Calhoun sine «museutopi»-eksperiment blir no reelle for menneskeheita når sjølvutsletting, barnemord og kjønnsforvrengingar blir vanlege

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

På 1960-talet skapte ein vitskapsmann ved namn John Calhoun ein «museutopi» der befolkningar av mus ville nyte alt dei trong, essensielt utan å gjere ein innsats: Uavgrensa mengder mat, vatn, leverom, befolkningsvekst utan rovdyr og so vidare. Det byrja med åtte mus, som byrja å reprodusere seg raskt medan dei naut sin nyfunne «utopi» med uavgrensa ressursar. Innan fire år hadde befolkninga derimot blitt utrydda gjennom sjølvutsletting sjølv om alle ressursane dei trong for å overleve var lett tilgjengelege, inkludert rikeleg med leverom.

Kva skjedde med Calhoun sine mus? Han gjentok eksperimentet fleire gonger med mus og rotter. Kvar gong var utfallet det same: Utrydding innan 1588 dagar. (Befolkningar byrja å kollapse etter rundt 560 dagar, for grunnar diskuterte nedanfor.)

Det vi ber vitne til i verda i dag, akkurat no, med den sjølvpåførde utslettinga av menneskeheita, reflekterer nesten perfekt observasjonar frå Calhoun sine «museutopi»-eksperiment. Bortsett frå at no skjer det i menneskeverda.

Filmskaparen Mike Freeman har til og med laga ein film om desse eksperimenta. Den heiter Critical Mass, og du kan lære om det på CriticalMassFilm.com.

Ein bioetikar ved namn Jan Kuban har skrive omfattande om dette på ei side med tittelen PhysicsOfLife.pl. Der, på ei side vigd til Calhoun sitt eksperiment, skildrar han det som «eit av dei viktigaste i menneskehistoria», og han dukkar inn i meininga dette har for menneskeheita. På denne sida skildrar han fasane til liv og tilinkjegjering som «museutopien» gjekk gjennom. Her er eit samandrag:

Fase A – Dag 1 – Føretaks-/kampperioden – Etablering av territorium og reir. Dei fyrste ungane blir fødde.

Fase B – Dag 105 – Utnyttingsperioden – Rask befolkningsvekst. Etablering av sosialt hierarki. Talet avkom er høgare hjå dei som dominerer sosialt.

Fase C – Dag 315 – Stagnasjonsfase – Befolkningsveksten sakkar. Hannar blir feminiserte. Hoer blir aggressive og tek over rollene til hannane. Vald blir vanleg. Sosial uro går i taket. Hannmus byrjar å ta til seg horoller (muse-transkjønnsideologi). Homofili hjå mus/rotter byrjar å dukke opp. Pedofili når eit kritisk nivå ettersom «dei byrjar å ha seg med dei unge». Fruktbarheita fell hjå hoer. Mødrer avviser avkomma sine.

Fase D – Dag 560 – Dødsfase – Befolkninga kollapsar. «Ingen unge overlever». Inga unnfanging skjer lenger. Ikkje-formeirande hoer tek til å ete, stelle seg og sove. Inga interesse i sosialisering. Ingen sosiale ferdigheiter blir lærte av dei gjenverande overlevande. Inga evne til å vere aggressive, som tydar inga evne til å forsvare avkomma eller reiret. Unngåing av alle stressande aktivitetar, inkludert alt som liknar på konkurranse. Intens fokus på stelling og fysisk tiltrekning. Manglande evne til å løyse utfordringar i den verkelege verda. Berre å på utsida framstå som overlegen, men i røynda manglar dei kognitive og sosiale ferdigheiter. Fullstendig ute av stand til å formeire seg, oppdra avkom eller konkurrere om noko som helst.

Utopi fører til utrydding

Som Kuban skriv:

«John Calhoun sin samarbeidar sine konklusjonar:

Dess større befolkning, dess mindre bryr mora seg om reiret og avkomma.

Ikkje-akademiske konklusjonar trekte av folk utdanna i livet:

  • Den prinsipielle faktoren er mangelen på sosial utdanning hjå unge
  • På grunn av overflod av mat og vatn og mangel på rovdyr, var der ikkje behov for å utføre handlingar for å få tak i ressursar og/eller unngå farar. So dei unge har ikkje nokon høve til å sjå slike handlingar, lære (dårlege elevar misser ofte livet) og, seinare, bruke dei effektivt.
  • Utopi (når ein har alt, til ei kvar tid, utan eigen innsats) reduserer ansvar, effektivitet og det å vere klar over sosial avhengigheit, og endeleg, som dr. Calhoun sin studie viser, fører til sjølvutrydding.
  • I motsett fall set vanskelege forhold i verk betre handteringsmekanismar for befolkninga, som fører til at den veks, at den blir styrka.

Lawrence W. Reed, som skriv for FEE.org, legg til følgjande observasjon på alt dette i ein artikkel om framveksten av velferdsstaten:

«Vendepunktet i denne museutopien, observerte Calhoun, fann stad på Dag 315 då dei fyrste teikna dukka opp på eit samanbrot av sosiale normer og struktur. Avvik inkluderte følgjande: hoene forlét sine unge; hannar forsvarte ikkje lenger territoriet sitt; og begge kjønna vart meir valdelege og aggressive. Avvikande åtferd, seksuell og sosial, auka for kvar dag som gjekk. Dei siste tusen musene som vart fødde hadde tendens til å unngå stressande aktivitetar og sette fokuset i aukande grad på seg sjølve.»

