Pål Steigan hetsa og kansellert for å omtale Ukraina som «korrupt» og «naziinfisert»

I byrjinga av mars starta MDGs Eivind Trædal og stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle frå Høgre ein svertekampanje mot Pål Steigan, der dei oppfordra Oslo-folk til å boikotte Parkteatret, der Steigan er blant eigarane. I tillegg til å vere redaktør i den populære alternative nettavisa Steigan.no, har Pål Steigan ei rekkje viktige verv i kulturlivet i Oslo. Eller, rettare sagt, hadde ei rekkje verv der. No har han nemleg blitt fjerna frå fleire verv, skriv Resett, blant anna som dagleg leiar i Grünerlokka Kulturhus. Dagleg leiar Dan-Michael Danino ved Parkteatret seier til Avisa Oslo at dei tek offentleg avstand frå han. Grünerløkka Kulturhus er morselskapet til Parkteatret, der Steigan framleis sit med 40% av aksjane. Han går i tillegg ut av styret.

Det ser frå mitt synspunkt ut som at Pål Steigan ikkje berre blir hetsa for sine synspunkt, men òg kansellert frå utelivet i Oslo. Grunnlaget for denne kanselleringa skal vere at Steigan har skrive på sosiale media at «Norge har brukt hundrevis av millioner på det korrupte og naziinfiserte regimet i Ukraina». Bladet Subjekt skriv at kritikarane meiner at dette er støtte til Vladimir Putin.

Det burde etter mitt syn vere openbert for dei fleste at Pål Steigan som privatperson og redaktør har ei anna rolle enn Pål Steigan som aksjonær, dagleg leiar og styremedlem. Diverre er det blitt slik at det ein skriv på sosiale media får konsekvensar for eins profesjonelle og arbeidsrelaterte liv, same kor lite innhaldet i ytringane dine har med sistnemnde å gjere. Burde Steigan bli fjerna over natta frå kulturlivet i Oslo – der han utan tvil har hatt ei prominent rolle i mange år – berre fordi enkelte ikkje likar at han omtalar Ukraina som «korrupt» og «naziinfisert»? Som dyktig journalist og politisk og militær analytikar burde Steigan av alle vete kva han snakkar om, og om han meiner at eit land er gjennomsyra av korrupsjon og nynazisme, er det uklokt å avfeie det som uriktig – langt mindre fjerne han frå urelaterte verv og roller i næringslivet. Har visse politikarar som i alder kunne ha vore barna hans, eit monopol på sanninga?

Resett skriv følgjande om Steigan, sin konkurrent:

«Redaktøren for Steigan.no har en fortid som kommunist, der han blant annet hyllet Mao og Pol Pot. I dag hyller han Russland og Putin.»

Dei som kan si historie, veit at Mao og Pol Pot er blant det 20.hundreårets mest mordariske diktatorar. Millionar har døydd på grunn av desse to. Det er eit faktum ingen vil bestride. Kan ein derimot seie det same om Putin, som no blir framstilt med Hitler-bart og nærast omtala som Djevelen sjølv? Og kva med alle nynazistane og tilhengjarar av kvitt overherredøme som no strøymer i hopetal til Ukraina for å kjempe mot «dei vonde russarane»? Kven hyller dei? Nazismens mest kjende ansikt, Adolf Hitler?

I Resett sitt velkjende kommentarfelt kryr det som vanleg av meir eller mindre underhaldande ytringar. Ein lesar med kallenamnet «Sigmund Kvalnes» meiner at alle som hyllar kommunistiske diktatorar (som Pol Pot) burde straffast, og at «kommunistpartiet Rødt må bli utestengt fra all politisk påvirkning, og kastes ut av alle kommunestyrer og fra stortinget». Han oppfordrar òg alle som har ein kommunist i venneflokken eller familien om å kutte banda: «De må ikke fortsette å leve på vår godvilje og samtidig fortsette sitt nådeløse hat mot oss alle». Han avsluttar med at «sosialisme og kommunisme er like nådeløs og brutal som islamisme».

Ein lesar med namn «Tall Teller» meiner Eivind Trædal og resten av «MDG-gjengen er snyltere på det offentlige». «Tarjei V» etterlyser sitat angåande påstanden om at Steigan hyller Putin «om denne artikkelen skal holde faglig journalistisk standard». «Buskerud» etterlyser debatt heller enn boikott av ein utestad «bare fordi en av innehaverne har meninger jeg er dypt uenig i». «Grand Vizier» skriv at «gjennom familiemedlemmer eier han [Steigan] egentlig 80%, så i virkeligheten er dette spill for galleriet». «børre arnold» synest Steigan er ein veldig stusseleg mann, sidan han «har brukt hele livet sitt på å hate vesten og hylle terrorregimer». «Gyngehesten» svarer med at ein i det minste veit kva den mannen meiner og kva han står for – i motsetnad til mange andre.

«RødeRudi» kjem med ein interessant teori: «Artikkelen er misvisende. Han [Steigan] mista denne stillingen lenge før den aktuelle tweeten pga. omorganisering etter at sjefen der døde.» Ifølgje «RecordPlayers» er det Avisa Oslo som skriv dette.

Har Steigan rett når han skriv at Ukraina er «naziinfisert»? Iallfall om ein konstaterer ideologien til delar av den ukrainske nasjonalgarden, den sokalla Azov-bataljonen. The Epoch Times publiserte 2.mars 2022 (oppdatert 6.mars) ein artikkel der dei skriv følgjande (saksyndig si omsetjing):

«Azov-bataljonens truskap til den nynazistiske ideologi er veldokumentert, då deira førre kommandør ein gong bad om at Ukraina måtte ‘leie Dei kvite rasane i verda i eit siste korstog for si overleving’. Meir nyleg vart Azov-kjemparar sett på ein viral tweet frå Ukrainas nasjonalgarde, der dei smurde inn kulene sine med svinefeitt mot ‘Kadyrov-orkane’ – for å bli brukt mot dei muslimske tsjetsjenarane som kjempa for Russland.»

Sjølv Wikipedia omtalar Azov-bataljonen som ei høgreekstrem, nynazistisk eining av den ukrainske nasjonalgarden. Dei bruker mellom anna det nazistiske Wolfsangel-symbolet, opphavleg brukt av ein elitedivisjon innan SS. Dei har base i byen Mariupol i kystregionen ved Azovhavet (som bataljonen er oppkalla etter), eit lite sidehav nordaust for Svartehavet lengst sør i Ukraina. Det er knytt til Svartehavet via det smale Kerch-stretet. Sidan Sovjetunionens fall har Russland og Ukraina delt kontroll over Azovhavet. Bataljonen har sidan oppstarten i mai 2014 blitt anklaga både for nynazistisk truskap og brot på menneskerettane i form av tortur og krigsbrotsverk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s