Taylor Lorenz i Washington Post heiar på Kina sine nedstengingar medan kommunistpartiet slår valdeleg ned på borgarar

Av Libby Emmons, The Post Millennial. Omsett av saksyndig.

Som respons på ein Washington Post-artikkel om eit covid-utbrot i Kina, som kommunistpartiet (CCP) møtte med sinnssjukt strenge nedstengingar slik som å sveise bebuarar inne i bustadblokker, uttrykte formidlaren sin redaktør og berykta grinebølle Taylor Lorenz støtte for dødelege nedstengingar, og gjekk imot USA for å ikkje handheve strenge covid-restriksjonar.

Artikkelen Lorenz refererte til, av Christian Shepherd og Vic Chiang, handla om korleis Kina sin «null covid»-politikk har ein stor feil, som er den at befolkninga manglar naturleg immunitet.

«Etter fleire månader med berre eit og anna utbrot i landet, har mesteparten av dei 1,4 milliardar menneska aldri blitt eksponert for viruset,» står det i artikkelen.

Lorenz svarte: «Herreguuuud, det finst ingen ‘naturleg immunitet’ mot covid!! Du kan få covid igjen og igjen og igjen-gjen-gjen fordi, lissom, det er so sjuuuukt mange endelaust utvikla stammar, og antistoff blir svakare, atte!!»

«I tillegg,» skreik ho og bar seg vidare, medan ho støtta nedstengingane, «å velje å ikkje, lissom, ta livet av sjuuukt mange millionar sårbare menneske (som USA gjer) er ikkje ein ‘kritisk feil’!!»

Lorenz, som hevda at ho fekk PTSD frå stygge Twitter-meldingar, har vore ein stor forkjempar for vedvarande påbod og restriksjonar i USA. Ho snakkar ofte om «long covid» og problema med å ikkje påleggje restriksjonar på menneske.

Ho oppmuntrar folk til å «for helvete halde kjeft, serr!!» om dei ikkje ønskjer å adressere problemet «long covid».

Lorenz bit hovudet av dei som held fram å leve liva sine som normalt, utan spesifikk bekymring for dette viruset.

Og for Lorenz tydar alt dette at leiarar burde ha «serriøst pusha for covid-beskyttelse for å halde alle trygge!!». Om det er det ho leitar etter, burde nokon late ho få greie på at ho kan flytte til Kina og få dørene til leilegheita si sveist fast, i hennar eigen tryggleik sitt namn.

Med mangelen på statskontrollerte restriksjonar seier Lorenz at individ må «restriksjonere seg sjølve».

«Folkens, heiiii!!!! Dersom de held ein event, kom med covid-tryggleiks-føre-var-tiltak tidleg, tydeleg og, lissom, hald dykk til dei!! Vi er, lissom, framleis i ein pandemi, long covid held fram med å skade sjuuuukt mange folks, og fleire tusen døyr framleis (mange gamle og sårbare)!! De burde bry dykk om å, atte, beskytte dei!!» skriv ho.

Desse restriksjonane i Kina har blitt so intense at etter at eit utbrot ved Foxconn tvinga iPhone-fabrikken til å stengje ned, braut det ut store protestar. På torsdag resulterte restriksjonar i Shanghai til at folk var sperra inne i ei bustadblokk som tok fyr, der bebuarar døydde medan dei var sperra inne. Dette førde til fleire protestar som heldt fram over helga.

Lorenz delte ein tråd frå kontoen @wsbngl, som hånte ideen om at ein nasjon som ikkje oppnådde naturleg immunitet er ein «kritisk feil».

«Tydelegvis er ein ‘kritisk feil’ i Kina sin covid-strategi at dei so langt har mislykkast i å massesmitte befolkninga si (og reinske ut alle desse ubeleileg sårbare kroppane som trugar med å forstyrre økonomisk aktivitet og overvelde sjukehusa,» står det å lese i tråden som Lorenz siterer.

«Det er ærleg tala sjokkerande og skremmande å sjå dusinvis på dusinvis av artiklar frå hovudstraumsmedieformidlarar som har ganske nøyaktig null omtanke for liva til kanskje ein million eller fleire kinesarar som vil døy dersom covid spreier seg utan kontroll,» held den fram, og tviler på at Washington Post-skribentar hadde noka som helst bekymring for det kinesiske folket, og prioriterte liv redda av å ikkje få covid over liv tapte gjennom nedstengingstiltak.

«Ein framstiller seg som uroa for brot på rettar og læst som ein bekymrar seg for dei som ikkje kan få tilgang til mRNA-vaksine. Men det er krystallklart at det faktiske fokuset er den økonomiske plagen og økonomiske trugselen utgjort av Kina som prøver å unngå utbreitt smitte for å unngå massedød. Ingenting av dette antydar at Kina burde følgje ei ‘null covid’-tilnærming. Men det burde bli sett på som eit vanskeleg spørsmål. Der er tydelegvis stor prestisje i å unngå so mykje sjukdom og død. Og der er noko djupt avslørande og urovekkjande rundt det å ikkje sjå det,» konkluderer den.

Washington Post-artikkelen diskuterer korleis Kina sin innsats for å slå ned spreiinga av det utruleg smittsame viruset har blitt forkludra sidan regjeringa sine «stadig strengare tiltak mislykkast i å halde tritt med meir smittsame variantar.» Motstridande retningslinjer har gjort ting på bakken desto meir forvirrande.

Mange større byar, inkludert Beijing, Guangzhou og Chongqing, har blitt tvinga tilbake til hald-dykk-heime-ordrar, der handlesenter, skular og museum stengjer ned. Karantine-fasilitetar sprett opp i konferansesenter, som dei gjorde då pandemien byrja.

World Economic Forum har òg erklært støtte for Kina sine covid-restriksjonar, der Klaus Schwab seier: «Vi burde vere særs varsame i å innføre system,» konkluderte han, «men den kinesiske modellen er visseleg ein særs attraktiv modell for eit temmeleg stort tal land.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s