Den danske statsministeren skjemt ut over covid-19-«vaksinar»

Av Mac Slavo, SHTFPlan.com. Omsett av saksyndig.

Kent Nielsen, leiar i det danske politiske partiet Frihedslisten, konfronterte nyleg statsminister Mette Frederiksen over støtta hennar og promoteringa hennar av dei sokalla «covid-vaksinane». Alle medlemmer av herskarklassen oppmuntrar eller til og med tvingar andre menneske til å late seg injisere med desse sprøytene, uavhengig av utfallet.

Den nyleg nyvalde 44-årige statsministeren vart fortalt av Nielsen at 83 000 danskar har døydd av dei kontroversielle vaksinane, og meir enn 150 000 har blitt skadde. Mette nekta å svare Nielsen, som vart fysisk angripen og dytta vekk av livvaktene hennar, rapporterer 9 For News.

«Kva føler du rundt det faktum at du laug om immunitet i eit år?» spurde han; like etter instruerte livvaktene han om å halde avstand.

«Korleis kan du sove om natta når du veit at du skader og drep danskar?» spurde Nielsen. «Du må føle deg skuldig, Mette.» Statsministeren var fullstendig stille, ifølgje ein rapport frå RAIR.

«Er det ikkje vanskeleg å leve med deg sjølv når du myrdar og skader ditt eige folk?» spurde han. «So du er berre iskald? Iskvinna som ikkje bryr seg om at ho drep og skader andre menneske. Og so seier skiltet på bussen din ‘Lad oss passe på fremtiden!’. So ‘kvinna som hevdar å vere ‘statsministeren til barna’ driv og myrdar danske barn og danske vaksne. For so å stikke av frå det heile. Det er sprøtt.»

Dansk politi redda statsminister Frederiksen frå elden. Ein betjent fekk Nielsen til å legitimere seg, gje ut sitt personnummer og gje ut ID-kortet sitt; etter det stoppa han å filme. Nielsen samarbeidde med politiet og stoppa filminga. Før han skrudde av kameraet, kan du høyre han seie «Og der slepp ho unna i mordarbussen sin. Avskyeleg!»

Folk byrjar sakte, men sikkert å finne ut at desse «vaksinane» ikkje er det vi vart lovde at dei var. Etter kvart som denne informasjonen blir meir utbreidd, vil motstanden mot medisinsk tyranni vekse.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s