Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.
Dr. Thomas Binder er ein sveitsisk hjartelege med meir enn 34 års erfaring i å behandle luftvegsinfeksjonar. Han fekk ei doktorgrad i immunologi og virologi, og er spesialist i indremedisin og kardiologi frå Universitetet i Zürich. Binder er ein intelligent mann som vart vurdert som sinnslidande av den sveitsiske regjeringa for å snakke ut mot covid-retningslinjer.
Dr. Binder har vore ein open kritikar av covid-restriksjonar sidan byrjinga av pandemien. 9.april 2020 kritiserte hjartelegen regjeringa sin respons på covid, og kom med sin eigen analyse av viruset. Han publiserte tankane sine på si private nettside, og innlegget vart sett meir enn 20 000 gonger.
Tre dagar seinare, éin dag før påske, kom 60 væpna politibetjentar og 20 medlemmer av Kantospolizei Aargau si antiterror-eining og fjerna dr. Binder med tvang frå heimen hans. Styresmaktene gjennomsøkte legen sin Internett-aktivitet og kunne ikkje finne noko å bruke mot han. Derimot kom ein akuttmottakslege som arbeidde med styresmaktene og gav dr. Binder diagnosen «korona-galskap». Han vart sperra inne på eit psykiatrisk sjukehus fordi han stilte spørsmål ved covid-forteljinga.
Likevel nektar han å late seg stilne. Han er no medlem av Doctors for COVID Ethics og Dei tyske legane og vitskapsfolka for Helse, Fridom og Demokrati. Eg applauderer han for å framleis snakke ut mot koronavirus-mandat trass regjeringa sitt ynkelege forsøk på å stilne han.
Eit intervju med dr. Thomas Binder, «How Psychology Was Weaponized To Suppress Truth In The Age Of COVID», kan sjåast her.