Fauci innrømmer at han baserte sine fram til då usette nedstengingar av den amerikanske økonomien på drakoniske tiltak brukt av det kommunistiske regimet i Kina

Av Jim Hoft, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.

På onsdag [23.november 2022] kalla Missouri sin generaladvokat Eric Schmitt, saman med Lousiana sin generaladvokat Jeff Landry, inn Anthony Fauci (leiar i National Institute of Allergy and Infections Diseases [NIAID]) frå National Institutes for Health [NIH] i Bethesda, delstaten Maryland.

The Gateway Pundit rapporterte i mai at Missouri og Louisiana sine generaladvokatar begjærte eit søksmål (Missouri v. Biden) mot Biden-administrasjonen, inkludert Joe Biden sjølv, Anthony Fauci, Department of Homeland Security og nesten eit dusin føderale byrå og sekretariat.

Fauci vart kalla inn på onsdag. Og Jim Hoft i The Gateway Pundit og advokat John Burns var til stade under møtet og såg på høyringa i sju timar.

Under høyringa innrømte dr. Fauci at han fekk ideen om dei fram til då usette økonomiske nedstengingane i USA frå dei drakoniske tiltaka sett i verk av det kommunistiske kinesiske regimet.

Fauci sendte sin mangeårige kohort Clifford Lane til Kina i februar for å vurdere situasjonen. Lane vart mektig imponert over dei kinesiske tiltaka og pressa ideen på dr. Fauci.

Naturlegvis stilte ikkje Fauci spørsmålsteikn ved informasjonen trass at Kommunist-Kina er kjent for falsifisert informasjon.

Frå høyringa:

«John Sauer: ‘Og Mister Lane, etter å ha kome tilbake frå turen, sa at kinesarane handterte dette på ein særs strukturert, organisert måte, stemmer det?… Diskuterte du Mister Lane si erfaring med han då han kom tilbake frå WHO-turen?’

Dr.Fauci: ‘Svaret er at det gjorde eg… Dr. Lane var særs imponert over korleis frå ein klinisk folkehelseståstad kinesarane handterte isolasjonen, kontaktsporinga, bygginga av fasilitetar for å ta seg av menneske, og det er kva eg trudde han meinte då han sa at dei handterte dette på ein særs strukturert, organisert måte.’

Sauer: ‘So han trekte den konklusjonen at der ville måtte vere ekstreme – med hans ord – tiltak for å påby sosial avstand for å få utbrotet under kontroll; korrekt?’

Fauci: ‘Det er det som dette antydar, ja… Han diskuterte med meg at kinesarane hadde ein svært organisert måte å prøve å halde utbrotet tilbake i Wuhan og andre stader. Han fekk ikkje høvet til å fare til Wuhan, men han var i Beijing, og eg trur andre byar – iallfall Beijing – og han nemnde at dei hadde ein svært organisert, velregimentert måte å handtere utbrotet.’

Sauer: ‘Og so hadde han ein temmeleg positiv reaksjon på det. Hadde USA noko å lære når det gjaldt responsen deira på utbrotet?’

Fauci: ‘Eg trur dr. Lane kom til den konklusjonen at når du har eit utbreitt luftvegsvirus, so er det å innføre sosial avstand-tiltak ein særs vanleg og effektiv måte å slå ned den raske spreiinga av sjukdommen… Dr. Lane er ein særs klok klinikar, og eg har alle grunnar til å tru at hans evaluering av situasjonen var nøyaktig og korrekt.’»

Dr. Aaron Kheriaty, ein saksøkjar i saka, publiserte ein lang tråd på Twitter knytt til denne Fauci-innrømminga.

Fauci frårøva amerikanarar deira grunnlovsfesta rettar basert på høgst suspekte resultat frå kinesarane. Det innrømte han under vitnesbyrdet sitt på onsdag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s