Høge drivstoffprisar vil sannsynlegvis drepe fleire europearar enn kampar i Ukraina

Av Marc Vandepitte. Henta frå Global Research. Omsett av saksyndig.

At dei økonomiske sanksjonane som er eit resultat av invasjonen av Ukraina påverkar Europa meir enn Russland, er eit irriterande faktum. Men no antydar ein nyleg studie av The Economist at på grunn av høge drivstoffprisar, kan tilleggsdødstalet i Europa komande vinter overskride talet soldatar drepne i kampar i Ukraina so langt. Det er verdt å tenkje på.

Før krigen forsynte Russland rundt 40% av EU sitt totale gassforbruk. Som respons på krigen og for å redusere avhengigheit av russisk gass, har Ukraina og Polen stengt ned nokre røyrleidningar som fører gass frå Russland til Vest-Europa.

Land, slik som Finland, Bulgaria og Polen, som var uviljuge til å betale for gassen i rublar, vart fråkopla av Russland. I tillegg vart vedlikehaldet som krevst for å halde den viktige Nord Stream I-leidningen i full kapasitet òg negativt påverka.

Den skarpt reduserte gassforsyninga, som for no ikkje kan fullt erstattast av import frå andre stader, har ført til at gassprisar og indirekte straumprisar i Europa har skote i vêret.

På grunn av den særs milde hausten og fordi Europa har bygt opp eit stort gasslager, har marknadsprisane i mellomtida falle samanlikna med toppen dei nådde i sommar. Likevel er gjennomsnittsprisen for gass i dagen nesten to og ein halv gong større enn den var i perioden 2000-19. For straum er den nesten dobbel.

Og no er vinteren her. Det er eit velkjent fenomen at fleire menneske døyr om vinteren på grunn av kulden, enn om sommaren. I både Europa og USA er talet dødsfall rundt 20% større enn snittet.

I fortida hadde energiprisar liten eller ingen påverknad på overtalsdødsfall, fordi prisvariasjonane var særs små. Men no er kostnadsauken merkverdig stor, og difor forventar ein mykje større påverknad.

For å kalkulere den påverknaden har The Economist bygt ein statistisk modell. Ved sida av prisen på energi er der tre andre faktorar som forårsakar talet ekstra dødsfall: den viktigaste er kor streng vinteren er, i tillegg til det, kor streng influensaen er (som er delvis avgjort av kor kaldt det er) og endeleg, kompensasjonen frå regjeringane til hushaldningar for å absorbere prisauken.

Høge drivstoffprisar kan forverre effekten låge temperaturar har på dødsfall ved å få folk til å gå vekk frå å bruke varme, slik at dei blir meir eksponerte for kulden. Det same gjeld i stor grad regjeringa si støtte til hushaldningar, ei støtte som er meint å absorbere energisjokket.

Ifølgje modellen til The Economist, er den «faste konklusjonen» at påverknaden «kjem til å vise seg høgst kraftig» og dødstalet «kan overskride talet soldatar som so langt har døydd i kamp».

Dersom energiprisane held seg på noverande nivå, kjem rundt 147 000 menneske i Europa til å døy i løpet av ein typisk vinter enn i ein situasjon med «normale» prisar. Med milde temperaturar – der ein antek den varmaste vinteren på 20 år for kvart land – fell dette talet til 79 000. I ein streng vinter, der ein bruker den kaldaste vinteren for kvart land sidan 2000, vil talet ekstra dødsfall stige til 185 000.

Visstnok har rundt 25 000 til 30 000 militært personell på begge sider døydd i krigen, og ytterlegare 6500 ukrainske soldatar har blitt drepne. Totalt sett er dette mindre enn i det best tenkjelege scenarioet frå modellen til The Economist.

Tidsskriftet skriv at effekten kan variere mykje frå land til land. I land som har innført maksprisar eller ei maksrekning, vil der knapt nok vere tilleggsdødsfall, eller dødsraten kan til og med gå ned. Dette er tilfellet for Frankrike, Storbritannia, Spania og Austerrike, blant andre.

Mykje større tal dødsfall er spådde i land der regjeringsstøtte er (for no) låg, slik som Italia, Estland og Finland. The Economist nemner ikkje eksplisitt Belgia, landet er eg [artikkelforfattaren] bur. Når det gjeld regjeringsstøtte ligg landet ein stad mellom dei to ekstrema.

I det lange løp kjem sanksjonane mot Putin heilt sikkert til å svekkje den russiske økonomien. Men so langt er dette absolutt ikkje tilfellet. Forventa inntekter frå russisk energieksport vil vere ein tredjedel høgare dette året enn i fjor.

Det er hovudsakleg europeiske land som skyt seg sjølve i foten med sanksjonane. Nylege data viser at den russiske «noverande aktivitetsindikatoren» [engelsk current activity indicator] (mål på økonomisk aktivitet) er høgare enn i andre større europeiske land.

Som eit resultat av høge energiprisar kan fleire selskap måtte stengje eller flytte til andre regionar, der energikostnader er lågare. I tillegg, for å motverke inflasjon, som i sin tur hovudsakleg skjer på grunn av høge energiprisar, er vi nesten heilt sikkert på veg mot fullstendig resesjon i Europa.

I tillegg til den økonomiske sjølvpiskinga, vil tapet av menneskeliv i Europa bli ekstremt høgt. Det kan vere på tide å tenkje nøye kor fornuftige eller ufornuftige dei økonomiske sanksjonane mot Russland er.

Marc Vandepitte er ein belgisk økonomikar og filosof. Han skriv om nord-sør-relasjonar, Latin-Amerika, Cuba og Kina. Han bidreg jamleg til Global Research.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s