Blodbankar innrømmer ved eit uhell at 80% av blodforsyninga er kontaminert med piggprotein frå mRNA-sprøyter

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Politikarar i delstaten Montana driv og pushar eit nytt lovforslag som vil gjere det ulovleg for nokon som har blitt «vaksinert» mot Wuhan koronaviruset (Covid-19) å gje blod.

Republikanar Greg Kmetz i Miles City gav kontamineringsproblem som grunn; sponsoren bak House Bill 645 ønskjer å gjere det eit mindre brotsverk [engelsk misdemeanor] med ei bot på 500 dollar for vaksinerte blodgjevarar å gje sitt piggprotein-proppa blod til donasjonsbassenget.

HB 645 [«lovforslag 645»] forbyr òg donasjon av blod frå folk som har hatt diagnosen «long covid», medisinsk definert som «postakutte sequelae av SARS-CoV-2 på grunn av kronisk 27 SARS-CoV-2 viralinfeksjon».

«Montana si blodforsyning kan bli redusert med opptil 80%, noko som fører til uheldige pasientutfall inkludert unaudsynt og uakseptabel død,» sa Cluff Numark, senior-visepresident i blodinnsamlings-nonprofitten Vitalant, om den potensielle effekten av lovforslaget.

Dei fleste blodbankar strevar allereie med å halde tritt med behovet, og ein 80% reduksjon i tilgjengeleg forsyning i fall HB 645 blir vedteke, vil berre gjere alt verre.

Montana ønskjer ikkje å gje folk overføringar med forureina blod

Numark si innrømming om 80%-reduksjonen i tilgjengeleg reint blod er basert på statistikk frå Montana som viser at fire av fem innbyggjarar har fått minst éin injeksjon av ein covid-«vaksine» sidan den fyrste utrullinga av Operasjon Warp Speed.

Dei fleste frå Montana har med andre ord forureina blod og vil ikkje lenger få lov til å dele det ureine blodet med pasientar som treng det. Det same er sant i andre delstatar der injeksjonsprosenten av sprøytene var høg.

Kmetz sitt nye lovforslag byggjer på House Bill 702 frå sist sesjon. Det lovforslaget gjorde det ulovleg å diskriminere på grunn av vaksinasjonsstatus, sjølv om ein del av det vart slått fast å vere grunnlovsstridig i desember.

Andre tilhengjarar av HB 645 inkluderer republikanar Lola Sheldon-Galloway, viseleiar i House Human Services Committee. Sheldon-Galloway sin bror er ein balsamerar som fortalde ho at covid-injeksjonar forårsakar problem med blodstrøyminga.

«Eg er ei av mange som trur på den gudegjevne retten til medisinsk fridom, som er å ha tilgang til genetisk umodifisert blod når ein treng det,» sa Jo Vilhauer, ein innbyggjar i Miles City som støttar HB 645. «Dette er ein kritisk viktig del av helseautonomi.»

Ifølgje dr. Michael Busch, direktør ved Vitalant Research Institute, er den sanne prosentdelen av forureina blod i USA nærare 90% enn 80%, noko som tydar at so lite som berre éin av 10 donorar har reint, trygt blod.

Dette er eit alvorleg problem fordi dei som treng blodoverføring vil måtte vente mykje lenger på det – dersom dei kan få tak i det i det heile, no når mesteparten av den amerikanske blodforsyninga er smekkfull av piggprotein og andre sprøyteingrediensar.

Eitt problem med HB 645 er at der er ingen måte å teste blodprøvar for piggprotein eller andre bevis for covid-sprøytekontaminering. Det er altso eit tillitsbasert system som i beste fall er upraktisk.

Republikanar Jodee Etchart frå Billings, som bad om lovforslaget, bad Kmetz om å vurdere å etablere to ulike blodbankar: ein for vaksinert blod og ein annan for uvaksinert blod. Kmetz seier at konstituentar er imot den ideen.

«Vi kjem ikkje til å vurdere det,» sa Kmetz.

«Det ser ut som om ingen vil vere kvalifiserte, og dette lovforslaget vil bli stemt ned so fort at det ikkje ein gong er verdt bryet å ta det opp,» svarte Etchart om sannsynet for at HB 645 vil bli vedteke.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s