Det blæs for tida ein iskald totalitær vind gjennom den aude sjukeheimen. Avtroppande leiar, som frå og med nyttår skal byrje i leiarstilling på eit høgare nivå i ein annan utkantkommune, ser ut til å ønskje å markere seg som leiar den siste tida ho er tilsett hjå noverande arbeidsgjevar. På sitt siste personalmøte no i desember kom ho med følgjande ordre til personalgruppa: Dersom ein kollega forlèt arbeidsplassen utan gyldig grunn før arbeidstida er over, skal kollegaene notere dette, og vedkomande vil bli trekt i løn.
På papiret høyrest det rett og rimeleg ut at ein tilsett skal vere på arbeidsplassen heile den tida ho er til disposisjon for arbeidsgjevar – vedkomande er jo der på betalt tid. Det er berre det at arbeidsplassen ikkje gjennomfører dette i praksis. Som eg sjølv har erfart, ser mange tilsette ut til å kome og gå når det passar dei, gjennom sokalla «tilrettelagt arbeidstid». Dette er ein særavtale dei har laga med arbeidsgjevar, og er som regel grunngjeve i at til dømes barnehagen ikkje opnar før sju om morgonen. Når ein tilsett byrjar på jobb klokka sju, seier det seg difor sjølv at dei ikkje kjem seg på jobb i tide. Difor har fleire ordna seg særarbeidstid.
Problemet er at dei kjem på jobb langt seinare enn levering av ein unge i barnehagen tek. Spesielt med tanke på at barnehagen ligg rett over vegen. Ein tilsett leverer ungen i barnehagen på slaget sju, men er til dømes ikkje på arbeidsplassen før nærare åtte – kanskje seinare òg. Eg har ikkje registrert at vedkomande blir på jobb ein time lenger om ettermiddagen for å kompensere for dette. Det er òg uvisst for meg om personen faktisk blir trekt i løn før denne timen, ettersom alt lønsrelatert blir beskytta som om det var statshemmelegheiter. Eg reknar ikkje med at dei blir trekt i løn, sidan so å seie alle i personalgruppa er i slekt med kvarandre.
(For å ta ein småkomisk digresjon: Nyleg sa eg at sjukeheimen var den største familiebedrifta i kommunen. Tre av kollegaene nekta ampert at det var tilfellet. Dei tre var ein hjelpepleiar og hennar to døtrer.)
Ein ting er levering av ungar i barnehagen (som av ukjende årsaker aldri kan overlatast til barnefaren, ser det ut som). Ein annan ting er helsemessige utfordringar. Ein annan kollega har ei særordning der ho ser ut til å gå i permanent gradert sjukemelding. Ho jobbar to dagvakter i veka, men får utbetalt full løn. Resten av løna er det openbert staten som utbetaler, so det er meir korrekt å kalle ho delvis uføretrygda (ho er ein av dei sokalla «haltepingsane»). Ho kjem konsekvent på jobb halv ni, og stikk igjen halv to. Til samanlikning er mi arbeidstid på ei dagvakt frå sju om morgonen til tre om ettermiddagen – med nesten ingen unntak. Ho hadde slag for ti år sidan, og hevdar sjølv at ho framleis slit med etterverknadene. Mellom anna er ho friteken frå å dele ut medisin, i likskap med fleire andre faglærte kollegaer som ikkje har hatt hjerneslag.
Vi har denne særarbeidstida på den eine sida, som leiar sjølv har godkjent, og so har vi den totalitære åtferda hennar på den andre. Om ein tilsett med lang reiseveg reiser frå jobb eit kvarter før arbeidstida sluttar ei kveldsvakt, skal dette altso noterast i vaktplanboka, og vedkomande vil deretter bli trekt eit kvarter i løn. Dette tilsvarer 0,25 timar. Det er fleire grunnar til at ein tilsett reiser tidleg frå jobb, og somme av dei er gyldige. Ingen stiller spørsmålsteikn ved at leiar sjølv ofte forlèt arbeidsplassen to timar før arbeidstida er over, eller når ho plutseleg ikkje dukkar opp på jobb ein dag. Og verneombodet stikk titt og ofte frå jobb i 13-tida når ho eigentleg har arbeidstid til 15. Blir ho trekt i løn? Sannsynlegvis ikkje, for ho tilhøyrer jo den inste kjernen.
