Haltepingsane og det kommunale fråværsparadokset

I dette essayet vil eg ta føre meg to fenomen: haltepingsen og det sokalla kommunale fråværsparadokset. Begge delar trugar no etter mitt syn å rasere heile den offentlege helsesektoren, og det einaste som fungerer ser ut til å vere so uetisk og ekstremt at ingen leiarar ønskjer å ta det i bruk.

Fyrst vil eg kome med ei forklaring på ordet «haltepings». Ei av nattevaktene på den aude sjukeheimen brukte det ein gong om personale med dårleg helse som gjekk rundt og halta og som i grunnen ikkje kunne brukast til so mykje fysisk arbeid. Under dei fleste omstende ville einaste løysinga for desse ha vore uføretrygd. Leiinga kom derimot med eit forsøk på å utnytte det vesle desse hadde igjen av arbeidsevne: dei vart alle saman plasserte på den lettaste avdelinga, som var skjerma avdeling. Med «lett» meiner eg her fråvær av tunge stell og rullestolbrukarar. Skjerma avdeling vart dermed kjent som «haltepingsavdelinga». Der tilbragte desse sine siste år i arbeidslivet, før dei uunngåeleg vart skvisa ut.

For å gjere ei lang historie kort: ein haltepings er ein som på grunn av helsemessige utfordringar er lite til nytte på arbeidsplassen; alle går og ventar på at vedkomande rett og slett skal bli vekke.

Antipatien mot haltepingsane skuldast konseptet tilrettelagt arbeid. Arbeidsgjevar gjev haltepingsen fritak frå det tyngste arbeidet. Dette fører diverre til meirarbeid for dei i personalgruppa som framleis har full arbeidsevne, utan at vi får ekstra betaling eller noka som helst anerkjenning av den grunn. Vi jobbar ræva av oss berre for at haltepingsane skal få hinke rundt og stønne i ei handfull år til. Blir det mange nok haltepingsar, vil arbeidsmengda til slutt bli både urimeleg og uuthaldeleg, og då går sjukefråværet opp òg blant dei som ikkje står med eitt bein i karrieregrava.

So går vi over til det som eg kallar det kommunale fråværsparadokset. For tida har den aude sjukeheimen ingen ledige stillingar for faglærte. Det tydar derimot ikkje at der ikkje er personalmangel. Fråværet er like ille. Korleis kan dette ha seg, lurer de sikkert på. Forklaringa er denne: mange av stillingane er opptekne av folk som er langtidssjukemeldte, og som aldri ser ut til å kome tilbake på arbeid. Dei sit heime på ræva og får full lønn, men gjer ikkje eit handverk. Dei dukkar opp på alle slags festlege arrangement slik som julebord og avslutningsfestar, men har knapt vore i ein pleieuniform det siste året. Somme av dei er truleg ikkje fysisk sjuke eingong. Fordi dei er fast tilsette, har dei stillingane sine til odel og eige, og det fører til at friskare og meir arbeidsviljuge folk ikkje får fast stilling – eller noka stilling i det heile.

Sjukeheimen har ingen ledige stillingar, men samstundes alvorleg personalmangel. Dette er det kommunale fråværsparadokset i eit nøtteskal.

Situasjonen er vanskeleg, og leiarane klør seg i skallane. Dei langtidssjukemeldte eig stillingane, og dei kan drive på og skofte jobben på denne måten i heile fire år før dei misser retten til å stå i stillinga. Ein desperat helsefagarbeidar kan ikkje vente i fire år på at ein haltepings skal falle ifrå. Der er ringjevikarstillingar ledige, og dei få arbeidsdyktige vikarane tek alle vaktene dei orkar. Men dette er ikkje ein berekraftig situasjon på sikt. Faktisk er dette det verste som kan råke eit helseføretak. Som eit «brannsløkkingstiltak» fór den nye nestleiaren på stand i nabokommunen, desperat etter å huke tak i vikarar. Der stod ho truleg med eit panikkarta smil og full pleieuniform, væpna med propagandapamflettar frå sjukeheimen som viste smilande ungjenter hand i hand med mørkhuda utlendingar.

Ikkje eit ord i desse brosjyrane er sanne. Det er derimot bileta. For ungjenter og gebrokne utlendingar er alt dei greier å få tak i. Folk som faktisk er gamle nok til å kjøpe øl i butikken, og som kan seie ei grammatisk korrekt setning på norsk, er nemleg berre på utkik etter faste stillingar – til naud eit årsvikariat. Ikkje eit usikkert tilvære som «ring og spring»-vikar som lever frå hand til munn, frå vakt til vakt. Eit slikt liv hadde eg sjølv i seks år, og eg vil heller føde analt enn å byrje på an igjen med den galskapen.

Som eg nemnde i byrjinga av essayet, finst det i teorien berre éin måte å løyse denne situasjonen, og den er uhyre kontroversiell, om ikkje hjartelaus. Dei langtidssjukemeldte må få sverdet pressa mot sine nakne, gullglitrande halsar med følgjande ultimatum: Anten dreg dei seg tilbake på jobb, eller so får dei sjå seg om etter «jobb» hjå ein annan arbeidsgjevar. Lykke til på jobbintervju når du har skofta jobben nesten konstant dei siste fem åra – potensielle arbeidsgjevarar vil le seg skakke. Som forventa var leiinga særs skeptisk til mitt briljante forslag, so eg kasta nok ein gong perler for kommune-svin. Om slike haltepingsar genuint ønskjer å kome tilbake på arbeid, vil dei nok gjere eit ærleg forsøk. Om dei ligg der, vil dei i det minste forlate denne verda som ærlege arbeidsfolk, ikkje som arbeidssky parasittar som vi av leiinga blir truga til å synast synd på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s