Etter meir enn eit års hardt, heiderleg, samfunnsnyttig arbeid på ein liten sjukeheim i ein aude utkantkommune, fekk eg i oktober i år beskjed frå leiinga at eg ville stå utan tilsetjingsforhold hjå dei ved nyttår. Årsvikariatet som eg fekk i januar 2022 går ut ved årsskiftet, og dei har gjeve tydeleg uttrykk for at dei ikkje vil fornye det under nokon omstende. Dei har nemleg ingen ledige helsefagarbeidarstillingar. Det dei seier er heilt korrekt, men sjukeheimen har likevel framleis alvorleg personalmangel ettersom so mange fast tilsette er sjukemeldte på ubestemt tid. Dei eig stillingane sine, og desse kan difor ikkje lysast ut. Alt fråværet må difor dekkjast inn med vikarar, og dei veks ikkje på tre i våre tider. Denne situasjonen har skapt det eg kallar det kommunale fråværsparadokset.
Då eg fekk tilbod om og takka ja til årsvikariatet i desember 2021, vart eg lovt av dåverande konstituert leiar (ho som visstnok var med på «Naked Attraction») at eg skulle få fast stilling i 2023 om alt gjekk bra. I oktober i år gjorde både ho (som no er i ny jobb) og leiinga det kjent for meg at dei hadde ei anna erindring om kva dei hadde sagt – dei meinte at dei aldri hadde kome med slike lovnader. Derimot fekk ein annan helsefagarbeidar den faste stillinga eg hadde søkt på, og eit vikariat hadde blitt oppretta berre for meg for å dekkje mellombels fråvær i personalgruppa. Helsefagarbeidaren som fekk stillinga som eg hadde krav på, har sidan vore nesten berre sjukemeldt. Ein annan helsefagarbeidar som i same periode òg vart fast tilsett, har hatt liknande fråværsstatistikk, og må titt og ofte ringjast og vekkjast om morgonen fordi vedkomande ser ut til å vere eit ekstremt B-menneske. Til samanlikning er eg aldri sjuk, møter presis og har aldri fråvær frå jobb – men meg vil dei sparke på ræv ut bakdøra når året er omme.
Eg meinte, og meiner, at det har skjedd eit brot på Arbeidsmiljølova sin paragraf om at ein arbeidstakar skal tilsetjast fast. Eg fekk ikkje ei offisiell grunngjeving i arbeidsavtalen om kvifor vikariat hadde blitt valt. I tillegg vart eg usakleg forbigått ved at kvalifikasjonsprinsippet vart brote – den tilsette som fekk den faste stillinga er langt yngre enn eg, og har dermed langt mindre arbeidserfaring. Leiinga er ueinige. Pleie- og omsorgssjefen antyda ved eit høve at leiinga i grunnen ikkje stoler på meg, og at det var grunnen til at dei gav meg eit vikariat i staden for den faste stillinga eg søkte på. Dei kjende «uvisse» over at eg ikkje ville bruke referansar frå ein viss sjukeheim i ein større vestlandsby. Tydelegvis meinte leiinga i fullt alvor at eg skulle bruke som referansar dei som prøvde å få meg avskjediga.
Resonnementet var følgjande: Ved å ikkje bruke referansar frå arbeidsgjevaren eg jobba hjå i 15 år, vart den samanlagte erfaringa mi mindre enn erfaringa til den som fekk den faste stillinga eg hadde søkt på. Her ignorerte dei dermed totalt attestane som eg trass alt hadde frå den arbeidsgjevaren. På grunn av mangel på referansar meinte dei dermed at det ikkje var brot på kvalifikasjonsprinsippet å gje den faste stillinga til ein langt yngre kandidat. Catch-22-et oppi dette er at dersom eg hadde brukt ein viss vondsinna einingsleiar og ein psykisk ustabil avdelingsleiar som referansar, ville eg heller ikkje fått noka stilling. Då ville eg sannsynlegvis ikkje heller fått noko vikariat.
Helseleiinga i utkantkommunen har etter mitt syn gjort ei bekymringsverdig vurdering. Dei nektar meg meir arbeid, og tilset samstundes meir eller mindre sjuklege arbeidarar som genererer fråvær og personalmangel i bøtter og spann. Den eine av dei opplyste til og med under jobbintervjuet at helsa hennar ikkje var god – ho fekk fast stilling utan kontrovers. Om dette er gjort av inkompetanse, eller om det ligg ein agenda bak, er uvisst.
