Ansiktslamminga til Justin Bieber er «straff» for å avsløre Illuminati-pedofili

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ein Hollywood-insider har avslørt at Justin Bieber trur at hans nylege motbør er ein fysisk manifestasjon av den mørke kreftene som tok kontroll over kroppen og sjela hans etter at han slutta seg til Illuminati på byrjinga av karrieren.

Hald dykk fast i seta, for dette kjem til å bli vilt.

I juni avslørte Bieber at han leid av ansiktslamming, etter å ha blitt diagnostisert med Ramsay Hunt-syndrom. 28-åringen, som har vore på sin Justice-verdsturné, formidla at nylege konsertar har «råka han særs hardt» og at han treng meir tid til å «kvile seg og bli betre».

Tidlegare i år, 10.mars, vart Biebers supermodell-kone Hayley Bieber råka på liknande vis av ei anna uvanleg liding. 25-åringen sat ved eit bord med mannen då ho fekk eit minislag, noko som kravde at ho straks vart innlagt på sjukehus.

Bieber trur at lidingane deira er den fysiske manifestasjonen av innsatsen deira for å bryte ut av Illuminati-underhaldningsindustrien og bryte kontrakten sin med «den svarte prinsen».

Han har prøvd å bryte ut av industrien sidan 2017, då han fortalde hundrevis av menneske i ein bibelstudie-klasse i Los Angeles at han hadde «vakna opp» til «vondskapen i musikkindustrien» og måtte kome seg ut fordi den er «kontrollert av den absolutt verste typen menneske – pedofile».

Bieber var fast gjest i ein bibelstudie-klasse halden på Montage Hotel i Beverly Hills, og i juli 2017 delte han med samlinga det som han skildra som ei «skrekkeleg historie» og forklarte kvifor han følte at han måtte avslutte verdsturneen sin.

Bieber skildra ein fest – der det øvste sjiktet i musikkindustrien deltok, inkludert sjefar, produsentar, agentar og internasjonale finansfolk – der han vart oppmuntra til å seksuelt misbruke eit ungt barn som hadde blitt frakta til festen for å seksuelt tilfredsstille industrieliten.

«Eg ville ikkje gjere dette. Eg ville det verkeleg ikkje. Dei sa at dette barnet var dopa, det var frykteleg,» sa Bieber, og forklarte at det vart gjort tydeleg for han at han ville få tilgang til «forretningssida av industrien» dersom han «vart med i klubben» ved å bestå opptaksrituala.

«Eg kom ikkje berre til å vere ein artist, eg kom til å bli ein mogul. Den vegen ville opne opp for meg, som den gjorde for Jay-Z.»

«Det er skilnaden mellom å vere ein millionær og vere ein milliardær.»

Men Bieber fortalde samlinga at han ikkje kunne gjere det.

«For å bli med i klubben måtte eg gjere vonde ting mot denne stakkars ungen. Men då innsåg eg at dette ikkje var nok for dei. Eg ville òg ha måtte drepe dette vesle barnet.»

Bieber sa at han hadde høyrt rykte om denne typen innviging i musikkindustrien, men han hadde ikkje blitt konfrontert av det før.

«Eg vart fortalt at dei filmar desse festane hemmeleg. Når dei fyrst har deg på video der du gjer noko sånt som dette, eig dei deg.»

Bieber sa at samvitet hans er reint fordi han ikkje deltok, men lagnaden til det neddopa barnet heimsøkjer han.

«Dei sa at denne ungen vart valdteken av nokre fyrar. Dei sa at han blødde. Eg kom eg ut derifrå, men eg høyrde at han døydde og det heimsøkjer meg.»

Biebers urovekkjande forteljing, som vart fullstendig sensurert av hovudstraumsmedia for å beskytte industrielitane, sluttar seg til bølgja av skuldingar frå kjendisar og musikarar om den ekte naturen til musikk- og underhaldningsindustriens Illuminati.

Corey Feldman og Elijah Wood har begge stått fram i opptak der dei eksponerer pedofilien i hjartet av Hollywood. Disney-barnestjerner inkludert Bella Thorne varslar om den ekte naturen til industrien.

Ifølgje Elijah Wood blir uskuldige unge liv øydelagde for å tilfredsstille «folk med parasittiske interesser» som «ser på deg som byttet sitt». I eit intervju med Sunday Times kom Wood med ein serie bomber om dei pedofile som styrer industrien, og sa at «Det føregjekk tydelegvis noko stort i Hollywood. Det heile var organisert.»

