Av Grzegorz Górny. Henta frå Remix News. Omsett av saksyndig.
I Canada blir eutanasi ein standarddel av psykiatrisk omsorg, der døden kan tilkallast som ei hushjelp («maid»), skriv Grzegorz Górny.
I mars neste år skal Canada innføre ei ny lov som lèt menneske med psykiatriske lidingar velje eutanasi. Dersom ein pasient føler at hans mentale tilstand er uuthaldeleg, vil det berre krevje to legar for å legalisere føreskriving av ein dødeleg cocktail av legemiddel.
Dette er rett og slett det neste stadiet i ein prosess som byrja i 2016 då det kanadiske parlamentet vedtok lova om Medical Assistance in Dying (MAID), som i praksis gjorde eutanasi lovleg. So ordet «maid» [«hushjelp», «jomfru» eller «ugift kvinne»; i slekt med «møy», oms.komm.] vart synonymt med ønsket om å døy.
Lova var meint å bli brukt berre i tilfelle der det var uhelbredelege sjukdommar, eller for folk som hadde ein helsetilstand som tilsa at døden nærma seg. I det fyrste året lova gjaldt vart litt over 1000 menneske, i hovudsak kreftsjuke, avliva på denne måten.
I 2021 vart lova endra til å gjelde andre tilstandar som pasientar vurderte som «uuthaldelege». Som eit resultat nådde talet dødsfall legalisert på denne måten over 10 000, meir enn 30% høgare enn i 2020.
No, i mars 2023, vil kanadisk lov tillate eutanasi av psykiatripasientar. Ifølgje jusprofessor Trudo Lemmens i Toronto, tydar dette at sjølvmord essensielt blir ein måte å behandle psykiatrisk sjukdom. Det opnar opp for moglegheita for at ein person som lid av kronisk depresjon og oppsøkjer hjelp, kan oppleve at terapeuten tilråder død som ein veg ut av det.
Måten loven er skriven på, ifølgje Gus Aleviou, ein ekspert på handikapp, kan ikkje berre føre til at depresjon blir behandla med eutanasi, men òg posttraumatisk stressliding, autisme, ADHD, bulimi, anoreksi og avhengigheit.
Framtil nyleg fann vi berre referanse til slike situasjonar i sci-fi-litteratur som skildra sosial kontroll i totalitære dystopiar. I dag er denne dystopien i ferd med å bli realitet.
[…] Av Grzegorz Górny. Henta frå Remix News. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar
[…] Av Grzegorz Górny. Henta frå Remix News. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar