Kloke hovud ved Universitetet i Bergen ber om at forslag om koronasertifikat blir trekt: Er ulovleg, uvitskapleg, skaper mistillit og vil føre til hittil usett overformynderi og detaljstyring

28.februar leverte ei gruppe akademisk og medisinsk lærde ved Universitetet i Bergen (UiB) eit høyringssvar til Regjeringa sitt høyringsnotat om forlenging av reglane om koronasertifikat. Desse fem kallar seg «aktive forskere innen medisinens vitenskapsteori, offentlig styring og etikk ved Senter for vitenskapsteori, Universitetet i Bergen». Dei ber om at forslaget blir trekt i sin heilskap. Dei fem er:

Roger Strand, professor dr.scient., Senter for vitenskapsteori, UiB og Centre for Center Biomakers.

Caroline Engen, postdoktor, PhD, Senter for vitenskapsteori og Neuro-SysMed, UiB og lege i spesialisering, Helse Bergen.

Jan Reinert Karlsen, Førsteamanuensis, PhD, Senter for vitenskapsteori og Neuro-SysMed, UiB.

Kjetil Rommetveit, Førsteamanuensis, PhD. Senter for vitenskapsteori, UiB.

Anne Bremer, forsker, PhD, Senter for vitenskapsteori og Centre for Cancer Biomarkers, UiB.

Dei har på grunnlag av sin omfattande ekspertise innan medisinsk vitskapsteori, offentleg styring og etikk, vurdert om høyringsnotatet er sameinleg med kravet i smittevernlova at smitteverntiltak skal vere basert på ei klar medisinskfagleg grunngjeving. Manglar ei slik grunngjeving, er tiltaka å sjå på som uforholdsmessige – altso ulovlege.

Ifølgje Strand, Engen, Karlsen, Rommetveit og Bremer har ei forlenging av ordninga «så store kunnskapsteoretiske mangler at dette i seg sjølv er nok til å fraråde den». Dei meiner at ein heller kunne ha innført eit koronasertifikat basert på variablane alder, status for gjennomgått Covid-19-sjukdom og plassering etter FHIs risikogrupper (låg/middels/høg risiko). Dei ser på ei slik «stratifisering» (lagdeling) av samfunnet som meir føremålstenleg enn å lagdele berre på grunn av vaksinestatus.

Dei slår fast at smitteverntiltak som grip inn i individuelle rettar er ulovlege, med mindre dei har klar medisinskfagleg grunngjeving etter smittevernlova. Grunnlova sitt diskrimineringsvern slår òg fast at tiltaka ikkje må utgjere usakleg forskjellsbehandling, og at dei må vere forholdsmessige.

Basert på FHI sin risikoinformasjon for omikron-varianten, ville ein ha fått større effekt for total sjukdomsbør om ein retta differensierte smitteverntiltak mot eldre over 65 år og personar med kroppsmasseindeks over 35, enn tiltak retta mot uvaksinerte i låg risikogruppe under 40 år. Dei meiner at departementet har gjort ein kunnskapsteoretisk feil ved å sjå seg blind på at uvaksinerte har høgare relativ risiko i forhold til vaksinerte i alle aldersgrupper, men svært låg absolutt risiko i dei yngste aldersgruppene. Unge, friske uvaksinerte har klart lågare risiko enn vaksinerte eldre og/eller personar med relevant underliggjande sjukdom.

Det er kort fortalt individuelle forhold som aukar risikoen for alvorleg Covid-sjukdom, ikkje vaksinestatus åleine.  

Forskarane påpeiker at det dei kallar «totalsertifikat» vil «utgjøre en radikalt meir detaljstyrende og paternalistisk praksis på individnivå enn vi noensinne har sett i Norge». Med andre ord vil dette koronasertifikatet (som i praksis vil kunne brukast mot kva enn slags smittsam sjukdom som regjeringa der og då «vel seg ut») vil føre til hittil usett overstyring, overformynderi og detaljstyring. Staten tek på seg rolla å beskytte folket mot seg sjølv. Dei påpeiker òg at liknande plikt til å dokumentere at ein er frisk, ikkje blir brukt ved kjøp av alkohol: ein krev ikkje bevis frå folk på at dei ikkje har eit alkoholproblem når dei kjøper alkoholhaldige varer. Ein har heller aldri skulda menneske som får livsstilsrelaterte sjukdommar for å «beslaglegge kapasitet i helsevesenet», slik ein til tider har skulda uvaksinerte for.

I ytste konsekvens kan innføringa av eit koronasertifikat undergrave folks tillit til styresmaktene, mellom anna fordi sjølve konseptet demonstrerer kunnskapsløyse og manglande drøfting frå departementet si side.

Fristen for å sende inn høyringssvar går ut fredag 4.mars 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s