Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.
Her forleden fann eg tilfeldigvis eit eksemplar av Bergens Tidende (BT) i postkassen min, meir presist utgåva frå onsdag 7.juni 2023. Denne pretensiøse propagandablekka blir stundom dumpa i postkassane til folk som eit reklamestunt for å finne fleire abonnentar. Eg valde å i det stille takke høfleg nei til BT sitt subtile tilbod, men sidan eg nettopp hadde trakta kaffi, sette eg meg ute i min store hage og bladde gjennom avisa.
Ein artikkel på side 20 fanga merksemda mi. Den hadde tittelen «Hvilken sykdom koster oss mest penger? Nå har forskerne svar». Artikkelforfattaren var nokon ved namn Bethen Steenbuch, som merkeleg nok har ei e-postadresse tilknytt Aftenposten.
Artikkelen hadde ingressen «For første gang får vi vite hva 144 sykdommer og 15 helsetjenester koster samfunnet i året», og viser til ein studie leia av professor i helseøkonomi Jonas Minet Kinge ved Universitetet i Oslo (UiO). Han er i tillegg seniorforskar ved det Rockefeller-støtta Folkehelseinstituttet (FHI). Eg vil her presisere at tala er frå 2019, før «pandemien» vart sett i verk av den overnasjonale djupstaten.
I artikkelen står det: «Den største utgiftsposten er demenssykdom, som kostet helsetjenesten 32 milliarder kroner i 2019. Det utgjør ti prosent av helseutgiftene her til lands.» Andre høgfrekvente sjukdommar er psykiske lidingar og rus, som er mest vanleg blant ungdom og middelaldrande, og tjukktarm- og endetarmskreft som er den kreftforma som kosta mest (3,3 milliardar i 2019).
Vidare står det: «Utgiftene i forbindelse med demenssykdom er overraskende høyt […].»
Professor Kinge seier vidare: «Jeg ble litt overrasket over at kreft ikke kom høyere opp. Vi har høyere utgifter til demens alene, sammenliknet med alle typer av kreft […].»
Om årsaka til at demens og psykiske lidingar kostar mest, svarer Kinge: «Ressurskrevende psykiske lidelser og demens sent i forløpet har behov for døgnkontinuerlig medisinsk oppfølging, personlig pleie og omsorg.»
Studien har òg avdekt at luftvegsinfeksjonar slik som influensa, bronkitt og lungebetennelse kosta 6,13 milliardar kroner i 2019. Desse tala kan sikkert mangedoblast, om ikkje ti- eller tjuedoblast for åra 2020, 2021 og 2022.
Når det gjeld demens, estimerer professoren at talet vil auke i åra som kjem:
«Det blir viktig å planlegge, fordi vi blir flere eldre i Norge fremover. Det vil øke pleiebehovet ved aldersrelatert sykdom.»
Professor Kinge uttrykkjer overrasking over kor mykje sjukdom aukar med alderen, og studien har mellom anna avdekt at ei kvinne på 85 år genererer 38 gonger meir helseutgifter enn ei jente på 5.
Og her kjem det som eg reagerte på:
«Studien skal brukes for å få en oversikt over helseutgiftene i Norge. […] Når man ser hvilke sykdommer som koster mest for helsetjenesten [demens, utan tvil!], forstår man behovet for å forebygge sykdom og organisere helsetjenesten.»
Om dei klarer å førebyggje førekomsten av demens og psykiske lidingar, vil det føre til «enorme besparelser for samfunnet. Vi vil kunne bruke de pengene på andre helsetjenester […].»
Javel, ja… Og korleis har dei tenkt å «førebyggje» førekomsten av demens og psykiske lidingar? Canada har svaret på kva dei skal gjere med psykisk sjuke, for der har de facto diktator Trudeau vedteke ei utviding av eutanasi-lovverket, som gjer at psykisk sjuke no kan få løyve til sokalla MAiD, medical assistance in dying – medisinsk assistert sjølvmord på godt norsk.
Og når det gjeld demens, som er ein aldersrelatert sjukdom … Då ser artikkelen nesten ut til å antyde at det er enklast å avlive gamlingane før dei blir senile og «besværlige»!
I Noreg er eutanasi strengt ulovleg, og blir kategorisert som drap – overlagt drap i visse tilfelle. Lindrande behandling ved livets siste dagar (det Saksyndig-redaktøren kallar LSD-protokoll) er det næraste ein kjem ein lovleg «fortgang i dødsprosessen», om ein skal vere so frimodig å kalle det for det. I følgje Vestre Viken helseregion består det sokalla «skrinet» brukt i lindrande behandling i livets sluttfase av preparata morfin, midazolam, haldol og robinul. Morfin blir brukt mot smerte og tungpust (dyspné på fagspråket). Midazolam blir brukt mot angst, uro, panikk, muskelrykningar, kramper og sokalla «agitert delirium». Haldol blir ordinert mot kvalme, uro, agitasjon og delir. Og sist blir robinul brukt mot surkling i øvre luftvegar, ileus (blokkering av tarmen) og kolikk. Eg har henta skrivet frå Vestre Viken, men dette er ein standardprotokoll som er brukt ved alle norske helseføretak.
Saksyndig-redaktøren har fortalt meg ein del om haldningane til helsepersonell når det gjeld eutanasi. So nyleg som 2019 var dette eit tema som ein aldri snakka om på dei arbeidsstadene han har jobba. Men no, etter «pandemien», verkar det som om stadig fleire er opne for tanken om at eutanasi burde bli lovleg. Han fortalde meg førre månad følgjande anekdote: ein helsefagarbeidarlærling i avdelinga sa i ein lunsjpause at ho var for aktiv dødshjelp! Ho sa det i eit bestemt tonefall, og med eit lystig smil. Han var den einaste som reagerte negativt, og fleire av sjukepleiarane uttrykte faktisk godkjenning til det lærlingen lira av seg!
Dersom «løysinga» på eldrebølgja er masse-eutanasi, tviler eg sterkt på at norske sjukeheimar, helsehus og sjukehus er trygge for eldre lenger. På det punktet er eg einig med vår fråverande redaktør.
Eldre i heile Noreg: aldri end opp på sjukeheim, for sjukepleiarane kjem til å avlive dykk ved fyrste og beste anledning! Ta med dykk rullatorane, transportrullestolane og «preikestolane» og flykt!
