Leiarar, nestleiarar og sjølverklærte leiarar, del 1

I den kommunale helsesektoren finst det fleire typar leiarar. Ein har formelle leiarar som er tilsett i leiarstillingar, og som i varierande grad tek på seg leiarrolla. Deretter har ein nestleiarar, som har som oppgåve å avlaste leiaren med alle leiaroppgåvene. Eg skal her hente døme frå mine eigne arbeidsplassar.

Døme A: To korttidsavdelingar med til saman tjue bebuarar og ei stor personalgruppe. Ein formell avdelingsleiar er tilsett, men oppgåvene er for mange til at ho åleine kan løyse dei. Ho er rein leiar, altso at ho aldri deltek i pleie eller miljøarbeid med bebuarane. Trass at ho bruker heile arbeidstida til leiaroppgåver, må ho ha hjelp. Ho har difor ein nestleiar, som òg er fagsjukepleiar. Denne nestleiaren er verken tilsett i ei leiarstilling eller har leiarløn. Ho har berre som funksjon å avlaste leiaren, i tillegg til å delta i pleie og miljøarbeid. Ho jobbar vanleg todelt turnus.

Døme B: Ein liten utkantsjukeheim med tre avdelingar med til saman vel tretti bebuarar. Ein formell avdelingsleiar er tilsett, og ho har med seg ein nestleiar. Medan avdelingsleiaren får leiarløn, er det usikkert om nestleiaren òg får det. Begge leiarane deltek i pleie og miljøarbeid, og jobbar vanleg todelt turnus. Dette er ei mellombels ordning, for den eigentlege leiaren jobbar for tida i eit vikariat ute i havgapet. Der var ingen nestleiar der medan ho var leiar. Begge leiarane er svært unge.

I begge desse døma er leiarrolla delt mellom to tilsette, der truleg berre den eine får leiarløn. Offisielt er det difor berre éin leiar, sannsynlegvis fordi personalsituasjonen ikkje rettferdiggjer to leiarløner – ei heller er der midlar til det. Å vere avdelingsleiar i dag er ei utfordring på grunn av alle hattane ein må ha på seg. For det fyrste har ein overordna ansvar for bebuarane i avdelinga eller avdelingane ein jobbar i. For det andre skal ein ivareta personalgruppa – arbeidsgjevars omsorgsplikt. For det tredje skal ein ivareta dei pårørande. Alt dette skal koordinerast: avdelingsleiar skal vere eit bindeledd mellom toppleiinga, personalgruppa, bebuarane og pårørande. Dette er mildt sagt krevjande for mange, og personleg erfaring har vist meg at det skal langt fleire enn berre éin for å handtere den daglege drifta av eit helseføretak.

Der finst ein tredje type leiar, nemleg dei sokalla sjølverklærte leiarane. Dei som uoffisielt tek på seg leiarrolla ved å anten bli delegert leiaroppgåver, eller ta over dei sjølv utan leiars kjennskap eller godkjenning. Dei meir erfarne tilsette kjenner ofte sjukeheimen betre enn kven som tilfeldigvis blir leiarar, og mange av dei er misfornøgde med valet av leiaremne.

I døme A var avdelingsleiar kjent for sin harde leiarstil og sine raseriutbrot når ho ikkje fekk viljen sin. Ved fleire høve fekk ho seg ein midt på trynet av dei ofte demente bebuarane (når dei elles ikkje utførde slik valdsbruk mot dei andre tilsette). Ved andre høve «forsvann» plutseleg tilsette når dei vart leie av sin humørsjuke og lettare psykopatiske sjef. Nestleiar var derimot kjent som ei roleg, forstandig dame, og folk gjekk heller til ho med private og profesjonelle problem, ettersom dei opplevde det som uforsvarleg å gå til den eigentlege leiaren. Til slutt overtok nestleiar fleire og fleire leiaroppgåver, mellom anna medarbeidarsamtalar og det økonomiske ansvaret for bebuarane. Det heile enda med at den upopulære og humørsjuke leiaren sa opp stillinga si på dagen og fekk seg jobb i ein annan etat. Då avdelingsleiaren på skjerma avdeling (ei avdeling separat frå dei to andre avdelingane) like etter fekk seg jobb på ein annan sjukeheim, vart nestleiar ikkje berre avdelingsleiar for dei to korttidsavdelingane, men for skjerma avdeling òg. Frå å vere nestleiar gjekk ho over til å vere etasjeleiar, men det overordna ansvaret for tretti bebuarar, ei stor personalgruppe og den daglege drifta av etasjen. Ho meistra oppgåva til fingerspissane – heilt åleine. Takka vere hennar dyktige leiarstil, var det ingen som ønskte å utfordre leiarmonopolet ved å i skjul utføre hennar leiaroppgåver.

