Derimot har blitt utsett for DDoS-åtak!

Av Josefine Bru for Saksyndig.

Den populære nettavisa Derimot har i det siste vore plaga med lang nedlastingstid for artiklane sine. 6.juni vart det av redaksjonen publisert ein artikkel med tittelen «Vi blir forsøkt stilnet: Noen oversvømmer Derimot.no sin server i et DDOS-angrep’». På norsk blir dette kalla «tenestenektåtak», eller «tjenestenektangrep» på bokmål. Eit anna ord er «distribuert tjenestenekt», etter den engelske frasen distributed denial-of-service, forkorta DDoS.

Dette blir av Wikipedia skildra som eit åtak der ein hindrar at nokon eller noko får tilgang til informasjon eller ressursar dei vil ha tilgang til. Soleis kan eit vellykka tenestenektåtak føre til at denne informasjonen eller ressursen ikkje blir tilgjengeleg. Enkelt fortalt blir ei rekkje «slave»-datamaskiner brukt til å sende so mykje data til offeret (i dette tilfellet Derimot) at sokalla «legitim trafikk» ikkje vil kome igjennom. Det kan enklast samanliknast med å hive so mykje reklame og skit og drit opp i ein postkasse at ekte brev ikkje får plass.

Eit anna problem er at kommentarfeltet på Derimot blir fylt opp med spam.

Redaksjonen i Derimot er av den oppfatning at dette åtaket kjem fordi nokon ikkje likar ytringsfridom. 6.juni dreiv dei og undersøkte fleire måtar i fikse dette på.

Tidleg på morgonen 8.juni tok det framleis unormalt lang tid å laste inn artiklar i nettavisa.

Eit liknande problem har so langt ikkje råka Saksyndig, som bruker WordPress. Det er uvisst kva program Derimot bruker. Men her på Saksyndig har vi diverre eit like alvorleg problem, nemleg det totale fråværet av redaktøren! Kor er du hen? Kva har skjedd? Vi saknar deg!

Kommenter innlegget