Millionar av dyr, insekt og fuglar vandrar plutseleg i sirklar overalt i verda – ingen veit kvifor

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Eit nytt, merkeleg fenomen har teke Internett med storm nyleg. Millionar av dyr, insekt og fuglar har blitt filma vandre rundt i sirklar i dagevis, stundom fleire veker over heile kloden – og ingen veit kvifor.

Medan ekspertar vrir hjernane for å finne ei forklaring på dette bisarre fenomenet, tilskriv somme denne underlege åtferda sjukdom, endringar i Jorda sitt magnetfelt, dårleg fôr, parasittiske hjerneormar, eksperiment ved CERN, ei komande polforskyving eller hopp i den elektromagnetiske strålinga.

End of the American Dream rapporterer: I tidleg november byrja ein saueflokk i nordlege Kina å vandre i sirklar igjen og igjen.

Dette gjekk føre seg i nesten to veker, og bilete frå denne åtferda har spreidd seg særs raskt på ymse sosiale medieplattformer:

«Bisarre videoar spelte inn på ein kinesisk bondegard viser ein saueflokk vandre i sirklar i nesten to veker utan stans. Denne underlege åtferda gjer observatøren – og eigaren til sauene – fullstendig perplekse i det dei prøver å avgjere kva som står bak dette. Opptaka vart gjorde tidlegare denne månaden i det nordlege Kina.

Eit overvakingskamera på ein lokal gard spelte inn hundrevis av sauer som vandra i sirklar med klokka inne i kvea [inngjerdinga]. Ikkje alle dyra vart med på dette med éin gong; dei såg på dette frå midten av flokken før dei slutta seg til resten av medsauene.»

Sjølv våre digre konsernmedieformidlarar har snakka om desse sauene i Kina, men i mange tilfelle har dei bestemt seg for at dette kan ein le av.

Vi håper der ligg ei svært enkel forklaring bak kvifor sauene vandra i sirklar i slik ein lang tidsperiode [12 dagar ifølgje YouTube-videoen over; oms.komm.].

Ifølgje ein ekspert som vart intervjua av Newsweek, kan dette rett og slett vere eit tilfelle der sauene vart ekstremt frustrerte fordi dei var i kvea sopass lenge:

«Ei potensiell forklaring har blitt delt av Matt Bell, ein professor og direktør ved Landbruksdepartementet ved Hartpury University i Gloucester, England.

‘Det ser ut som om sauene er i kvea i lange periodar, og dette kan føre til stereotypisk åtferd, med den gjentekne sirkelvandringa på grunn av frustrasjon over å vere i kvea og bli avgrensa [når det gjeld kor dei kan fare]. Dette er ikkje bra. Då blir dei andre sauene med på dette sidan dei er flokkdyr og knyter seg til eller sluttar seg til vennene,’ fortalde Bell til Newsweek.»

Kanskje Bell har rett.

Men kvifor driv so mange andre dyr, insekt og fuglar òg og vandrar i sirklar over heile planeten?

Det vi er vitne til no er ikkje berre avgrensa til ein saueflokk i nordlege Kina.

Dette ser ut til å vere noko som skjer over heile verda, so vi treng ei forklaring som kan ta dette med i reknestykket.

Eg kom over ein artikkel som skuldar det faktum at somme duer i Storbritannia har vandra i sirklar som «zombie-aktige vesen» på grunn av ein viss virussjukdom:

«Ein virussjukdom har gjort duer i Storbritannia om til zombie-aktige vesen – og får dei til å utvikle vridne halsar og vandre rundt i sirklar, seier dyreekspertar.»

Sjukdommen er kjent som «due-paramyxovirus», og vi blir fortalt at dette «kan påverke duer og andre fjørkre»:

«‘Der har vore ein auke i talet bakkebundne duer som har kome inn på JSPCA Animals’ Shelter dei siste vekene, der mange har vist nevrologiske symptom slik som vridne halsar, sirkelvandring eller manglande ståevne,’ sa dyreredningstenesta som er basert i St. Helier, Jersey.

Dei sa at sjukdommen ser ut til å vere due-paramyxovirus, som er skildra som ‘ein alltid dødeleg virussjukdom som kan påverke duer og andre fjørkre’.»

So dette kan vere ei forklaring på kvifor mange fuglar har vandra rundt i sirklar, men det forklarer ikkje kvifor so mange sauer, høns og insekt har blitt påverka.

Det vi treng er ein teori som kan dekkje alt vi har vore vitne til.

Under har eg delt ei rekkje videoar som visstnok dokumenterer dette fenomenet. Som de kan sjå, ser der visseleg ut til å vere mykje fotodokumentasjon der ute. [Sjå originalartikkelen for videoane, sjå to videoar på YouTube om fenomenet, her og her; oms.komm.]

Eg ønskjer verkeleg at eg kunne fortelje dykk kvifor dette skjer.

Men det kan eg ikkje.

Kanskje er dette mykje styr over ingenting.

Lat oss vente og sjå om denne uforklarlege åtferda held fram.

Vi lever utan tvil i særs underlege tider, og eg trur at dei snart vil bli mykje meir underlege.

Sanning er merkelegare enn fiksjon, og eg trur at vi vil sjå ting skje i åra som kjem som vil gå forbi alt som våre science fiction-forfattarar noko sinne kunne koke i hop.

So dersom de trur ting er sprø no, berre vent, fordi det vil ikkje vare lenge før hendingar på denne planeten byrjar å bli verkeleg bisarre.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s