Vi ser det same utspele seg i dagens menneskesamfunn

Mange vitskapsfolk har avvist kvar ein samanheng mellom Calhoun sine «museutopi»-eksperiment og menneskesamfunnet, men i åra som har gått sidan desse konklusjonane vart trekte, har menneskesamfunnet etter kvart fått ein slåande likskap med dei sjølvutslettande tendensane til musene.

Til dømes, i dagens menneskesamfunn ser vi at sosialisme/progressivisme lærer barn at konkurranse er dårleg. «Alle er ein vinnar» er vår tids mantra, og dette skaper eit milj der barna ikkje blir utfordra. Faktisk er det ikkje ein gong lenger sosialt akseptabelt å stille barn overfor utfordringar i det heile. Elevar kjem inn på colleges berre basert på hudfarge eller seksuell legning, og konsern tilset folk basert på nøyaktig dei same trekka, uavhengig av meritt. Som Kuban skriv, er den overordna konklusjonen til Calhoun-eksperimenta følgjande:

«Mangelen på utfordringar øydelegg gradvis åtferda til følgjande generasjonar i ei befolkning. Denne degenerasjonen er uunngåeleg og fører til slutt til sjølvutrydding. På grunn av mangel på utfordringar er utryddinga av ei befolkning uunngåeleg. Den varer fleire generasjonar, men kan ikkje stoppast.»

Dette er nøyaktig den vegen som venstreorientert sosialisme/kommunisme/kollektivisme følgjer. Dette set òg søkjelys på farane til borgarlønn [engelsk Universal Basic Income] eller velferdsytingar og trygd. Når du gjev ressursar til befolkningar som ikkje har openberre manglar eller konkurranse, oppdreg desse befolkningane generasjonar av avkom som er ute av stand til å fungere i samfunnet.

Vi ser alle dei andre teikna på muse-utopi-kollapsen i moderne menneskesamfunn òg:

  • Babydrap og abort, og til og med feiringa av drap på unge
  • Uavgrensa homofili og transkjønnsideologi
  • Pedofili og utnytting av unge gjort av eldre medlemmer av samfunnet
  • Auka vald
  • Kollapsande sosiale ferdigheiter, forverra av munnbind og nedstendingar
  • Intenst fokus på sjølvstellande åtferd, som vi ser demonstrert av dagens unge når det gjeld selfies, tilstadevering på sosiale media, obs.
  • Kollaps av fruktbarheit hjå både menn og kvinner; spontanabortar, dødfødslar, manglande evne til å takle motgang
  • Mobbing av visse individ i befolkninga, tilbaketrekking frå sosiale sirklar. Dersom desse musene hadde skytevåpen, hadde der vore massemuseskytingar
  • Fullstendig tilbaketrekking frå biologisk reproduksjon når transkjønnsideologi, pedofili, vald og galskap tek over

Høyrest noko av dette kjent ut? Det høyrest ut som kvar einaste venstreorienterte by i Vesten. Det som musene demonstrerte på 1960-talet, lever venstreorienterte menneske ut på 2020-talet. Den einaste reelle skilnaden er at ein generasjon av mus bruker rundt 50 dagar på å spele seg ut, medan ein generasjon av menneske bruker rundt 20-25 år.

Som eit samandrag: befolkninga sjølv er ikkje problemet. Kollektivisme og velferdsstaten er det som vil føre til sjølvutslettinga av menneskeheita.

Som økonomen Thomas Soewell sa: «Velferdsstaten beskyttar folk frå konsekvensane av sine eigne feil, og lèt ansvarsløyse halde fram med å blomstre blant stadig vidare sirklar av menneske.»

Overflod av mat har gjort menneskeheita svak, privilegert og ute av stand til å reise seg mot ekte utfordringar

Del av sjokket her er korleis enkel tilgang på mat – og fråtseri – har ført til svekkinga av menneskerasen. Der mat og andre ressursar er lett tilgjengelege lærer ikkje barn om konkurranse, mangel, ferdigheiter, sosialisering eller det å oppnå ting. Det er mangel som resulterer i læring og leiarskap, og utan mangel er der berre grådigheit, apati og kollaps.

Det er verdt å leggje merke til at musene aldri gjekk tomme for fysisk rom. Dette var ikkje eit «overbefolkningsproblem» per se. Det var sjølvutsletting med opphav i kollapsen av musene sin kultur. Dei verdsette ikkje lenger konkurranse, oppnåing eller ressursar. Dei vart late, apatiske, sjølvopptekne og forvrengde gjennom det som vi no ville ha kalla LGBTQ-åtferd eller kollektivisme-tendensar, som til sjuande og sist førde til total kollaps av alle levedyktige avkom. Null befolkning var det uunngåelege resultatet.

Desse musene var fangar i ein diger fysisk struktur der dei vart tildelte uavgrensa ressursar. I dag lever åtte milliardar menneske på ein fengselsplanet som gjev dei store mengder mat og gratis pengar, men der menneskekultur og fruktbarheit går raskt til grunne.

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 28.november 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s