Ikkje lenger hemmeleg: WEF-grunnleggjar Klaus Schwab og globalistmilliardær George Soros erklærer at Vesten må styre slik som «rollemodellen» Kina

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Der burde ikkje finnast skugge av tvil om at Vesten sine globalistiske elitar ønskjer at verdas demokrati forsvinn, og at milliardar av menneske skal bli styrt av tyranniske regime slik som det i Kina.

Førre veke under eit intervju på kinesisk TV, innrømte World Economic Forum-grunnleggjar Klaus Schwab dette då han påstod at kommunistregimet i Beijing burde tene som «rollemodell» for resten av planeten.

Schwab kom med kommentarane sine til den kinesiske journalisten Tian Wei, verten for «World Insight»-programmet på det Beijing-styrte China Global Television Network; bakgrunnen for intervjuet var det nylege G20-toppmøtet i Bali, Indonesia, som nettsida Newspunch rapporterte.

På spørsmål om utfallet av toppmøtet, lovpriste Schwab avtalar om politiske prioritetar, der ein av provisjonane seier: «I dagens kritiske augneblink for den globale økonomien, er det essensielt at G20 føretek handgripelege, presise, raske og naudsynte handlingar, bruker alle tilgjengelege politiske verktøy, adresserer vanlege utfordringar, inkludert gjennom internasjonalt makropolitikk-samarbeid og konkrete kollaborasjonar. Ved å gjere dette forblir vi forplikta til å støtte utviklingsland, spesielt dei minst utvikla landa og små øystatar, i å respondere på desse globale utfordringane og oppnå berekraftmåla. På linje med det indonesiske G20-presidentskapstemaet – Recover Together, Recover Stronger – vil vi utføre koordinerte handlingar for å setje fram ein agenda for ei sterk, inkluderande og motstandsdyktig global tilfriskning og berekraftig utvikling som gjev jobbar og vekst.»

Men Schwab sa at regjeringar må gjere meir.

«Vi må ha ei strategisk stemning,» sa han. «Vi må konstruere morgondagens verd. Det er ei systematisk forvandling av verda.» Leiarar, sa han, må «definere» korleis verda «burde sjå ut» etter «denne forvandlingsperioden».

Separat, i eit intervju i Financial Times sitert av Newspunch, sa Soros at Kina – som sjølv har som mål å erstatte USA som verdas rådande supermakt – burde få ei større rolle på verdsscena.

«Eg trur dette ville vere tida for det, fordi de lyt verkeleg føre Kina inn i skapinga av ein ny verdsorden – finansiell verdsorden,» sa Soros. «Dei er på ein måte motviljuge medlemmer av IMF [Det internasjonale pengefondet]. Dei speler med, men dei bidreg ikkje med mykje fordi det er ikkje i deira institusjon. Andelen deira er ikkje av same storleik – stemmerettane deira er ikkje av same storleik – til vekta deira.»

«So eg trur de treng ein Ny verdsorden som Kina må vere del av prosessen med å skape, og dei må kjøpe seg inn. Dei må eige den på same måte som eg sa at USA eig… Washington-konsensusen… den noverande ordenen, og eg trur dette ville vere ein meir stabil ein der du ville ha koordinert politikk,» hevda han.

Faktisk ville situasjonen ha blitt mindre stabil fordi igjen, Kina er eit autoritært regime med rundt ein sjuandedel av verdas befolkning; Kina ønskjer ikkje likeverd; Kina ønskjer å dominere. Og det vil tyde at alle verdas regjeringar kjem til å spegle det tyranniske regimet i Beijing, dersom dei ønskte å ‘vere med på leiken’ og ta del i dei økonomiske formuane som Kina til slutt vil kontrollere (utan ei større vipping av Vesten vekk frå Beijing og mot sjølvberging).

Medan det å framandgjere Kina òg kan risikere konflikt, kan ikkje Vesten rett og slett gje etter for Kina sin autoritarisme heller. Og likevel trur den globale vestlege eliten at dette er den einaste vegen vidare.

Kina arbeider med å oppnå dette gjennom sitt «Belt and Road Initiative».

Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) innfører ein multidimensjonal strategi i Karibia, spesielt, som kan ha det endelege målet om å byggje militærbasar i regionen. Situasjonen ser ut til å tilsvare det som Kina har gjort i Sør-Kina-havet, der Folkets frigjeringshær bygde nye øyar og militariserte dei, trass lovnader om at dei ikkje skulle gjere det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s