Zelensky skuldar Russland for å gjere vinteren om til eit masseøydeleggingsvåpen

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky har skulda Russland for å bruke den komande vinteren som eit «masseøydeleggingsvåpen».

Han kom med denne påstanden tysdag 22.november via ei videomelding vist under eit møte i Foreininga for franske ordførarar.

«No, like før vinteren, står vi overfor ein av dei største trugslane sidan byrjinga av full krig,» sa Zelensky. «Kreml har teke avgjerda om å halde fram åtaka på energifasilitetar – å gjere vinterens kulde om til eit masseøydeleggingsvåpen.»

Som respons på at ukrainske sabotørar bruker som mål sivile og ikkje-militær infrastruktur langt innanfor Russlands grenser, gjekk russiske væpna styrkar til åtak på den ukrainske energi-infrastrukturen, spesielt kraftverk.

I ein tale til det ukrainske parlamentet sa statsminister Denys Shmyhal at russiske åtak har som mål understasjonar og nettverk som fraktar elektrisitet frå kraftverk og andre energiproduksjonsfasilitetar til ukrainske heimar og føretak.

«På grunn av dette er det stundom umogleg å frakte store mengder elektrisitet til visse regionar eller distrikt,» sa han. Shmyhal sin påstand vart støtta av Maksym Timchenko, adm.dir. hjå Ukraina sin største private energiindustri-investor, DTEK.

«Desse åtaka er ikkje retta mot kraftgenererande fasilitetar for å hindre oss i produsere elektrisitet, men mot sambandssystem knytte til det ukrainske energisystemet,» sa Timchenko. «Eg trur det russiske militæret [konsulterer] sine kraftingeniørar og at dei forklarer korleis ein skal forårsaka maksimal skade på energisystemet.»

Verdas helseorganisasjon sa at minst 10 millionar ukrainarar – rundt ein fjerdedel av befolkninga før krigen – for tida manglar straum. Den ukrainske regjeringa la til at dei har «70 vedlikehaldsmannskap og over 1000 kvalifiserte spesialistar» som arbeider utan stans for å utføre reparasjonar der desse er naudsynte.

Zelensky bruker vinter for å drive lobbyverksemd for meir bistand

I sin appell til dei franske ordførarane, vippa Zelensky lett frå å åtvare om russiske åtak, til å bruke desse hendingane for å hauste sympati og potensielt meir bistand.

«For å kome oss gjennom denne vinteren og ikkje late Russland gjere kulden om til eit verktøy for terror og undertrykking, treng vi mange ting,» sa Zelensky. Han oppmoda den franske ordførargruppa om å sende generatorar, finansiell og logistisk støtte for av-mineringsoperasjonar og anna utstyr for å hjelpe Ukraina sine naudtenester og medisinsk personell.

«For oss handlar det ikkje berre om utstyr. For Ukraina er dette vern mot terror,» la han til. «Eg ber dykk om å vere særs konkrete med hjelpa dykkar og å støtte landsbyane og samfunna mot terrorisme.»

I ei separat melding sa Ukrainas utanriksminister Dmytro Kuleba at det landet treng framfor alt, ikkje er utstyr for å hjelpe sivilbefolkninga med å overleve vinteren, men våpen for å halde krigen gåande.

«Våpen forblir ein topp-prioritet for diplomatar. Med forskyvinga av agressor-staten til missilterror mot byane våre og folket vårt, har dette arbeidet blitt endå meir hastande,» sa Kuleba.

Dette klippet frå NewsMax diskuterer korleis ukrainske styrkar slår til mot ikkje-militære mål i internasjonalt anerkjent russisk territorium, noko som tvingar Kreml til å gjengjelde ved å ha som mål ukrainsk energiinfrastruktur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s