Professorar, legar og forskarar frå fleire norske universitet skriv kritisk innlegg om koronapass: Befolkninga blir splitta når vi heller burde bli forsont

3.mars 2022 publiserte ei rekkje professorar, legar og forskarar frå fleire norske universitet eit innlegg i Dagens Næringsliv der dei skriv om Regjeringa sitt kontroversielle, usignerte høyringsnotat frå 11.februar 2022. Dei ytrar seg kritisk til notatet, som dei meiner vil splitte befolkninga i ei tid der ein fyrst og fremst burde leggje til rette for forsoning og fellesskap. Dei som ytrar seg er mellom anna professor i filosofi Einar Øverenget ved Høgskolen i Innlandet, lege og professor Mette Kalager ved Universitetet i Oslo (UiO) og Oslo Universitetssykehus (OUS) og seniorforskar Gunnveig Grødeland ved UiO og OUS. Andre som har signert innlegget er professor Ørjan Olsvik (Universitetet i Tromsø), professor Anna Nylund (juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen), lege og fyrsteamanuensis Magnus Løberg (UiO), lege og forskar Lise Mørkved Helsingen (OUS) og lege og professor Michael Bretthauer (UiT).

Som kjent blir det i høyringsnotatet føreslege ei forlenging av dei mellombelse koronabestemmingane i smittevernlova med eitt år, fram til 30.juni 2023. Høyringsfristen gjekk ut fredag 4.mars – som vanleg useriøst kort slik som alle høyringsnotat relatert til koronasituasjonen.

Forfattarane av innlegget meiner at det utifrå dagens kunnskap om koronaviruset og SARS-CoV-2, er vanskeleg å rekne viruset som ein allmennfarleg, smittsam sjukdom. Det juridiske grunnlaget for igangsetjing av inngripande tiltak er difor ikkje til stade.

Dei meiner at «regjeringens forslag fortsetter […] den glidningen vi har opplevd av hva befolkningen skal beskyttes mot.» Fyrst handla det om å unngå massedød av Covid-19. Deretter handla det om å unngå alvorleg sjukdomsforløp. So var det å unngå overbelastning av intensivplassar på sjukehusa og deretter kommunehelsetenesta. So, heilt til slutt, handlar det om å unngå altfor høgt sjukefråvær. Sjølv frå ein heilt objektiv ståstad har viruset blitt mindre og mindre farleg; det har faktisk gått heile alvorlegheitsgrada frå å vere dødeleg, til å berre skape milde ubeleilegheiter for arbeidsgjevar i form av sjukefråvær blant dei tilsette.

Forskarane meiner at restriksjonane som høyringsnotatet opnar for, vil kunne bli utløyst av kor stor den totale sjukdomsbøra er til ei kvar tid, og i kor stor grad helsetenesta blir belasta. Som dei skriv:

«Helt uavhengig av hvor alvorlig korona er eller om det i det hele tatt er korona som forårsaker belastningen, vil de som ikke kan fremvise koronapass kunne bli utsatt for inngripende forskjellsbehandling.»

Som dei fleste som les alternative media har fått med seg no, er det snakk om særs inngripande former for forskjellsbehandling: manglande koronasertifikat kan i ytste konsekvens føre til oppseiing eller avskjed frå jobben, at ein må opphalde seg innanfor bestemte område (portforbod?), og at barn kan bli nekta å vere i barnehagen eller på skulen.

Denne forskjellsbehandlinga verkar no fullstendig urimeleg, i og med at dei sokalla korona-«vaksinane» ikkje hindrar smitte. Vaksinasjonsstatus er med andre ord blitt irrelevant. Dette ser eg fyrst og fremst på min eigen arbeidsplass, den aude sjukeheimen. Der har det sidan desember 2021 ikkje vore differensiering mellom vaksinerte og uvaksinerte når det gjeld bruk av munnbind. No gjeld dei same munnbindreglane for alle dei tilsette.

Smittevernlovas §1-5 spesifiserer: «Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering.» Regjeringa ser ifølgje forskarane ut til å meine at det ikkje er so nøye at dei må kunne vitskapleg bevise at tiltaka faktisk har effekt, slik det står i notatet: «Kravet skal imidlertid ikke tolkes for strengt, og det er ikke krav om bevist vitenskapelig effekt av tiltaket.» Som forskarane konkluderer:

«Det kan altså se ut som om regjeringen med dette ønsker regler som gjør det mulig å differensiere befolkningen på grunnlag av vaksinestatus uten at det kan dokumenteres at det gir et bedre smittevern.»

Forskarane skriv vidare at medan det er vanskeleg å sjå ei reell nytte av eit koronapass i samfunnet, er det lett å sjå dei samfunnsmessige ulempene. Koronapasset vil utan tvil splitte samfunnet i «oss» og «dei», og undergrave sjølve berebjelken i det norske vaksinasjonsprogrammet at vaksinar skal vere friviljuge. Folk vil fyrst og fremst late seg vaksinere for å «oppnå fordeler eller unngå ulemper» – òg barn og unge vil late seg vaksinere mot ein sjukdom som dei i utgangspunktet har minimal risiko for å bli alvorleg sjuke eller døy av. Med tanke på alle biverknadene (slik som til dømes blodproppar, menstruasjonsforstyrringar og myokarditt), er det statistisk sett langt tryggare for barn og unge å ikkje ta korona-«vaksinane».

Dei stiller nokre viktige spørsmål. Dersom FHI og andre ekspertar trur at vi ser slutten på pandemien, og at data indikerer at noverande vaksinar ikkje verkar like godt mot omikron, kvifor skal då reglane forlengast med endå eit år? Kva gjer covid so annles enn andre allmennfarlege smittsame sjukdommar at ein må skilje vaksinerte og uvaksinerte for akkurat covid? Og ikkje minst, kva skal vi med eit koronpass som «ikkje har annen funksjon enn å dele samfunnet inn i oss og dem og straffe dem som velger å ikke si ja til vaksine?» Har kanskje forslaget noko å gjere med Noreg sine plikter som følgjer av EØS-avtalen?

Kommentar frå saksyndig: Koronapasset slik det er meint å fungere, vil føresetje at du til ei kvar tid oppfyller definisjonen av «fullvaksinert». I 2021 trudde alle at to dosar var nok. No må ein ha tre dosar, og fleire land har allereie byrja å massevaksinere folket for fjerde gong. Sjølv dei med tre-fire dosar blir sjukehusinnlagt med alvorleg Covid-19, noko som viser at «vaksinane» ikkje hindrar smitte eller alvorleg sjukdom. Det at regjeringar over heile den vestlege verda held fram massevaksineringa likevel, tydar på at dette ikkje handlar om helse. Det handlar om pengar, kontroll og overvaking av lovlydige borgarar. Vi har sannsynlegvis å gjere med eit abonnement på mRNA-injeksjonar, berre for å kunne behalde dine naturgjevne rettar og fridommar. Dette vil kunne innebere at du må ta den siste oppfriskingsdosen for å kunne halde fram med å ha gyldig koronapass. Om det å ta desse dosane i verste fall kan gjere deg ufør eller ta livet av deg, kva meiner du er verdt å ofre for å kunne «få lov til å» ha jobb, gå på kafear eller bevege deg fritt i samfunnet? Tru ikkje at det ligg gode intensjonar bak dette koronapasset.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s