Hjartelegen Thomas Binder tvinga inn på sveitsisk psykiatrisk sjukehus for å offentleg åtvare mot covid-nedstengingar

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein europeisk lege som vart dregen av garde til eit psykiatrisk sjukehus av den sveitsiske regjeringa fordi han åtvara folket mot Wuhan koronavirus (Covid-19)-nedstengingar og annan tyrannisk praksis i byrjinga av bløffdemien, snakkar ut om det som han gjekk gjennom.

I eit intervju med journalist og bidragsytar til Children’s Health Defense (CHD), Taylor Hudak, avslørte hjartelegen Thomas Binder korleis han vart terrorisert av 60 væpna politibetjentar, inkludert 20 frå Kantospolizei Aargau si anti-terroreining, kjent som ARGUS, etter at han publiserte eit blogginnlegg 9.april 2020, der han nøye analyserte dei mange uvitskaplege tiltaka som fyrst vart påtvinga folk på den tida.

Binder sin artikkel gjekk raskt viralt, og fekk 20 000 treff nesten straks, noko han tok som eit positivt teikn på at offentlegheita var mottakeleg for bodskapen hans. Uheldigvis vart òg politiet merksamt på den, og dei skulda Binder for å vere ein trugsel både mot seg sjølv og den sveitsiske regjeringa.

Etter å ha blitt raida av dusinvis av agentar frå politiet, vart Binder avgjort å ikkje utgjere ein trugsel mot nokon. Han er, trass alt, ein erfaren lege med 24 års erfaring innan diagnostikk og terapi mot luftvegsinfeksjonar, og har hatt privat praksis i Sveits i 24 år.

«I februar 2020 var dr. Binder forkjempar for tilbakevendinga av etikk og vitskap i medisinfeltet,» forklarer rapportar. «Han snakka ut om uvitskaplege restriksjonar, påbod, den feilslegne PCR-testinga, osb. på si personlege nettside og på sosiale media. Dr. Binder seier at det var plikta hans som lege å informere folket om sanninga om Covid-19.»

Den sveitsiske regjeringa gav dr. Binder diagnosen «koronagalskap», før dei sperra han inne på ein psykiatrisk institusjon

Betjentar saumfór Binder sine andre blogginnlegg, sosiale medieinnlegg, og til og med e-postane hans, noko som fekk dei til å konkludere at han er nøyaktig det han seier at han er: ein lege som, basert på vitskaplege vurderingar, avgjorde tidleg at covid-hysteri er ein psykisk sjukdom.

Trass dette bad betjentar ein akuttmottakslege om å evaluere Binder i etterkant av raidet, der det vart avgjort at han leid av «koronagalskap», som er ein fullstendig oppdikta «sjukdom» som vart brukt for å forfølgje han og tvinge han til å bli institusjonalisert.

Binder tilbragte ei tid i ei psykiatrisk eining før han til slutt vart sleppt ut. Det at han vart sleppt ut var derimot på vilkår, mot at han tok ei form for farmasøytisk legemiddel-cocktail.

No er Binder tilbake for å praktisere medisin og gjere det han alltid har gjort. For tida er han styremedlem i det sveistiske «Aletheia, humanmedisin og -vitskap» og er i tillegg medlem av både Doctors for Covid Ethics og ei gruppe ved namn German Physicians and Scientists for Health, Freedom and Democracy.

Binder er òg ein av dei 22 vitskapsmennene som skreiv Corman-Drosten Review Report. Arbeidet hans, inkludert blogginnlegg, artiklar, presentasjonar og intervju, kan lesast på hans personlege nettside.

«Alle som tok del i dette lureriet burde bli fengsla og tvinga til å ta dei same legemiddela,» skreiv ein lesar om kva Binder sine forfølgjarar burde bli gjenstand for som straff for dei brotsverka mot menneskeheita som dei utførde.

«Akkurat som sovjetarane frå gamle dagar, gjer den nye klassen av tyrannisk søppel det same,» la ein annan til. «Dei har ingen nye idear fordi ideologien deira er ein blindveg og følgjarane deira er dumme som brød.»

«Sender dei vanlegvis 60 væpna politibetjentar for å pågripe folk som seier negative ting om ‘vaksinane’, sperrar denne personen inne på galehus, og tvingar dei til å ta psykofarmaka?» spurde ein annan.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s