Av Josefine Bru for Saksyndig.
Dæven, her er djupstaten sitt propagandaapparat i full gang med å pøse ut løgner om at norske gutar og menn er intellektuelt underlegne. NRK har valt å publisere ein kronikk av Helene Asphaug, ei 22 år gammal jente som er tilsett i ein bokhandel. Ho fleskar til med følgjande innleiing:
«Vi er bekymret for unge menn igjen, denne gangen fordi de har lagt fra seg bøkene og kun stirrer inn i nettbrett hele dagen.»
Vidare skriv ho:
«Jeg jobber både i bokhandel og tilhører aldersgruppen vi krangler om. Og jeg er bekymret.»
22-årige Helene uttrykkjer bekymring, ikkje fordi gutar les so lite, det er kva dei les som er bekymringsverdig etter hennar meining:
«Problemet er ikke at gutta leser så lite, det er hva de leser som bekymrer meg. Vi står overfor en mental helsekrise, og spesielt den mentale helsa til unge gutter er en nøtt vi ikke klarer å knekke.»
Okay, no er jo den mentale helsa til folk flest på sotteseng på grunn av den oppkonstruerte plandemien, so det å berre fokusere på den mentale helsa til éi aldersgruppe blir litt som å fokusere på at inngangspartiet er øydelagt når heile huset har rast saman. Grunnen til at Helene bekymrar seg over valet av litteratur, er at mange ser ut til å like ei bok av Robert Greene som heiter 48 Laws of Power:
«Greene lærer deg å manipulere folk til du får viljen din, for eksempel ved å bryte dem ned og gjøre dem avhengige av din bekreftelse. Lystig!»
Og vidare:
«De [gutane] vil visst kun lære hvordan de kan bli produktive og tjene så mye penger som mulig. Hos meg lyser varsellampene når det er dette som gir gutter mest tenning.»
Hmm, logikkmessig har ho vandra langt inn i skogen og har gått seg vill. Burde det ikkje få fleire varsellampar til å lyse når det folk flest les er kriminallitteratur, der mord og alvorlege brotsverk er i fokus? Om ein gut kjøper til dømes bokserien om seriemordaren Dexter Morgan, kan han då risikere at Helene ringjer inn ei bekymringsmelding til PST?
Den nemnde boka til Greene, som er i privat eige hjå både meg og Saksyndig-redaktøren, er ei samling på nettopp 48 råd om korleis ein skal stige i hierarkiet. Slike bøker er ikkje eit nytt fenomen. I 1532 vart boka Fyrsten gjeven ut, skriven av Niccolò Macchiavelli (1469-1527). Boka vart utgjeven fem år etter han døydde, truleg fordi han vurderte innhaldet som for farleg for han sjølv til å offentleggjere medan han framleis levde. Sitat er henta frå den norskspråklege Wikipedia-artikkelen om boka:
«Machiavellis hensikter med Fyrsten var dobbel. På overflaten og tilsynelatende var det et verk i fyrstespeilers tradisjon [eit «fyrstespeil» er ei slags instruksjonsbok for herskarar], for å forklare hvordan en leder kan gjenopprette en tilstand av sivilisert orden gjennom bruk av alle nødvendige midler. Han skriver at fysisk vold er all makts opphav, og at alle statsgrunnleggere bare har ett middel, nemlig vold. Uttrykket om at målet helliger midlene kan belyses fra debatten omkring Fyrsten.»
Kort fortalt er menneskeheita so degenerert og korrumpert at ein sterk leiar må gripe inn og skape orden – for ein kvar pris. Lesaren blir her oppfordra til å lese både artikkelen om boka, og sjølve boka. Den er i privat eige hjå Saksyndig-redaktøren, men eg låner for tida eksemplaret hans av han.
Men tilbake til Greene-boka, som bokhandlar-Helene bekymrar seg for at so mange gutar og unge menn les. Eg listar her opp dei ti fyrste råda som Greene kjem med:
- Aldri overstrål meisteren
- Stol aldri for mykje på venner, lær korleis ein bruker fiendar
- Skjul intensjonane dine
- Sei alltid mindre enn naudsynt
- So mykje er avhengig av rykte – vakt det med livet ditt
- Skaff og hald på merksemd for ein kvar pris
- Få andre til å gjere jobben for deg, men ta alltid æra sjølv
- Få andre menneske til å kome til deg – bruk agn (åte) om naudsynt
- Vinn gjennom handlingane dine, aldri gjennom argument
- Infeksjon: Unngå dei som er utilfredse og ulykkelege
Andre råd av interesse:
Råd 13: «Når du ber om hjelp, appeller til folks sjølvinteresse, aldri til deira nåde eller takksemd.»
Råd 15: «Knus fienden din fullstendig.»
Råd 17: «Hald andre i vedvarande frykt: Dyrk fram eit uføreseieleg klima.»
Råd 30: «Få det du har oppnådd til å sjå lett ut å gjere.»
Råd 33: «Finn alle sin tommeskrue» (altso deira svake punkt)
Råd 36: «Vis forakt for ting du ikkje kan få: Å ignorere dei er den beste hemnen.»
Råd 46: «Aldri framstå som for perfekt.»
Råd 47: «Ikkje gå forbi punktet du hadde som mål; ved siger, lær når du bør stoppe.»
Machiavelli er spesifikt nemnt på omslaget til boka som ein «stor tenkjar». Andre berømte namn som Greene nemner er Dronning Elisabeth 1. (jomfrudronninga) og sjølvaste djupstatskongen Henry Kissinger (som nyleg fylde 100). Saksyndig-redaktøren mistenkjer at dei mest totalitære og fryktinngytande einingsleiarane og avdelingsleiarane i helsesektoren ikkje berre har lese Fyrsten eller 48 Laws of Power, men pugga innhaldet og lært bøkene utanåt. Råd 17 vart praktisert av hans fiende, einingsleiaren på den kommunale sjukeheimen. Eg spurde han om han nokosinne prøvde ut nokon av dei 48 råda til Greene. På det svarte han «ja», men ville ikkje gå i detalj.
Bokhandlar-Helene meiner altso at gutar helst ikkje burde lære seg hersketeknikkar som halv-psykopatiske sjefar rundt om i landet ser ut til å ha som pensum når dei «går i lære». Klart, ein bør ikkje lese berre éin sjanger, og mange gode romanar inneheld både nyttig lærdom og er skrivne i eit levande språk. Som Helene skriv vidare:
«Jeg er redd for at guttene mister kunnskapsgleden. Og dermed kunnskapen. De hadde hatt godt av å utvide verdenssynet sitt gjennom fortellinger som ikke kun sentrerer seg rundt hvordan de kan bli den mektigste og rikeste manipulatoren.»
Og ho avsluttar med følgjande:
«Men bøker kan åpne sinnet og bli billetten ut av ekkokammeret som så mange av dem er fanget i. Hvem vet? Kanskje tør de til og med å lese en bok av en kvinne etter hvert.»
Vel, då vil både eg og Saksyndig-redaktøren varmt tilråde Ayn Rand sitt briljante meisterverk Atlas Shrugged og den vesentleg kortare, men minst like gode The Fountainhead. Dei bør lesast på originalspråket engelsk – men «alle» kan jo engelsk i våre dagar. Margrethe Salvesen si bok Koronarebellen står òg høgt på lista over bøker som alle – inkludert gutar og unge menn – bør lese.
Kanskje Helene sjølv burde lese litt meir bøker for å kome seg ut av sitt ekkokammer.
