YouTube og Google er plassert på «raud liste» for barnetryggleik etter at Children’s Union beviser at dei utgjer ein fare for barn gjennom sin sensur

Henta frå The Exposé, 2.april 2022. Omsett av saksyndig.

YouTube og deira overordna selskap Google, har hamna på den raude lista til Children’s Union sitt trafikklyssystem relatert til barnetryggleik, noko som signaliserer at dei utgjer ein alvorleg og umiddelbar trugsel til velferda til barn.

Avgjera kjem i kjølvatnet av gjentekne tilfelle av sensur av innhald som er posta på plattforma, med mål om å beskytte barn og redde liv.

Den raude lista er del av eit trafikklyssystem for å vise foreldre når ein organisasjon oppfører seg på ein ansvarleg måte med omsyn til barn, eller om dei utgjer ein fare for dei.

I eit ope brev sendt i dag [2.april 2022; oms.an.] til Susan Wojcicki, adm.dir. i YouTube, og til Sundar Pichai, adm.dir. i Goggle, detaljerer Children’s Union kanalen sin mislykka politikk, i tillegg til å tilby dei høvet til å ta til motmæle mot avgjerda.

Brevet trekkjer merksemd til dei interne konfliktane i YouTube sin eigen Covid-politikk, og deira arrogante og toskete sensur av genuine ekspertar.

Det står å lese:

«Det de faktisk gjer er ikkje ulikt å halde hendene dykkar over munnane til medisinske ekspertar – folk som har brukt heile sin karriere på å prøve å redde liv – påleggje dei munnkorg akkurat når dei slår alarm på vegner av barns tryggleik.

Som YouTube har demonstrert til det latterlege, kan sjølv ein Internett-koloss med alle sine ressursar, vere ute av stand til å avgjere sjølv ei internt samanhengande ‘sanning’. Deira openlyse tilslutning til autoritet er eit sikkert bevis på at dei rett og slett ikkje veit.

Blant sine tilrådingar, føreslår Children’s Union at YouTube ‘går gjennom og reviderer all [deira] politikk på den basis at [dei] ikkje har nokon påliteleg mekanisme for å skilje fakta frå fiksjon.»

I ein kommentar til avgjerda, sa Ross Butler, «Desse Silicon Valley-kjempene meiner at kvar ei meining, same kor informert eller evidens-basert, som rokkar ved tiltru til ‘autoritetane’ er farleg og må bli sensurert. Slike meiningar er farlege, men berre til inkompetente autoritetar. Der YouTube utgjer éin av dei.

Mellom seg har YouTube og Google blitt dei største kjeldene til feilinformasjon i verda, der dei feigt berre opprettheld autoriserte posisjonar, same kor internt inkonsistente eller empirisk falske dei er.

Når eit teknologiselskap kan avgjere om ein høgt erfaren barnelege eller professor i immunologi får lov til å tale eller ikkje, er det selskapet ein trugsel mot barn overalt. So i dag er YouTube raud-lista.»

Ein medlem av Children’s Union las brevet høgt i ein direktesendt video som vart publisert på YouTube og deira konkurrent Odysee. Odysee-versjonen kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s