Nynazistar reiser til Ukraina for å kjempe mot russiske styrkar

Ifølgje ein artikkel på Derimot.no (som igjen er omsett og henta frå Memri), har ukrainske styresmakter og paramilitære grupper bede framandkrigarar om å reise til Ukraina for å kjempe mot russiske styrkar. Den ukrainske regjeringa har oppfordra utanlandske friviljuge til å kjempe i den nye eininga med namn International Territorial Defense Legion. I tillegg har paramilitære grupper lagt ut eigne kunngjeringar for sine einingar, og blant dei som svarte finn ein nynazistar og tilhengjarar av kvitt overherredømme.

Oppfordringane til utanlandske friviljuge om å reise til Ukraina og kjempe mot Russland, har blitt formidla på sosiale medieplattformer slik som Telegram, Reddit, Twitter, Facebook og YouTube. Mellom anna la ein «ultranasjonalistisk» Telegram-kanal 27.februar 2022 ut ei rekrutteringsoppfordring for «utanlandske friviljuge» for å «Gjere russarar døde igjen».

Ifølgje artikkelen har paramilitære grupper sine oppfordringar til utanlandske friviljuge i stor grad kome frå ultranasjonalistiske og nynazistiske brigadar:

«En slik nynazistisk enhet ble dannet som en frivillig paramilitær i mai 2014 etter fremgangen til russiskstøttede separatister i den østlige regionen av Ukraina, historisk kjent som Donbas. Til å begynne med fikk fremmedkrigere lov til å verve seg til enheten, men restriksjoner på utenlandsk verving ble implementert i mars 2018, noe som til slutt førte til et effektivt forbud mot fremmedkrigere innen utgangen av 2020. Men midt i oppbyggingen av russiske hærstyrker langs grensen mellom Hviterussland og Ukraina og grensen mellom Russland og Ukraina, annonserte enheten at den ville åpne rekruttering til fremmedkrigere med militær erfaring. Andre ultranasjonalistiske grupper har repostet rekrutteringsoppfordringer fra enheten, mens andre ultranasjonalistiske og nynazistiske paramilitære grupper har bedt om utenlandske donasjoner. En slik enhet ba om donasjoner i et innlegg den 22. februar 2022, der den ga informasjon for folk å donere via PayPal, SWIFT, Bitcoin, Ethereum og Tron.»

Ordet «paramilitær» viser til sivile som er opplært, trena og organisert på militært vis. Ordet kan òg brukast om meir offisielle organisasjonar som har ein struktur og oppgåver som kan minne om militæret, men som likevel ikkje er del av militære styrkar. Døme på slike paramilitære grupper er ymse væpna revolusjonære grupper (IRA i Nord-Irland, til dømes), eller væpna borgarvern. Andre ord for konseptet er «halvmilitær» og «tilleggsmilitær».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s