Fagforeininga mi feiga som forventa ut, og denne gongen var det fordi min hovudtillitsvalde òg er med i utvalet som avgjer kven som skal tilsetjast. Rolla til vedkomande i dette utvalet forbaud personen å hjelpe ein betalande medlem i naud. Ingen såg ut til å bry seg nemneverdig om at ein trufast, påliteleg og dyktig tilsett ville bli arbeidslaus frå og med nyttår. Å kvitte seg med ein stabil, påliteleg og dyktig tilsett på denne måten er utan tvil i strid med målgruppa, sjukeheimsbebuarane, sine interesser. Og snakkar ein om sola: somme av bebuarane uttrykte sorg, sinne og vantru då dei høyrde at eg ikkje fekk jobbe der lenger. Fleire av dei tilsette stilte seg undrande til at eg av alle måtte finne jobb ein annan stad fordi leiinga ikkje ville ha meg der lenger.
Som eit resultat av denne useriøse praksisen frå den kommunale leiinga i det gudsforlatne avholet, måtte eg nok ein gong hive meg rundt og søkje på jobbar. Denne gongen væpna eg meg med solide referansar frå den aude sjukeheimen. I motsetnad til hausten 2021, var det ingen som trekte i tvil verken mi fysiske eller mentale (!) helse. At eg er uvaksinert kom det heller aldri på tale å spørje meg om – no ser vaksinestatus blant helsepersonell ut til å vere irrelevant, og eit pinleg kapittel dei helst vil leggje bak seg i all stillheit. To potensielle arbeidsgjevarar var ivrige etter å få meg inn i arbeidsstokken, spesielt då eg sa at eg aldri var sjuk eller vekke frå jobb. Frå og med nyttår skal eg byrje å jobbe på ein diger privat sjukeheim i ein større vestlandsby, og eg slepp dermed å vekependle til ingenmannsland og betale to husleiger.
Ein skulle tru at kollegaene på den aude sjukeheimen ville bli glade, og same om dei likar meg eller ikkje, burde gleda ha vore der likevel. Om dei hatar meg, blir dei kvitt meg so fort året er omme. Om dei likar meg, burde dei vere glade for at eg har fått meg ny jobb, slik at eg ikkje misser leilegheita, hamnar på gata og blir eit offer for elementa. Eg tok feil. So fort min komande avgang frå stillinga vart kjent i personalgruppa, kalla noverande leiar og den nye nestleiaren meg inn til eit «spontanmøte» der eg vart konfrontert med usanne påstandar frå kollegaer som ikkje ville stå fram med namn. Eg kjende meg på ingen måte igjen i påstandane, som gjekk ut på at eg forsømte bebuarane og ikkje gjorde jobben min. Det skal òg ha blitt reagert på at eg fortalde til personalgruppa at eg kom til å bli arbeidsledig. Leiar nekta å fortelje kven som meinte dette, og når dette skal ha skjedd.
Eg ante ugler i mosen. Sidan desse anonyme klagane fyrst dukka opp etter at det vart kjent at eg måtte finne meg ny jobb, og eg ikkje hadde fått ein einaste klage frå verken kollegaer eller leiinga i det året eg hadde jobba der, kunne intensjonen til den eller dei som hadde kome med desse klagane ha vore å gje meg dårlege referansar frå arbeidsplassen, slik at det vart vanskelegare for meg å finne ny jobb. Med tanke på erfaringane mine frå den førre kommunale sjukeheimen, kom ikkje akkurat mistankane mine ut av det blå.
Ein vennlegsinna kollega av meg kalla dei anonyme klagane for «simpelt slarv», men var ueinig i mine mistankar om at vedkomande kan ha hatt vondsinna intensjonar. Ho meinte at desse påstandane kan ha blitt slengt ut i vanvare, ettersom fleire i personalgruppa ikkje akkurat er mentalt oppegåande for tida. Hjernetåke, forvirring og underleg åtferd blir meir og meir norma på arbeidsplassen, og det blir meir og meir tydeleg at ein viss «vaksine» har skulda. Mikroblodproppar i hjernen kan gje ein slags vaskulær demens som svekkjer dei kognitive evnene til folk. Og alt sjukefråværet (folk ser ut til å få «korona» i eitt sett for tida) kan skuldast at mRNA-sprøytene har svekt immunforsvaret, slik at folk blir meir mottakelege for infeksjonar. Vi begge er uvaksinerte, og aldri sjuke.
I beste fall kan kollegaer ha misforstått situasjonar mellom meg og bebuarane. På grunn av til tider ekstrem personalmangel, og uvettig bruk av tilrettelagt arbeidstid, var eg i periodar mykje åleine på ei særs uroleg avdeling. Dette var mest synleg i vaktskiftet, då uroa blant dei demente bebuarane var størst. Diverre såg kollegaene ikkje ut til å ta seg bryet med å spørje meg om kva som faktisk skjedde, og gjekk i staden til leiinga med si uriktige tolking av situasjonen.
