Leiarar, nestleiarar og sjølverklærte leiarar, del 2

«Christine» var ei høg, biletvakker brunette som hadde bikka 40. Ho var del av ein trio av to andre høge, biletvakre brunetter, der barndomsvenninna «Karla» og verneombodet «Synnøve» var dei to andre elementa. Både Karla og Synnøve såg ut til å konkurrere med Christine om å utføre leiaroppgåver, ettersom Christine hadde ein leiarstil som gjorde ho særs upopulær. Denne trioen, denne klikken, denne vesle jentegjengen, utgjorde kjernen i avdelinga.

Avdelinga eg jobba i, bestod stort sett av pleiepasientar og andre med omfattande bistandsbehov. Dei hadde alle langt utvikla demens. Christine sin formelle tittel var «bugruppeleiar», ettersom avdelingane på sjukeheimen vart kalla «bugrupper». Ho var med andre ord avdelingsleiar, det lågaste trinnet blant kommunale mellomleiarar.

Christine og eg var ofte fagleg ueinige om kva som var god eldreomsorg. Vi hadde totalt ulik erfaring. Eg hadde jobba i nær sagt alle felt med unntak av rus og psykiatri, medan ho berre hadde jobba i eldreomsorga. Ho var utdanna omsorgsarbeidar, som saman med hjelpepleiar vart slått saman til helsefagarbeidar på 2000-talet. For å uttrykkje meg snillast mogleg, hadde Christine ei detaljfokusert tilnærming, medan eg såg på heilskapen. Vi hadde mildt sagt ikkje ein særleg god kjemi. Dåverande einingsleiar fungerte difor som meklar mellom Christine og meg og hindra at usemje eskalerte. Eg og han var viktige allierte på arbeidsstaden, fram til han i desember 2020 pensjonerte seg og ein ny einingsleiar byrja i hans stilling.

Christine var ein dyktig og erfaren omsorgsarbeidar. Ho var etter mitt syn diverre ikkje ein so god leiar. Eg var ikkje åleine om å ha det synet. Ingen på sjukeheimen hadde særleg høge tankar om ho, sjølv ikkje barndomsvenninna Karla. Faktisk sa Karla ein gong at Christine aldri burde ha blitt leiar, og at ho hadde vore lykkelegare om ho hadde halde fram som omsorgsarbeidar i staden for å ta på seg den notorisk krevjande leiarrolla. Dei to andre avdelingsleiarane i etasjen rista på hovudet og himla med auga over Christine sin stressa veremåte og si manglande evne til å «puste med magen» og rett og slett slappe av. Verneombodet Synnøve var i open opposisjon til sjefen sin. Ein gong hadde dei to høge, vakre brunettene ein høglytt diskusjon om tilberedning av poteter (!). Synnøve var ifølgje Karla misunneleg på Christine fordi Synnøve i si tid hadde søkt på, men fått avslag, på leiarstillinga som «outsideren» Christine fekk.

Denne 40-årige gruppeleiaren hadde private utfordringar. Mannen hennar fann seg ei ny dame og kravde skilsmisse. Christine flytta ut av eit digert hus og inn i ei blokkleilegheit. Ungane hennar byrja å vere saman med mannen sin nye kjærast, noko som utan tvil fall Christine tungt for brystet. Ho hadde fleire tilfelle av langtidsfråvær frå jobben, og sjølve fråværsgrunnen var gjenstand for strengt hemmeleghald. Karla meinte at Christine kunne lide av depresjon.

12.mars 2020 erklærte den offisielle forteljinga – i strid med Grunnlova – at vi hadde ein «pandemi» i Noreg. Alt stengde ned, bebuarane vart sperra inne på avdelinga, og alle skulle halde avstand og framfor alt halde kjeft om den høgst kritikkverdige stoda. Mitt eige privatliv gjekk til helvete, og det same var tilfellet med Christine.

