Covid-vaksinerte i STOR fare, viser offisielle statlege data: Tre gonger større risiko for å døy av Covid-19 enn uvaksinerte!

Det kan ikkje seiast tydelegare: mRNA-injeksjonane til Pfizer, Moderna og andre, som feilaktig blir kalla «vaksinar», skaper sjukdom og død hjå dei som har late seg injisere. The Exposé kjem 3.april 2022 med følgjande informasjon som burde få alle alarmbjøller til å ringje hjå covid-vaksinerte:

«Ei etterforsking av offisielle statlege data har avdekt at fullvaksinerte har opptil tre gonger større risiko for å bli smitta med Covid-19, to gonger større risiko for å bli sjukehusinnlagt med Covid-19 og har tre gonger større risiko for å døy av Covid-19 enn uvaksinerte.

Spørsmålet er kvifor?

Ei moglegheit er at dei vaksinerte, som frykta, lid av Vaccine-Associated Enhanced Disease [vaksine-assosiert forsterka sjukdom; oms.an.], som fører til tilstandar som antistoff-avhengig forsterkning og cytokin-storm. I prasksi tydar dette at Covid-19-injeksjonane forårsakar ein vaksinert person sitt immunforsvar å gå i fullgir når dei kjem i kontakt med viruset, noko som påfører personen skade og forverrar sjukdommen.

Men det viser seg at denne moglegheita faktisk kan vere reell. Fordi den siste runden med konfidensielle Pfizer-dokument publisert 1.april 2022, bekreftar at både Pfizer og FDA visste at vaksine-assosiert forsterka sjukdom var ein mogleg konsekvens av mRNA-Covid-19-injeksjonane, og dei fekk bevis for at det fann stad, inkludert fleire dødsfall, men feia det under teppet og påstod av ‘ingen nye tryggleiksproblem har dukka opp’.»

Heile artikkelen frå The Exposé kan lesast her. Her vil du òg finne ymse tabellar og tal tekne frå sjølve rapporten, som på ingen måte er lystig lesnad for covid-vaksinerte. At styresmakter og media framleis påstår at covid-vaksinar er «trygge og effektive», er difor svært farleg feilinformasjon, og det frå instansar som folk flest stoler på. Det er no meir og meir vanskeleg å tvile på at det ligg ein vondsinna, menneskefiendtleg agenda bak denne massevaksinasjons-kampanjen.

Alle kjenner nokon som har blitt alvorleg sjuke eller døydd av mRNA-injeksjonane. Og det talet vil berre bli høgare i tida framover. Ver førebudd på å miste nokon du er glad i. Ver førebudd på at døden kan råke dine næraste når du minst aner det.

Regjeringar over heile verda har, med særs god hjelp frå media, manipulert menneske til å late seg injisere med farlege, eksperimentelle, gen-redigerande legemiddel som på ingen måte er godkjent etter gjeldande tryggleiksprosedyrar. Folk har mista jobbane sine og blitt sosialt utstøytt fordi dei var kloke nok til å takke nei. Dei som takka ja, vil ha alvorleg sjukdom og kanskje plutseleg død å sjå fram til.

Covid-vaksinerte er i stor fare, for immunforsvara deira er i ferd med å svikte. Framtida kan mindre enn nokosinne takast for gjeven. Og dess fleire slike mRNA-sprøyter du tek, dess meir øydelagt vil immunforsvaret ditt bli. Til slutt vil det ikkje vere noko av det att – og då har du i praksis fått «vaksine»-AIDS; «vaksine»-indusert, erverva immunitetssvikt-syndrom.

Det er inga skam å snu. Slutt å ta mRNA-injeksjonane no, før det er for seint!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s