Av Thomas Brooke, Remix News. Omsett av saksyndig.
Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært omdøyping av apekoppviruset på grunn av noko dei skildrar som «rasistisk og stigmatiserande språk» tilknytt ordet.
Det globale helseorganet avslørte at viruset no vil bli referert til som «mpox».
Det nye namnet vart bestemt etter rådgjeving med helseekspertar og det breie folkelege lag, og begge orda vil bli brukt om kvarandre i eitt år før apekoppar til slutt blir fasa ut.
«Då utbrotet av apekoppar utvida seg tidlegare i år, vart det observert rasistisk og stigmatiserande språk på nettet, i andre settingar og i somme samfunn, og rapportert til WHO,» sa organisasjonen.
«Etter ein serie konsultasjonar med globale ekspertar vil WHO byrje å bruke eit nytt føretrekt ord ‘mpox’ som eit synonym for apekoppar. Begge namna vil bli brukte samstundes i eit år medan ‘apekoppar’ blir fasa ut,» la dei til.
Viruset vart fyrst identifisert hjå menneske tilbake i 1970 i Den demokratiske republikken Kongo. Det har vore endemisk i visse afrikanske land inkludert Kamerun, Elfenbeinskysten og Nigeria, men var sjeldan rapportert utanfor kontinentet inntil nyleg.
Tilfelle av apekoppar har nyleg blitt rapporterte i 29 land i Europa, so vel som Canada, Australia og USA, der fleirtalet av dei råka er homofile eller bifile menn.
Etter det nylege utbrotet av viruset har nokon i Biden-administrasjonen oppmoda WHO til å revurdere namnet på sjukdommen på grunn av frykt for at det kunne fråstøyte dei som vart oppfordra til å bli vaksinerte frå å gjere dette.