Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.
Disney+ vart tekne i å promotere satanisme gjennom å bruke barn i ein julespesialserie. Under programmet vart barn instruerte til å halde opp brev der det stod «We Love You Satan».
Det kontroversielle produksjonsnummeret var med i serien på abonneringskanalen ved namn «Santa Clauses», som er ei nyinnspeling av den tidlegare familiekomedie-trilogien «Santa Clause». [Santa Claus = julenissen, men clause = klausul; oms.an.]
The Gateway Pundit rapporterte: «Forsvararar av serien hevdar at scena der barn held opp breva der det skal stå ‘We Love You Satan’ og er berre éi av dei mange komiske scenene i filmane, men foreldra ler ikkje.»
Analytikarar kommenterer at massemedia og underhaldningskonglomeratet ikkje lenger skjuler sin «vonde» agenda. Disney har vore i elden dei siste åra for å fremje woke-ideologiar slik som kjønnsskifteoperasjonar og andre former for «grooming»-idealisme. No har det eskalert til å promotere satanisme.
Ifølgje New York Times, har Disney si direktesalseining samla opp 1,5 milliardar dollar i underskot i siste kvartal.
Balenciaga sine urovekkjande annonsar får massiv motbør
I mellomtida har luksusmotemerket Balenciaga òg fått massiv motbør for å fremje «vond» agenda ved bruk av barn.
Selskapet kom med ei orsaking for sin BDSM-tematiserte annonseringskampanje der det var unge barn som heldt opp bamsar i bondage-kostyme og rettsdokument relatert til barnepornografi.
«Vi vil med dette adressere kontroversen rundt våre nylege annonsekampanjar,» sa det spanske motehuset i eit Instagram-innlegg 28.november. «Vi fordømmer på det sterkaste barnemishandling; det var aldri vår intensjon om å inkludere slikt i forteljinga vår.»
«Dei to separate annonsekampanjane det gjeld reflekterer ein serie alvorlege feil der Balenciaga tek fullt ansvar.»
Den fyrste kampanjen, som involverer bamsar kledd i BDSM-utstyr «burde ikkje ha hatt barn til stade». Balenciaga skulda på eit «gale val» og at dei «mislykkast i å vurdere og validere bilete» for nummeret.
Den andre kampanjen sitt sett-design «gjenskaper eit forretningskontormiljø». Balenciaga tydeleggjorde at dokumentet i nemnde annonse var USA v. Williams-avgjerda frå 2008 av Høgsteretten, som bestemte at fremjinga av barnepornografi er ulovleg og ikkje beskytta av First Amendment [ytringsfridommen].
«Alle tinga inkludert i denne [foto-sessionen] kom frå tredjepartar som bekrefta skriftleg at desse gjenstandane var falske kontordokument. Dei viste seg å vere ekte juridiske dokument, mest sannsynleg frå filminga av eit TV-drama,» forklarte merket.
Balenciaga si orsaking kom tre dagar etter at dei begjærte søksmål mot North Six, produksjonsselskapet som dei hyra for den andre kampanjen, der dei bad om 25 millionar dollar. Set-designar Nicholas Des Jardins og selskapet hans stod òg som saksøkte i 25.november-klagen. Interessant nok var ingen av fotografane for den fyrste og andre kampanjen på lista over saksøkte.
I mellomtida har Internett-detektivar grave djupare i dette temaet og spora opp selskapet sin interne stylist, Lotta Volkova, som har ei urovekkjande historie på sosiale media, som nyleg vart gjort privat. Twitter-kontoen @curioslight eksponerte Volkova for å vere i eit forhold med ein anklaga pedofil. Twitter-meldingstråden inkluderte «Vi kan ikkje berre boikotte #Balenciaga, men òg folka bak den.»
Den russiskfødde stylisten, som òg lagar design for Adidas og vart skildra av Vogue som ein «super-stylist», skal visstnok vere særs oppteken av urovekkjande bilete av satanisme, barn i naud og bamsar i bondage, basert på hennar no private Instagram-nyheitsstraum, som nyheitssida Namal skriv.