På nyåret 2021 erklærte Erna Solberg og Bent Høie at det no var på tide med ein «sosial pause». Dei som trudde at koronaen var over, vart både skuffa og sjokkerte. Nedstengingane og dei tåpelege «tiltaka» heldt fram, og no skulle alle vaksinerast. Christine viste stadig fleire teikn på uro, depresjon og til tider underleg åtferd. Då personalgruppa åt pizza under eit personalmøte, installerte Christine ei flaske med handsprit midt på bordet. Alle måtte sprite hendene før dei tok i pizzahjulet. Då ho som den fyrste forsynte seg, kom ho til å sprute industriell sprit over mesteparten av pizzaene, slik at ingen av dei kunne etast. Det var for meg temmeleg openbert at ho sleit psykisk.

Det heile eskalerte på ei dagvakt i slutten av januar 2021. Eg og ein dement rullestolbrukar var åleine i avdelinga. Ei synleg sliten og herja Christine kom inn i avdelinga. Ho stoppa opp, såg på meg med svarte auge og byrja å skrike og rope om «avstand», «munnbind», «mutantvariant» og «smitte». Bebuaren, som var i andre enden av det store rommet, vart like skremt som eg vart. Eg hadde aldri sett Christine i slik ein tilstand tidlegare. Ho såg ut til å ha mista forstanden.

Eg visste ikkje anna råd enn å ta ho med ned til den nye einingsleiaren, for ho kunne definitivt ikkje vere på avdelinga i denne tilstanden. Kanskje ho burde fare til fastlegen og få ei sjukemelding. Og kanskje henvisning til DPS i same slengen. Dette var openbert eit samanbrot, og eg vurderte ho som ein fare for bebuarane og dei tilsette.

Nede på kontoret til einingsleiar braut helvete laust. Christine påstod med høg, skingrande stemme at ho hadde sett meg i bebuarnær relasjon utan munnbind, og at fleire i personalgruppa hadde sagt det same; ho ville ikkje seie kven. Eg skjønte ikkje bæret. Oppe i avdelinga hadde eg vore minst ti meter frå den einaste bebuaren som var i lokalet; eg hadde nettopp teke av meg munnbindet for fyrste gong på tre timar. Einingsleiar var allereie i harnisk over at eg hadde delt «COVID-filmen 2020» på Facebook-gruppa til dei tilsette – hennar meiningar om meg var difor allereie farga. Då eg gjentekne gonger prøvde å forklare at sjefen min nettopp hadde hatt eit nervøst samanbrot, avbraut einingsleiar meg kvar gong ved å rope «time-out» på innpust og utpust. Den koleriske dama kasta meg ut av kontoret utan at eg fekk forklare meg, medan Christine vart verande.

Dagen etter fekk eg skriftleg innkalling til «drøftingsmøte», og sjølve ordet vakte djup uro i meg; eit drøftingsmøte er nemleg noko arbeidsgjevar kallar inn til når dei har tenkt å seie opp ein tilsett. Eg har erfaring som verneombod frå tida i ambulerande team, og på den tida (våren 2021) var eg òg tillitsvalt på arbeidsplassen.

Christine var til stade både under det fyrste møtet (der eg etter beste evne forsvarte meg sjølv i total mangel av hjelp frå fagforeininga) og det andre møtet (der eg fekk skriftleg advarsel til trass for mine protestar; den var jo gjeven på feilaktig grunnlag). Begge gongene hadde ho som einaste person i rommet på seg munnbind. Ho såg synleg sjuk og sliten ut, langt eldre enn sine 40 år. Ho bevega seg og høyrdest ut som ei gammal dame.

Same dagen (i mitt fråvær) heldt ho det som personalgruppa oppfatta som eit underleg personalmøte, der ho anklaga dei tilsette for å behandle bebuarane som barn og objekt (ho brukte orda «barnliggjøring» og «tingliggjøring» i møtereferatet). Dagen etter vart ho sjukemeldt. Ifølgje Karla leid Christine av «viral utmatting». Eg kunne ikkje hugse at Christine hadde lide av ein fysisk sjukdom på noko tidspunkt. For å få viral utmatting må ein fyrst og fremst ha hatt eit virus, og ingenting tyda på at Christine hadde hatt det. Og om ho hadde hatt det… Å gå på jobb med symptom på noko som helst virus i 2021 måtte vel kunne karakteriserast som uansvarleg.