I verste fall er denne feilformidlinga gjort med overlegg – og då kan ein stille spørsmålet kvifor dei driv på slik. Kva vinn dei på å skade meg?
Om kollegaer er i ein slik mental tilstand at dei slengjer ut usanne, karriereskadande påstandar til leiinga om ein kollega, er dei då psykisk skikka til å ta seg av eldre og skrøpelege sjukeheimsbebuarar? Eller, for å stille spørsmålet utifrå kva eg personleg trur: Om kollegaer konspirerer for å lage karrieremessige problem for ein kollega, har dei då eigentleg den etiske og moralske haldninga som krevst for å jobbe med eldre og pleietrengjande?
Det at dei faktisk gjekk til leiinga og klaga over at eg uttrykte misnøye over å bli arbeidsledig, tydar i tillegg på at dei manglar empati for situasjonen min. Manglar dei empati overfor meg, er det fare for at dei òg manglar det overfor bebuarane. Vil pårørande verkeleg at slike menneske skal ta seg av deira kjære?
Det eg beit meg spesielt merke i, og som eg aldri kjem til å gløyme, var følgjande ord frå noverande leiar under det merkelege møtet: «Du skal ikkje snakke med kollegaene dine om problema dine, for dei kan ikkje hjelpe deg likevel.» Har ho høyrt om noko som heiter emosjonell støtte? Tydelegvis ikkje. Slik framferd og slike haldningar ber preg av ein autoritær leiarstil, og ein slik leiar sin største trugsel er kollegaer som snakkar saman og kjem til den konklusjonen at slike som ho er som gift for det psykososiale arbeidsmiljøet.
No ser det heldigvis ut til at alt kjem til å gå bra med meg. Arbeidskontrakten er underskriven og tilsetjinga i ny jobb er eit faktum. Det skal eksepsjonelle hendingar til for å sabotere karrieren min no. Det kunne ha gått mykje verre. Same om kollegaene gjorde dette mot meg med vilje eller ved eit uhell, kunne eg i verste fall ha risikert at leiinga snakka meg ned som referansar, noko som beviseleg skjedde hausten 2021. Mangel på intensjon gjer ikkje utfallet av ei handling noko betre.
Nyleg arrangerte personalgruppa avslutningsfest for noverande leiar, som i likskap med meg skal byrje i ny jobb over nyttår, eit trinn høgare opp i det kommunale hierarkiet. Ein liknande fest har enno ikkje blitt halden for meg. Ingen kollegaer har gjort nokon forsøk på å forsvare meg overfor leiinga. Dei einaste som har forsøkt å forsvare meg er faktisk bebuarane. Det gjer dei rett i, for det er fyrst og fremst dei som får lide på sjukeheimen når eg forsvinn.
Eg rundar av med dette spørsmålet: er dette inkompetanse eller vondskap?
Støtter deg i denne saken, Saksyndig!
Dette er dessverre det moderne og gjennombrutaliserte arbeidslivet, hvor ingen regler blir fulgt. At man leverer kvalitet i jobben gjelder dessverre ikke lenger. De siste årtiers arbeidsliv har gått fra vondt til katastrofe faktisk. Men at man er en «spyttslikker», som har ett mål for øye, nemlig å klatre på stigen, det blir premiert! (selv om du er inkompetent til både marg og bein!)
Det er derfor man ser så mye rart i diverse lederstillinger. Udugelige «fuckheads», som ikke kan noe av det dem holder på med annet enn å leke «sjefer».
Folk som har sleika seg fra «golvet» og inn i stillinger og verv i eksempelvis både det korrupte LO og Arbeidstilsynet. Og når dem blir bedt om å gjøre jobben sin , ser de blasse ut i trynet fordi de kreves noe av dem. Faen! Må jeg hjelpe noen!? Eller, gjøre jobben min!?
Men de som sleiker seg opp, sklir gjerne på hue og ræv ned igjen. Sannheten kommer som regel alltid for en dag og de blir avslørt. Det er jo derfor verden «funker» så bra, (ironi), når de fleste «systemer» er bygd av sånt søppel. Ærlighet, punktlighet, redelighet, faglighet… det som faktisk betyr noe, teller ikke allikevel!?
Har selv opplevd en mye faenskap bakover i tid og måtte i mange tilfeller stå helt alene. Kjenne meg derfor godt igjen i flere ting som beskrives i artikkelen din, og vet hvordan det føles, selv om yrkene våre er forskjellige.
Håper du greier å komme over i «noe annet» – som det heter, på nyåret og ønsker det beste i så måte.
Takker for god og viktig blogg og håper ikke det stopper!!
LikarLikt av 1 person
Takk for fine ord, Morten 🙂
Eg har ingen planar om å slutte med bloggen, so Saksyndig vil halde det gåande òg i 2023.
LikarLikar