I døme B var der opphavleg éin leiar, som ifølgje visse tilsette hadde ei tvilsam haldning til etiske problemstillingar. Fleire tilsette på denne aude sjukeheimen har ein sidejobb der dei sel sminke- og kosmetikkprodukt frå ein stor, internasjonal kjede, og leiaren var ei av dei. Ein tilsett, «Ramona», byrja i likskap med sjefen og fleire andre kollegaer å selje produkt til bebuarar, pårørande og andre tilsette. Salet føregjekk ikkje i arbeidstida, men ho leverte ut gratisprøver til sine potensielle kundar, som deretter kunne bestille varer frå ho per e-post eller telefon. Ho vart etter kort tid kalla inn på teppet til sjefen sin. Der var ho, «Ramona», dåverande (uoffisielle) nestleiar og – pussig nok – verneombodet til stade. Ingen tillitsvalt var der. Ramona fekk grei beskjed om å slutte å drive med sal av varer i arbeidstida. Då Ramona påpeikte at sjefen jo gjorde nøyaktig det same, fekk ho ein munnleg advarsel. Nestleiar skreiv eit referat, men Ramona fekk aldri referatet – det vart «gøymt» i personalmappa hennar. Moralen var klar: Berre sjefen fekk drive med sal i arbeidstida, og Ramona stal på den måten kundar frå ho!

Ramona sitt møte hadde fleire skurrande moment. For det fyrste var ikkje tillitsvalt til stade. For det andre var verneombodet der, noko som ikkje er eksplisitt forbode, men heller uvanleg: verneombodet har ingenting med personalsaker å gjere, det er dei tillitsvalde sitt domene. For det tredje vart Ramona skulda for å drive med sal av varer i arbeidstida, når alt ho gjorde var å dele ut gratisprøver. For det fjerde gjorde sjefen nøyaktig det same som ho gav Ramona munnleg advarsel for å gjere. Ramona fekk seg seinare jobb i ein annan kommune, og leiar stakk som kjent ut i havgapet for å kome seg vekk i eit år. Då vart nestleiar leiar, og det som må ha vore den yngste sjukepleiaren i personalgruppa vart nestleiar.

I dette døme B har verneombodet i stor grad teke på seg rolla som sjølverklært leiar. Det hender ofte at både leiar og nestleiar er vekke frå jobb (av og til utan gyldig grunn, kan det verke som), og då nokon mellombels ta på seg leiarrolla. Ein av dei eldre sjukepleiarane har til ei viss grad òg teke på seg ei leiarrolle, i og med at det alltid er ho som har legevisitt; på den førre sjukeheimen eg jobba på var det vanleg av avdelingsleiarane tok legevisitten, so på grunnlag av dette reknar eg dette som ei leiaroppgåve.

Og dette bringer oss over på døme C – mine eigne «forsøk» på å ta på meg rolla som sjølverklært leiar. I tida frå 2014 til 2016 var eg ein uoffisiell nestleiar på eit ambulerande team i ein større vestlandsby med hanseatiske røter. Dette var godkjent av avdelingsleiar, ei dame i 50-åra som eg her kallar «Carina». I administrasjonen murra dei over at ein «simpel helsefagarbeidar» hadde fått leiaroppgåver, når det visseleg var vernepleiarar der som den rolla var meir naturleg for – dei hadde jo gått tre år på høgskule. Carina forsvarte valet sitt ved fleire høve til sin sjef, einingsleiaren. Ho hadde jo prøvd å få to av vernepleiarane til å avlaste seg med leiaroppgåver, men dei påstod heile tida at det var for mykje arbeid for dei å ha både kontorarbeid og drive med miljøarbeid med dei psykisk utviklingshemma brukarane. Det var ifølgje dei gale nok å leggje dosettar. Difor valde ho meg, som hadde ingenting imot å få kontoroppgåver – eg hadde jo mastergrad frå universitetet, noko som gjorde meg meir utdanna enn vernepleiarane med sine ynkelege tre år på høgskule.

I løpet av ein intens sommar i 2016 vart eg av einingsleiar flytta med tvang til eit bufellesskap med multihandikappa. Bakgrunnen for denne avgjerda var at ein av vernepleiarane, her kalla «Tiril», i fleire år hadde drive ein systematisk svertekampanje mot meg. Ho hadde mellom anna konspirert med fleire av brukarane om at eg hadde kommentert utsjånaden deira, at eg prioriterte «tullete, unødvendige kontoroppgåver» over miljøarbeid (misbruk av arbeidstida), og at eg nekta å gjere jobben min som verneombod. «Tiril» prøvde ein gong å få meg til å skrive formell klage på meg sjølv, noko eg naturlegvis sa nei til fordi eg var inhabil. «Carina» gjorde det uvanlege valet å seie opp som leiar og heller byrje som vanleg miljøterapeut i eit bufellesskap. Dette gjorde ho for å sleppe unna «Tiril», som hadde plaga ho med psykisk terror og trugslar i fleire år.

Etter det eg kallar ein dom på elleve månader, bestemte einingsleiar at eg skulle skifte etat. Eg var plutseleg «overtallig» i ein etat som sleit meir og meir med å rekruttere faglærde. Hausten 2017 fann eg meg sjølv på sjukeheimen eg skildra i døme A, men i etasjen over leiaren som stadig fekk raseriutbrot. Der byrja eg å jobbe på ei avdeling der leiar viste seg å ha store personlege og psykiske utfordringar, og der det etter kvart vart temmeleg openbert at nokon på sikt måtte overta meir og meir av leiarrolla. Kven skulle det bli? Meir om dette i del 2.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s