Biden annonserer ny Covid-19-«strategi» etter at vaksinetvang gjekk den vegen høna sparka

Tysdag 1.mars 2022 heldt den amerikanske «presidenten» Joe Biden si fyrste State of the Union-tale. Der gjekk den kognitivt svekka presidenten vekk frå sin typiske ekstreme, diktatoriske Covid-retorikk, og bad i staden om «meir normale rutinar». Denne artikkelen er basert på Raymond Wolfe sin artikkel i LifeSiteNews. Artikkelen inneheld òg saksyndig sine meiningar og kommentarar.

Nyleg letta det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) på retningslinjene for munnbind: no baserer dei munnbindbruk på tal sjukehusinnleggingar i staden for «tilfelle». Desse nye retningslinjene kom mindre enn ei veke før Bidens tale. Tyrsdag sa han at dei hadde nådd ein ny augneblink i kampen mot Covid-19, i og med at alvorlege tilfelle (altso sjukehusinnleggingar) er på sitt lågaste nivå sidan juli 2021. I hans eigne ord (saksyndig si omsetjing):

«Takka vere framgangen vi har gjort det siste året, treng ikkje lenger Covid-19 å kontrollere liva våre.»

Biden har eit meiningsmålingsfirma (engelsk polling firm) som heiter Impact Research. Artikkelforfattaren Wolfe skriv at dette skiftet i bodskap kan vere på grunn av innhaldet i ein memo frå selskapet frå førre veke. Denne har leke ut til offentlegheita, truleg av informantar på innsida av selskapet. Der står det at Impact Research råder demokratane til å «ta æra for å avslutte Covid-krise-fasen av Covid-krigen» og «vere pådrivar for å føle og handle meir normalt» i tide for mellomvalet (engelsk midterm elections).

Memoen understrekar: «Anerkjenn at folk er ‘nedkøyrt’ og føler ekte skade frå dei årelange restriksjonane og ta deira side.»

Mange amerikanarar er meir uroa for Covid sin effekt på økonomien enn dei er for sjølve sjukdommen. Det står vidare i memoen: «Dess meir vi snakkar om trugselen til Covid og legg tunge restriksjonar på folks liv på grunn av den, dess meir vender vi dei mot oss og viser dei at vi ikkje er i takt med deira daglege realitetar.»

Som the Washington Examiner observerte, kom CDC sitt meiningsskifte rundt munnbind berre éin dag etter Impact Research-memoen lak ut.

I fleire månader sentrerte Biden Covid-politikken sin rundt vaksine- og munnbindpåbod, og prøvde gjentekne gonger å leggje skulda på uvaksinerte for å spreie viruset og vere årsak til resten av elenda i landet, slik som den økonomiske nedgangen. Spesielt OSHA-mandatet fekk fokus, der alle bedrifter med meir enn hundre tilsette måtte innføre obligatorisk vaksinering med mRNA-injeksjonane. I ein pressekonferanse i september 2021 truga Biden med å bruke «makta si som president» til å fjerne guvernørar som opponerte mot Covid-restriksjonar. Han hevda at «ein distinkt minoritet av amerikanarar, støtta av ein distinkt minoritet av folkevalde, hindrar oss i å runde hjørnet».

Mandata fall raskt frå kvarandre etter ei rekkje søksmål. Tidleg i 2022 sette sjølvaste Høgsteretten ned foten for vaksinepåbod for bedrifter, berre nokre dagar etter at dei etter planen skulle ha blitt sett i verk.

På same tid har sprøytene vist seg ute av stand til å stoppe viruset. Ikkje berre har vaksinerte vore i fleirtal verda rundt i nye Covid-19-tilfelle; data viser at sokalla «fullvaksinerte» har hatt høgare infeksjonsratar enn uvaksinerte i fleire land. Trass at over 60% av amerikanarar er «fullvaksinerte», knuste januar 2022 alle tidlegare rekordar når det gjaldt daglege Covid-tilfelle, sjølv frå tida før utrullinga av sprøytene byrja.

Bidens popularitet søkk som ein ile. Berre 47% av veljarane støttar på noverande tidspunkt administrasjonen hans si handtering av viruset. Dette er ein nedgang frå nesten to tredjedelar i mai 2021. Ei nyleg meiningsmåling viste at berre 43% stoler på at Biden kjem med sannferdig informasjon om Covid-19.