I vekene framover var avdelinga mi i praksis utan gruppeleiar. Næraste leiar vart difor einingsleiar, og eg hadde ikkje akkurat grunn til å stole på ho; ein plutseleg skriftleg advarsel utan forsøk på å opprette dialog er ein uberekneleg og ureieleg måte å leie på, og svært øydeleggjande for tilliten arbeidstakar har til arbeidsgjevar.

Trioen av høge, vakre brunetter hadde no blitt redusert til ein duo: barndomsvenninna Karla og verneombodet Synnøve. Eg følte meg stadig meir marginalisert og utstøytt frå gruppa – sjølv om eg var tillitsvalt, og sjølv om eg hadde rettleiaransvar for ein elev. Vi prøvde etter beste evne å få avdelinga til å gå rundt. Alle helsefagrelaterte oppgåver gjekk som vanleg. Då var det verre med dei administrative. Vi heldt ingen personalmøte på over tre månader. Eg og Synnøve laga ved eitt høve saksliste til eit personalmøte, men sakslista forsvann frå avdelinga på mystisk vis. Seinare nekta Synnøve kvar ein kjennskap til denne sakslista. Einingsleiar brukte seinare det mot meg at eg åleine hadde laga saksliste «utan å konferere med næraste leiar». Ho ignorerte fullstendig det faktum at vi på den tida ikkje hadde nokon næraste leiar.

Christine kom etter langt om lenge tilbake i gradert sjukemelding i tidleg mai 2021. Det gjekk ikkje so bra. Ved eitt høve kom fagsjukepleiaren opp på avdelinga og fortalde meg og ein lærling at Christine under dagens leiarmøte hadde blitt beden om å forlate arbeidsplassen. Då eg etterpå spurde einingsleiar om dette stemte, braut dama ut i raseri og anklaga meg for å spreie usanne rykte. Eg forklarte ho roleg at eg hadde høyrt «ryktet» frå fagsjukepleiaren. Seinare kom fagsjukepleiaren tilbake til avdelinga med eit forpint, skremt uttrykk i ansiktet og fortalde at «ei fjør hadde blitt til fem høns»: Christine hadde av eigen vilje forlate arbeidsplassen fordi ho kjende seg uvel. Fagsjukepleiaren beklaga på det sterkaste at ho hadde kome med slik «feilinformasjon».

Til slutt vedtok eg, Synnøve og resten av personalgruppa i fellesskap at Karla skulle ta på seg leiarrolla. Ho hadde ei syster som var avdelingsleiar, og fekk difor mykje råd og rettleiing derifrå. Eg skreiv til einingsleiar at ho burde konstituere Karla som avdelingsleiar. Einingsleiar reagerte med å kalle meg inn til møte der ho anklaga meg for misforståing av mi eiga rolle, og for å gje folk titlar som ikkje var reelle. Eg var tilsett som helsefagarbeidar, ikkje rådgjevar. Tre veker seinare kalla einingsleiar oss inn til vårt fyrste personalmøte sidan byrjinga av februar (dette var slutten på mai). Der vart Karla formelt konstituert som avdelingsleiar.

