Av Josefine Bru for Saksyndig.
I ein artikkel publisert fredag 2.juni skriv Document-journalist Erling Marthinsen om det sokalla Koronautvalet, som har evaluert korleis styresmaktene handterte covid-19-«pandemien». Marthinsen skriv:
«Det var særlig barn, unge og eldre som ble hardt rammet av de inngripende tiltakene mot koronasmitte, mener utvalget som har gransket håndteringen av pandemien.»
Utvalet vart leia av tidlegare sentralbanksjef Øystein Olsen. Han meiner det tok for lang tid før styresmaktene avvikla nedstengingane, dette ifølgje NTB. Vel, nedstengingane kunne ha vart mykje lenger om visse personar hadde fått viljen sin. David Sörensen i Stop World Control påstår at eliten («kabalen») hadde tenkt å ha full nedstenging i heile to år, noko som ville ha rasert globaløkonomien og øydelagt liva til folk. Alle hadde takka ja til «vaksinane» då dei endeleg kom, desperate etter å få tilbake fridommen sin. Heldigvis lanserte Donald Trump Operasjon Warp Speed minst eit år tidlegare enn planlagt, noko som gjorde at eliten fekk hastverk med å setje i verk sin vondsinna agenda.
Utvalsleiar Olsen meiner òg at regelverket var for dårleg til å handtere ei langvarig krise, noko han poengerte under pressekonferansen der han la fram kva utvalet hadde funne ut. Vidare står det i artikkelen:
«Et av forslagene fra koronautvalget er en nasjonal oversikt over helsepersonell som kan bidra in [sic] en krisesituasjon.»
Nja. Med tanke på den elendige stoda i den norske helsesektoren, som Saksyndig-redaktøren sjølv har erfart, vil det nok bli stadig vanskelegare å få tak i helsepersonell. Fleire og fleire søkjer seg nemleg ut av sektoren på grunn av tungt arbeid, mykje ansvar, ugunstige arbeidstider og (iallfall ifølgje redaktøren) ei stadig meir fråverande og totalitær leiing. So både eg og han trur at ved ei krise vil det rett og slett ikkje kunne oppdrivast helsepersonell, sidan dei anten jobbar i heilt andre yrke eller rett og slett har blitt uføre.
Vidare:
«Utvalget mener også at pandemien og smitteverntiltakene rammet økonomisk skjevt.»
Og:
«Ifølge VG var det en klar skjevfordeling i hvordan nedstengingene rammet borgere økonomisk.»
For å gjere ei lang historie kort, hadde barn og unge låg risiko for sjukdom og død på grunn av covid-smitte, men fekk livskvaliteten forringa på grunn av dei tåpelege restriksjonane. Stengde skular og stengde fritidsaktivitetar gjorde at dei stort sett sat heime, og i den mest ekstreme fasen fekk dei ikkje eingong ha besøk av venner.
«Mange fikk tapt livskvalitet gjennom to år med pandemi, og det er indikasjoner på at et mindre antall har fått mer langvarige negative virkninger.»
Ja, til dømes hjartebetennelse, konstant mensen og hjerneskadar på grunn av mRNA-injeksjonane, i tillegg til at mange òg har blitt alvorleg psykologisk traumatiserte etter to års psykisk terror og narsissistiske hersketeknikkar frå Regjeringa og media.
Her kjem noko litt interessant:
«Det var også diskusjoner internt i regjeringen om fordeling av vaksiner. Her sto daværende helseminister Bent Høie (H) for en jevnere fordeling, men ble motarbeidet av sin egen regjering, blant annet av finansminister Jan Tore Sanner fra samme parti.
Støre-regjeringen får kritikk for å ha opptrådt nølende da omikron spredte seg før juli 2021. da ble hele Norge delvis nedstengt over jul.»
Hehe, eg hugsar omikron. Varianten kom på eit tidspunkt der «alle» hadde blitt fullvaksinerte, og på det punktet var det klart at «vaksinane» ikkje beskytta mot covid-19 i det heile. Differensierte retningslinjer for helsepersonell, som vart innført i mai 2021, vart «tilfeldigvis» oppheva på nøyaktig same tidspunkt.
«Ved første øyekast virker det ikke som utvalget fokuserer noe særlig på mulige bivirkninger som følge av mRNA-stikkene.»
Vel, det fokuset kan vi alltids ta under det komande landssvikoppgjeret, folkens.
