Tucker Carlson: «Det er på tide vi snakkar om elitepedofili-problemet»

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

I årevis har det blitt sett på som ein vill konspirasjonsteori kokt i hop i kjellaren til ein eller annan ekkel pizzarestaurant i Washington D.C. I dag har derimot «elitepedofili-problemet» blitt eit samtaletema i hovudstraumsnyheitene, i det minste på Fox der Tucker Carlson openlyst adresserte det i eit nyleg innslag.

Carlson diskuterte korleis dei på dei høgste nivåa av politikk, finans og underhaldning utfører barnerov og bruker uskuld som drivkraft for sine globalistiske føretak. Han snakka òg om Jeffrey Epstein, som sjølv etter å ha blitt arrestert for å ha seksuelle forhold til mindreårige var dus med sånne som Oprah [Winfrey].

«Korleis gjorde han det?» spurde Carlson under innslaget. «Kvifor sa ikkje nokon noko? Kvifor heldt folk fram med å ete med han?»

«Vel, vi kan i det minste konkludere, basert på evidensen at der finst toleranse for pedofili hjå somme, blant dei mektigaste i samfunnet vårt, ein toleranse som du ikkje vil finne i, lat oss seie, den gjennomsnittlege amerikanske middelklassefamilien.»

Alle som seier ifrå om pedofili går til åtak på LGBT-samfunnet, seier venstreorienterte

Der er òg eit problem med selskap som vil tekkjast rikfolk, der Balenciaga er blant dei mest framtredande; dei trykkjer opp i tryna på folk at den sokalla «eliten» er unge-tuklarar som elskar å vise det fram til folket.

Balenciaga køyrde nyleg ein annonsekampanje som viste bilete av talrike døme på sex med barn. I eitt av dei såg ein ei særs ung jente liggje med ansiktet ned på ein sofa omgjeven av stearinlys, tomme vinglas og eit hundehalsband på stovebordet.

I ein annan Balenciaga-annonse ser ein same jenta, som no tydelegvis er ein småunge, stå og halde ein bamse medan ho er kledd i seksuelt bondage-utstyr, inkludert eit lærbandkostyme.

Å vise fram denne forma for obskøn vondskap er den nye norma blant dei superrike, som forresten fekk mykje av rikdommen sin frå skattebetalarar. USA er verkeleg det sjukaste systemet du kan førestille deg, og alt blir trykt opp i trynet på deg.

«Det biletet viste bilete frå ei Høgsterettsmeining som nedla veto mot ei lov laga for å bekjempe barnepornografi,» forklarte Carlson om korleis denne Balenciaga-annonseserien med vilje var laga for å håne folket på denne måten.

«Kven som enn iscenesette fotoserien forvissa seg om at det vart inkludert ein del av den meininga som bruker ordet ‘sex’ eller ‘seksuell’ fire gonger, og dette var naturlegvis ikkje eit uhell. Balenciaga ville at du skulle leggje merke til det. Dette såg ut som ei stor historie for oss då vi fortalde dykk den i går kveld. Her har du eit stort internasjonalt merke som fremjar barneporno og sex med ungar, og dei fremjar det ikkje subtilt, men fullstendig openlyst.»

Det konsern-kontrollerte media på venstresida insisterer i mellomtida, saman med venstreorienterte politikarar, at å seie ifrå om denne perversjonen og vondskapen er gale fordi det representerer eit åtak på «LGBT-samfunnet».

Med andre ord, det å misbruke, valdta og no lemleste barn med transkjønnsideologi er alle berre ulike fargar på LGBT-«regnbogen» som burde bli respektert medan andre menneske lever ut «si sanning».

Dette er ståstaden til Demokrat-ordføraren i New York, Eric Adams, som er blant dei vi såg ete middag med Epstein etter hans arrestasjon. Er Adams pedofil òg? Kva med Oprah?

«Media har inga interesse i å dekkje seksualiseringa av barn,» seier Carlson. «Deira interesse – og det er ei særs intens interesse, som ein kan sjå – er å øydeleggje alle som klagar over seksualiseringa av barn, eller som til og med legg merke til det. Å leggje merke til det, fortel dei oss, er eit åtak på LGBT-samfunnet.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s