Det russiske forsvarsdepartementet: USA dreiv forsking på biologiske våpen i Ukraina

Steigan skriv 8.mars 2022 at den russiske mediekanalen RIA Novosti har publisert dokument som forsvarsdepartementet i Russland hevdar er bevis for at Ukraina dreiv forsking i USA-finansierte biolaboratorium som har kapasitet til å brukast til biovåpen. Dette samsvarer med påstandane som vart formidla i ein sletta Twitter-tråd av «Clandestine», som Daily Exposé omtala 24.februar. Saksyndig skreiv ein artikkel om det 26.februar. Twitter-tråden hevda at Putins åtak i Ukraina fyrst og fremst var retta mot amerikansk-finansierte laboratorium, som forska på biologiske våpen. Og no hevdar det russiske forsvarsdepartementet at USA faktisk har finansiert slik forsking i Ukraina.

Det er generalmajor Igor Konashenkov, ein offisiell representant for det russiske forsvarsdepartementet, som gav denne informasjonen til journalistar, skriv Steigan. Og dei skriv vidare: «Moskva sa at dokumentene, som angivelig stammer fra ansatte ved ukrainske biologiske laboratorier, bekreftet at ‘komponenter av biologiske våpen ble utviklet i Ukraina, i umiddelbar nærhet til russisk territorium’[…]».

RIA Novosti siterer generalmajor Konashenkov:

«I løpet av en spesiell militær operasjon har det kommet fram fakta om et forsøk fra Kiev-regimet på å fjerne spor etter et militært biologisk program som ble implementert i Ukraina, finansiert av det amerikanske forsvarsdepartementet.»

Vidare (framleis sitat frå Konashenkov):

«Vi har mottatt dokumentasjon fra ansatte ved ukrainske biologiske laboratorier om nøddestruksjon av spesielt farlige patogener 24.februar – det dreier seg om pest, miltbrann, tularemi, kolera og andre dødelige sykdommer.»

Dokumenta (på russisk) kan lesast her. Artikkelen til Steigan inneheld òg ei liste over kva slags biologiske patogen som er blitt beordra destruert. Artikkelen inneheld òg eit kart over USA sine biologiske laboratorium i Ukraina, formidla av USA sin ambassade i landet.

Om denne informasjonen frå sjølve «fienden» Russland stemmer, tydar det at USA ikkje berre har finansiert skapinga av biologiske våpen i Ukraina, men at ein har prøvd å destruere desse våpena akkurat på den datoen Russland gjekk til åtak på landet, 24.februar 2022. Elles har amerikanske Pentagon ei fortid med blant anna biologiske eksperiment på allierte soldatar i Ukraina og Georgia, som Steigan tidlegare har publisert ein artikkel om. So mange som 4400 ukrainske og 1000 georgiske soldatar kan ha mista livet på grunn av desse eksperimenta.

Informasjonen frå det russiske forsvarsdepartementet er på noverande tidspunkt ikkje 100% verifisert. Steigan reknar påstandane for «plausible», i og med at offisielle dokument frå Pentagon bekreftar at det har eksistert biolaboratorium i Ukraina og Georgia som har drive forsking på «ekstremt farlige patogener».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s