Denne plutselege og aggressive handhevinga av arbeidstida er bekymringsverdig. For meg er ikkje det eit problem om ein tilsett stikk frå jobb klokka 21:45 i staden for å vere der det siste kvarteret til 22:00. Det er eit langt større problem at ein tilsett kjem på jobb 8:30 i staden for 7:00, spesielt når eg er åleine i ei travel, uroleg avdeling i halvannan time på grunn av dette. Og det er iallfall eit problem at ein tilsett takkar for seg 13:30, når vi er midt i middagen og eg åleine må leggje ei avdeling med bebuarar, ta oppvasken, ivareta behova deira og i tillegg gje rapport til seinvakter som ikkje skjøner situasjonen på avdelinga. Eg delte meiningane mine med delar av personalgruppa, mellom anna dei som hadde tilrettelagt arbeidstid. Mi oppriktige meining var at dersom dei ikkje greidde å kome seg på jobb i tide, burde dei finne seg ein annan jobb. Nokre av dei vart tverre. Ei anna møtte meg med hårreisande mangel på forståing og empati. Dei delte ikkje mine synspunkt eller mi oppfatning av situasjonen, for å seie det mildt.
Desse gjekk nok til leiinga med dette, for på det siste personalmøtet tok avtroppande leiar opp det ho kalla «frustrasjon» over tilsette som kom seinare på jobb. Ho adresserte ikkje meg personleg, men det var for meg latterleg openbert kva ho refererte til. Ho påpeikte at desse hadde avtalt med leiar om å kome seinare. Ho sa at dei ikkje kom «for seint» på jobb, og at dei hadde gode grunnar til det, til dømes levering i barnehage. Deretter sa ho, nesten som forventa frå mi side, at «dette ikkje var eit problem for personalgruppa generelt», og at bebuarane på ei avdeling ikkje nødvendigvis vaknar og/eller treng hjelp samstundes. Ho var ikkje på sjukeheimen i sommar, då eg fire av fem vakter var mutters åleine i ei uroleg avdeling nesten tre timar kvar einaste dagvakt. Dette skuldast mellom anna den nemnde «slagkollegaen», som kom halv ni og stakk igjen halv to, uavhengig av tilstanden i avdelinga.
Som eit siste stikk påstod leiar at kollegaer som kom seinare på jobb vart fornærma over at ingen kollegaer sa «god morgon» til dei når dei omsider dukka opp. Leiar sa at desse òg hadde krav på å bli møtt på ein høfleg måte av kollegaene. Det er for meg ukjent kor ho har det frå. Men på generelt grunnlag er det vanskeleg å seie god morgon til ein kollega som ikkje er der…
Kort fortalt blir personalgruppa oppfordra til å tyste på kollegaer som stikk frå jobb tidleg, med den konsekvens at vedkomande blir trekt i løn. Eg såg dette praktisert nyleg. Den same muslimske mannen som i sommar gjorde skade på ein bebuar og la skulda på ein gravid lærling, hadde arbeidstid til 22. Han reiste frå jobb 21:15 ifølgje vaktplanboka. Eg har blanda kjensler. Éin ting er å stikke frå jobb eit kvarter før tida. Ein annan ting er å stikke heile 45 minutt før tida – det burde med rette resultere i lønstrekk. Hadde han gyldig grunn? Det er uvisst. Opplyste nokon han om at han ville bli trekt i løn om han stakk frå jobb utan gyldig grunn før arbeidstida var over? Sannsynlegvis ikkje, kjenner eg desse feige rottene rett. Og ein anna kollega, hovudtillitsvalt i NSF, har ved fleire høve antyda at denne mannen har ein tendens til å stikke frå jobb altfor tidleg. Vart denne totalitære regelen innført for å straffe han? Kven veit.
Dette bringer oss over til neste problematiske punkt: Regelen kan misbrukast. Ei nattevakt kan vere «grei» og late kollegaene gå før tida, for so å skrive opp at dei gjekk tidleg. Kollegaer som ikkje likar nokon kan til dømes finne på å feilaktig skrive at vedkomande gjekk frå jobb tidleg, og korleis kan personen då dokumentere overfor leiinga at dette ikkje var tilfelle? Avtroppande leiar kan i vanvare ha opna eit ormebol. Leiinga ser ikkje ut til å stole på at dei tilsette er på jobb når dei skal. Bør det innførast stemplingsur på sjukeheimen?
Enkelte i personalgruppa er for tida på mørke stader, både på det profesjonelle og det private planet; det er for risikabelt for meg å gå i detalj – enno. Sjukefråværet er som vanleg katastrofalt, og når makteliten og media (til dømes FHI, som snart blir velfortent offer for budsjettkutt og nedbemanning) atter ein gong – tru det eller ei – byrjar med virusskremsel, so er det grunn til å passe seg. Eg har tre veker igjen på denne arbeidsplassen, og har ordna det slik at eg jobbar der både jul og nyttår. Absolutt ingen hadde noko i mot det. Med minst tre virus i omløp (korona, influensa og RS-virus) blir eg neppe arbeidsledig. Dette er the final countdown.