Britisk MP fordømmer den britiske regjeringa sin Covid-19 desinformasjonskampanje: «Dei lever i fornekting om tryggleiken til desse sprøytene»

Henta frå The Exposé, 2.april 2022. Omsett av saksyndig.

Ein medlem av parlamentet (MP) har anklaga den britiske regjeringa for å bruke ein «desinformasjonskampanje» for å oppmuntre til injisering av Covid-19-sprøyter medan dei lever i fornekting om tryggleiken til behandlinga.

Sir Christopher Chope anklaga òg hovudstraumsmedia for «å sjå på seg sjølve som talspersonane for Regjeringa si propagandamaskin» og hevda at redaktør-avgjerder vart gjort for å feie skadar frå Covid-injeksjon «under teppet».

Den konservative MP-en for Christchurch, Dorset, fortalde Holding the Line: Journalists Against Covid Censorship at han hadde blitt kontakta av hundrevis av menneske over heile Storbritannia om alvorleg skade, inkludert dødsfall, forårsaka av injeksjonane.

Han sa: «Der er ein propagandakrig som seier at dei er trygge og ingenting å uroe seg for. Der har vore eit press på personale for å ta dei og for å fare på arrangement og til utlandet.

Mi største bekymring er at dette var ein propagandakrig der sanninga var offeret og folk vart frårådde å bruke si eiga dømmekraft.»

Han sa at Regjeringa sitt Yellow Card vaksineskade-rapporteringssystem hadde opp til 500 000 Covid-injeksjonsskadar flagga inkludert rapportar om 2000 dødsfall og eit femsifra tal av dei som leid av veldig alvorlege konsekvensar.

Sir Christopher sa at der var tilfelle der folk som rapporterte vaksineskadar til NHS vart «latterleggjorde som lidande av psykiske problem».

Han sa at enkelte NHS-personale som han hadde snakka med i sitt distrikt var letta over at dei ikkje lenger trong å ta Covid-injeksjonar som vilkår for å behalde jobbane sine, ettersom dei hadde sett med sine eigne auge nokre av biverknadene.

Sir Christopher, ein MP sidan 1997, sa: «Enkelte føler tronga til å samlast for å kjempe tilbake mot desinformasjonskampanjen frå Regjeringa.

Media har sett seg sjølve som talspersonane for Regjeringa si propagandamaskin og held fram med å gjere det.»

På spørsmål om kvifor han stakk hovudet sitt fram for å kaste lys over teamet medan so mange av hans MP-kollegaer såg ut til å vegre seg for det, sa han: «Grunnen til at eg tek eit standpunkt, er fordi eg veit at der er ei gruppe menneske som er dei gløymde heltane til pandemien.

Dei er dei som følgde Regjeringa sitt råd om at dei skulle ta vaksine for å fremje god folkehelse, og ved å følgje det rådet har dei lidd dystre konsekvensar, i nokre tilfelle dødsfall, og i andre tilfelle livsendrande skadar.

So mange middelaldrande og yngre aldersgrupper med ingen underliggjande helseproblem har fått liva sine fullstendig øydelagde.»

Sir Christopher sa at YouTube har sensurert ein tale han heldt i Parlamentet tidleg i mars i år om Covid-injeksjonsskade som hadde blitt lasta opp på dei Google-eigde plattforma.

Han sa at YouTube hevda at videoen inneheldt innhald som var «medisinsk desinformasjon» – som han nekta for.

Han sa at sensuren av injeksjonsskade-informasjon òg nådde over til hovudstraumsmedia der journalistar ved hovud-TV-stasjonane og dei store avisene hadde fortalt han at der var «nervøsitet rundt å opne opp» rundt desse problema.

Sir Christopher sa: «Der finst enkelte modige journalistar som går mot straumen, men på redaktørnivået er haldninga i stor grad ‘lat oss halde dette under teppet’.

Eg har anklaga Regjeringa for å leve i fornekting rundt det faktum at vaksinane ikkje er trygge for alle.»

Men han la til at Regjeringa no erkjenner at enkelte døydde eller vart alvorleg skadde som eit resultat av injeksjonane – når deira syn fyrst hadde vore at behandlinga var absolutt trygg.

Sidan han tok opp tryggleiksproblema med Regjeringa, sa Sir Christopher at han har blitt fortalt at Vaccine Damage Payment Scheme [omtrentleg omsetjing ‘vaksineskade-utbetalingsplan’; oms.an.] hadde blitt overført til eit eige team ved NHS Business Authority.

Likevel har ingen enno fått erstatning for injeksjonsskade gjennom denne planen og krav hadde berre nettopp byrja å bli behandla, med ei rekkje hinder som verkar å bli plassert i vegen for dei som kjem med krav.

Sir Christopher sa at organisasjonar som påstod at dei var fakta-sjekkarar, prøvde å latterleggjere og diskreditere faktisk informasjon med omsyn til injeksjonsskade, og at han var uroa for at Online Safety Bill som gjekk gjennom parlamentet kunne utfordre retten til å uttale seg fryktlaust med synspunkt.

Når han vart spurt kven som kunne vere ansvarlege for mangelen på debatt, sa han: «Der er alltid ei gruppe menneske som heller er statistar [forkjemparar for eit politisk system der staten har substansiell sentralisert kontroll over sosiale og økonomiske affærar], der livet deira ville vere mykje lettare dersom menneske ikkje kunne uttrykkje individuelle meiningar.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s