensar som blir sendt til SRA,» rapporterte EO. SRA refererer til Sequence Read Archive (SRA)-dataressursar gjort tilgjengelege av NCBI, og det «lagrar rå-sekvensdata».

«Men so, 16.juni 2020, gjorde NIH-tilsette heilomvending og sletta gensekvensdataa, som Wuhan-forskaren ønskte. Den forskaren vart av EO sitert som å forklare til NIH: ‘Nyleg erfarte eg at det er vanskeleg å gå inn og sjå mine innsendte SRA-data, og det vil òg vere svært vanskeleg for meg å oppdatere dataa. Eg har sendt inn ei oppdatert utgåve av desse SRA-dataa til ei anna nettside, so eg ønskjer å trekkje tilbake dei gamle på NCBI for å unngå dataversjon-problemet.’

‘Etter noko diskusjon rundt kva som skulle slettast, avslutta NIH diskusjonen ved å forsikre Wuhan-forskaren at dei ‘hadde trekt tilbake alt saman.’»

På førespurnad om Fines påstand om at informasjonen ikkje vart sletta, fortalde EO-grunnleggjar og president Jason Foster Epoch Times at NIH sine handlingar førde til at CCP-virus-gensekvensinformasjonen berre er tilgjengeleg til dei få som har deira «tilgangsnummer», som effektivt slettar dataa frå open tilgang og forsking.

«NIH-dokument gjevne ut med Empower Oversights rapport viser at sekvensdataa vart sletta frå offentleg visning av NIH på førespurnad frå Wuhan-forskaren,» sa Foster.

«Rapporten vår går òg i detalj rundt e-postar mellom professor Jesse Bloom og NIHs Steve Sherry frå oktober 2021, som klart indikerer at NIH tok vare på kopiar for ‘arkiveringsføremål’. Likevel viser e-postane at NIH nekta å dele dei dataa i ein open, gjennomsiktig vitskapleg prosess forsøkt oppnådd av professor Bloom.

«NIH burde gjere meir informasjon tilgjengeleg om kvar einaste tilfelle og kvar einaste gong dei endrar på statusen av sekvensdata, og all informasjon med potensiell relevans til opphavet til Covid-19 burde bli tilgjengeleg for vitskapleg undersøking.»

Fine svarte ikkje då Epoch Times spurde kven som «har tilgang til all gensekvensinformasjonen gjeven av Wuhan-forskaren og som den forskaren bad om at måtte bli fjerna.»

Epoch Times spurde òg at fordi «NIH må vete kven som faktisk har gått inn og sett på dataa… kven gjorde det og når sidan Wuhan-forskaren bad om at informasjonen måtte bli fjerna?»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s