Fleire regjeringar i den vestlege verda snakkar no om å leve med Covid-19. Det vil ikkje Biden ha noko av. Snart vil administrasjonen hans godkjenne mRNA-injeksjonar for barn under fem år, som har so godt som ingen risiko for død eller alvorleg sjukdom frå Covid-19. Samstundes er barn og unge i høgrisiko-sona for å utvikle den kjende biverknaden myokarditt, som kan vere dødeleg. I januar 2022 avdekte ein studie frå CDC at gutar mellom 12 og 15 år har 133 gonger høgare risiko for å få tilstanden etter injeksjon med Pfizer-«vaksinen».

Samstundes går Biden-administrasjonen til åtak på billege, generiske legemiddel som beviseleg kurerer Covid-19, slik som ivermectin.

Kommentar frå saksyndig: Bidens kamp mot det stort sett ufarlege koronaviruset er del av ein større pakke med ein kostnad på fleire billionar dollar (ein billion er tusen milliardar). Denne blir kalla Build Back Better og er i tråd med WEFs leiar Klaus Schwab sine visjonar om ei nullstilling og oppattbygging av samfunnet, inkludert ei genetisk restrukturering av sjølve mennesket (kalla transhumanisme). Trass panegyriske talar gjort i ein slags ekstase, er denne strategien stikk i strid med menneskelege og økonomiske interesser, og ei fullstendig implementering vil vere ein veritabel dødsdom over samfunnet slik vi alle kjenner der.

Ikkje berre Biden fører denne kampen mot sitt eige folk – ein har lokale avleggjarar over heile den vestlege verda, der fellestrekket er Schwabs sokalla Young Global Leaders. Dei har alle blitt indoktrinert i Schwabs forskrudde visjon om kva som er ei perfekt verd. Dei har alle svikta sitt eige folk og sine eigne medmenneske, og er lojale mot ingen andre enn sin mentor Schwab. Verda skal rivast frå kvarandre og byggjast opp, og menneskeheita skal døy eller aller nådigst utgjere del av ein totalt kontrollert tenarklasse.

Denne internasjonale, globalist-styrte Covid-kampen går hand i hand med to andre moment i denne pakken. I den blir det med fanatisk iver fronta pro-LGBT-haldningar, truleg med intensjon om å kontrollere folketalet i verda (lesbiske og homofile har til dømes mindre sannsyn for å få eigne ungar). Misforstå meg rett, eg er ingen motstandar av ikkje-heterofile og deira rettar. Men denne kampanjen har etter mi oppfatning lite med naturleg legning å gjere. Indoktrineringa av pro-LGBT-haldningar ser ut til å byrje allereie på barneskulen, der menn i kjolar sit og les eventyr for ungane (drag queen story hour, som dei kallar det på engelsk). Takka vere det eg vil kalle aggressiv normalisering av ikkje-heterofile legningar, vil til og med barn som ikkje var homofile eller transseksuelle i utgangspunktet, ha større sjanse for å «finne ut» at dei jo eigentleg er det. Kor naturleg vil då ei legning vere om den blir pådytta og påtvinga små barn? Kor etisk er det å med vilje skape kjønnsforvirring hjå dei som skal drive samfunnet vidare inn i framtida?

«Klimaendring» står òg i fokus. Dei fleste «klimatiltak» er med på å rasere forsyningskjeden fordi viktige transportaktørar som lastebilar og containerskip alle er avhengige av det globalistane med forakt kallar «fossilt drivstoff». Går prisen på diesel opp, blir det dyrare å frakte varer og tilby tenester, og dermed går òg prisen på varer og tenester opp. Ved fyrste augnekast framstår klimatiltaka som miljøvennlege og gagnlege for samfunnet, heilt til ein ser nærare på kor «miljøvennleg» og «samfunnstenleg» ei total elektrifisering av energisokkelen eigentleg er. Er til dømes vindmølleparkar bra for nærmiljøet? Og kva gjer vi om straumen går? Skal naudaggregatet på sjukeheimen gå på luft og kjærleik?

Ver på vakt i desse tider, spesielt mot senile menn i kjolar som snakkar om grøne skifte og el-bilar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s