So nyleg som oktober 2021 møtte eg ein tidlegare kollega på eit kjøpesenter i nærleiken av sjukeheimen. Då hadde eg fått meg ny jobb, og ikkje hatt kontakt med nokon kollegaer frå den førre arbeidsplassen. Eg spurde den tidlegare kollegaen om stoda på sjukeheimen. Christine var framleis sjukemeldt. Karla var framleis konstituert. Ifølgje kollegaen stakk Christine innom sjukeheimen av og til, men det var uklart kva ho faktisk gjorde der. Kanskje er det arbeidsretta tiltak i regi av NAV. Situasjonen skulle vere slik til «over jul». Då Karla vart konstituert i mai, skulle stoda vere slik til september. Mållinja hadde med andre ord blitt flytta. Christine hadde nok prøvd (og feila) fleire gonger å vende tilbake som gruppeleiar. Einingsleiar og Karla ser ikkje ut til å ville vedkjenne seg at situasjonen har blitt permanent. Christine er ute av spelet slik eg ser det. Psykisk sjukdom er ikkje ein brytar ein kan skru av, sjølv ikkje når arbeidsgjevar krev det.

I ettertid lurer eg på om Christine rett og slett prøvde å dekkje over sitt nervøse samanbrot ved å skulde meg for brot på retningslinjene. Folk i panikk gjer rare og drastiske ting. Det gjer òg folk som er psykisk sjuke. Eg kan berre spekulere, ettersom alt relatert til Christine sitt fråvær var gjenstand for strengt hemmeleghald. Nokon vil openbert at dette ikkje skal kome ut, sjølv om åtferd åleine kan vere ein klar indikator på at noko ikkje stemmer oppi hovudet. Klart, Christine si helse er ei privatsak. Men når ho valde å lyge for å redde sitt eige skinn på denne måten, er dette særs ille av ein leiar. Det er forsøk på å skade ein dyktig tilsett sitt gode namn og rykte, og er nesten å rekne som justismord eller karakterdrap.

Påstandar frå ein person som hadde klare teikn på psykisk ubalanse vart openbert rekna som gyldige nok til å danne grunnlag for ein skriftleg advarsel. Einingsleiar trudde hysteriske Christine, men ikkje relativt rolege meg. Dette kan kome av at leiarar på alle nivå blir sett på som ufeilbarlege: den Gud gjev embete, gjev han òg vit, ser dei ut til å tru. Der finst òg ein annan dimensjon. Feil blant leiarar blir dyssa ned på grunn av sjølve den kommunale maktstrukturen. Ved å innrømme at bugruppeleiaren dummar seg ut, dummar òg denne sine overordna seg ut, ettersom det jo var dei overordna som tilsette bugruppeleiaren i fyrste omgang. Dei gjorde etter mi meining ei bekymringsverdig vurdering ved å tilsetje ein openbert psykisk sjuk person i ei leiarstilling.

Men tilbake til dynamikken mellom leiarar, nestleiarar og sjølverklærte leiarar. I dette døme C var rollene openberre: Christine var leiar, medan Karla og Synnøve veksla mellom å ta på seg leiarrolla. Men eg hadde ein finger med i spelet der òg: I Christine sine lange fråværsperiodar var eg den som hadde legevisitt og det overordna ansvaret for bebuarane på mi eiga avdeling. Karla og Synnøve innsåg at eg hadde langt meir erfaring og kunnskapar enn dei sjølve, so difor fekk eg utføre akkurat den spesifikke leiaroppgåva i store delar av 2018 og 2019. Dei pårørande var svært fornøgde med omsorga deira kjære fekk på mi avdeling, og trass fråværet av ein eigentleg leiar var avdelinga mi med god margin den best drivne på heile sjukeheimen.

Den overordna likskapen mellom døme A, B og C var at ein upopulær leiar gjorde det naudsynt for enkelte tilsette å ta på seg leiarrolla «i smug», og overta meir og meir leiaroppgåver heilt til den eigentlege leiaren valde å forlate skuta. Prosessen kan best skildrast som eit kommunalt mytteri utan bruk av vald og makt. Eg har grunn til å tru at denne kløktige prosessen nok blir nytta over heile Noreg. Ein leiar bør difor vere på vakt dersom det tilsynelatande blir mindre og mindre å gjere på jobb. Om avdelinga fungerer utmerka når sjefen er vekke, burde det dukke opp eit raudt flagg hjå vedkomande. Då har sjefen to val: godta realiteten og gjere ein betre jobb som leiar, eller kome seg vekk med æra i behald.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s