Dersom du les Washington Post eller ser på CNN, er ikkje pedofili eit problem, og dei som snakkar om det er tinnfolie-konspinissar som driv og spreier «falske nyheiter». Men fleire og fleire stjerner står fram med liknande historier om det moralsk forderva Hollywood og musikkindustri-systemet, inkludert den tidlegare Disney-stjerna China McClain som nyleg eksponerte kor djupt satanismen går i Hollywood.

Hollywood-våghals Mel Gibson er ein annan som har snakka om underhaldningsindustri-pedofili, og sa at Hollywood-studio er «gjennomvått av blod frå uskuldige barn» og at forbruket av «baby-blod er so populært i Hollywood at det essensielt fungerer som sin eigen valuta».

Hollywood-elitar er ein «fiende av menneskeheita som stadig handlar i strid med våre beste interesser» og «bryt kvar gudegjevne tabu kjent for mennesket, inkludert den ukrenkjelege naturen til barn», sa Mel Gibson i London medan han promoterte rolla si i Daddy’s Home 2, hans mest framtredande rolle på skjermen på årevis.

«Det er ei open hemmelegheit i Hollywood. Desse folka har sine eigne religiøse og åndelege læresetningar og sine eigne sosiale og moralske rammeverk. Dei har sine heilage tekstar – dei er sjuke, tru meg – og dei kunne ikkje vere meir i strid med kva USA står for.»

Mel Gibson var med på Graham Norton Show på BBC i 2017, og han tok sine medgjester i skule backstage om den ekte naturen til underhaldningsindustri-kontrollmatrisen.

Han forklarte at han brukte dei siste 10 åra med å «jobbe med mine eigne idear, utanfor Hollywood-systemet» etter at han vart svartelista i 2006 for å dele meiningar om industrien og verda som går mot liberal ortodoksi, og sa: «Eg veit ikkje korleis eg skal pakke det inn… Hollywood er institusjonalisert pedofili.»

«Hollywood er gjennomvått av blodet til uskuldige barn. I lang tid var alle referansane til pedofili og kannibalisme symbolsk eller alluderande. Men eg vart personleg introdusert til praksisen på tidleg 2000-tal. Eg kan snakke om dette no fordi desse folka, sjefane, er døde no.»

«Blodet til eit seksuelt misbrukt småbarn er sett på som høgt ‘berika’ og har ein høg pris. Pengar byter hender, tenestene, bestikkelsane – du har ikkje peiling. Babyar er ein høgtfungerande valuta for seg. Babyar tilsvarer beste merke av høgkvalitets-kaviar, kokain-diamant-biff.»

Men ifølgje Gibson er ikkje dette månadens smak-perversjon, populært blant menn og kvinner som har blitt leie av standard-synder.

«Dette er ikkje noko nytt i det heile. Dersom du gjer litt research vil du sjå at det er eit metafysisk alkymi-fenomen, og du kan finne det bak scenene i alle dei mørke æraene i historia.»

«Det er ein mørk, multidimensjonal, okkult kunst og praksis, brukt av hemmelege samfunn dei siste hundreåra for sosial programmering og tankekontroll, og som har nådd sitt høgdepunkt i Hollywood i USA i vår æra.»

Hovudstraumsmedia gjekk raskt til åtak på Gibson sine avsløringar, erklærte dei falske og laga eit minnehòl av dei. Ein kjendis kan ikkje snakke ut mot systemet utan å bli stilna og straffa. Gibsons karriere har ikkje vore den same sidan.

Nyleg har Nicole Kidman og Lindsay Lohan òg snakka ut mot pedofili i Hollywood, før dei trekte det tilbake, prøvde å dekkje spora sine og låst som dei aldri sa det dei sa. Lohan og Kidman forstår alvoret i konsekvensane for dei som svik industrien.

Nære venner av Chris Cornell, Chester Bennington, Coolio og Anne Heche har stått fram med oppsiktsvekkjande like historier, og avslørt at stjernene arbeidde med å eksponere pedofili-ringen i hjartet av musikkindustrien – og det kosta dei liva deira.

Justin Bieber sjokkerte fansen sin ved å avlyse verdsturneen sin og formidle at han trong å vere vekke frå musikkindustrien ei tid. No kjem påstandane om at uføret hans, helseproblema og hans nylege fall i unåde i musikkindustrien er straff for å svike musikkindustri-Illuminati og prøve å bryte laus frå det enorme kontrollsystemet.

Bieber leitar no etter ein prest for å utføre ei åndeutdriving for å bli kvitt den «mørke spiritualiteten» som han seier at han inviterte inn i kroppen sin på byrjinga av karrieren.

Vi kan berre ønskje han lykke til i sine føretak.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s