Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
For nokre månader sidan rapporterte vi [Natural News] om nokre merkelege proppar som ikkje var av blod, som balsamerar Richard Hirschman forklarer har blitt trekte ut av kroppar som har blitt «fullvaksinerte» mot Wuhan koronavirus (Covid-19). Nyheiter om desse proppane kom raskt i omløp, men dr. Bryan Ardis stilte nyleg nokre spørsmål om kor legitime dei var.
Ardis var nyleg gjest på «Dr. Jane Ruby Show» saman med Mike Adams, The Health Ranger, som er grunnleggjaren av Brighteon.com og denne formidlaren [Natural News]. Ruby er del av Stew Peters Network, som Ba’Al Busters forklarer at sensurerer viktige minutt frå intervjuet ved at dei trekte tilbake den opphavlege videoen, klipte ut fleire minutt, for deretter å republisere videoen utan desse minutta, der dr. Ardis kom med spørsmåla sine om proppane.
Effekten av dette er at Stew Peters Network tydelegvis fjerna ein offentleg video frå Rumble, fjerna delar av den, for deretter å leggje den ut på nytt utan dei fjerna minutta. Somme la merke til denne praksisen og stiller no spørsmål.
Daniel Kristos i «Ba’al Busters» pakka ut dei sensurerte delane av innslaget, i tillegg til å snakke med Ardis direkte om kva som skjedde. Vi presenterer denne historia med det føremål å late alle sidene kome med stemma si i debatten rundt vaksinar, proppar og plutselege dødsfall.
Kristos sin video er tilgjengeleg på Rumble. Du kan sjå den der for å lære meir. Der finst òg ein Ba’Al Busters-kanal på Brighteon, men denne kanalen har enno ikkje [30.november 2022] posta denne spesifikke videoen.
Kristos spør: Er Hirschman-proppane ei avleiing?
Kristos sin ståstad ser ut til å vere at Stew Peters Network profitterer frå «Died Suddenly»-filmen, og at filmen sin suksess ville ha blitt negativt påverka dersom ein framtredande person i «helsesanningssamfunnet» stilte spørsmål ved filmen sin primære påstand. I dei utklipte delane av intervjuet seier Ardis at han har snakka direkte med balsamerarane og gravferdsagentane, og dei ser ikkje nødvendigvis det som Hirschman påstår at han ser. Dette tydar ikkje på nokon måte at Hirschman ikkje har rett i si eiga vurdering av det han ser, berre at dr. Ardis seier at han ikkje ser ei bekrefting over heile linja av det same fenomenet blant andre balsamerarar som han har snakka med.
Ardis – som er opphavsmann til «slangegift»-teorien bak covid som òg hadde ei framtredande rolle i ein tidlegare Stew Peters film [Watch the Water; oms.an.] – trur òg at den sanne årsaka til dødelegheita til sprøytene har å gjere med slange- og dyregift, og ikkje nødvendigvis desse proppane, som han seier kan vere ei avleiing. Fordi «Died Suddenly»-filmen sentrerer rundt dei, derimot, kan dei som visstnok kjem til å profittere på filmen ikkje ønskje at Ardis sine synspunkt skal kome på lufta, konkluderer Kristos.
«Dr. Ardis sa at han var bekymra for om dette kunne vere ein spøk på eit program som nettopp byrja, og han var den fyrste gjesten der. Korleis visste Jane Ruby i det heile om dette programmet?» Kristos ønskjer å finne det ut. «Kor nøye følgjer dei med på alt dr. Ardis gjer?»
«Seinare tek Stew Peters ned Jane Ruby-episoden og legg den ut på nytt utan den seksjonen… So mykje for ‘Uncensored, Unafraid, Unstoppable’ [slagordet til Stew Peters Show; oms.an], eller kva, Stew? Tankane mine er at dei beskytta si investering i dokumentaren som har hange tungt på dei enkeltståande påstandane til Hirschman.»
Kristos trur vidare at Ardis sine personlege vurderingar av situasjonen vil hindre at dokumentaren lykkast. Han er høgst skeptisk til den sanne motivasjonen til dei som står bak filmen, som han seier ser ut til å vere meir bekymra for profitt enn å få ut sanninga.
«Eg er sikker på at der fanst ei heilt legitim forklaring på å sensurere nokon når han ikkje eingong tok opp temaet. Jane [Ruby] gjorde det. Kvifor vart han sensurert? Fordi han ikkje trekte det tilbake og angra? Dette er temmeleg skandaløst. Tommel opp til dr. Ardis for å rett og slett ha sjølvtilliten til å kome med bekymringane sine, og for å vere ærleg.»
Adams seier at alle partane her berre prøver å løyse mysteriet rundt proppane
Etter at dr. Ardis stilte spørsmålet kom den andre gjesten i programmet, Mike Adams – som er utgjevaren av denne nettsida [Natural News] – med sitt syn om at mRNA-injeksjonar sannsynlegvis verka på fleire ulike måtar, og at både proppar og giftliknande celleskade kan finne stad samstundes, og impliserer med dette at proppane ser ut til å vere eit genuint post-vaksine-fenomen. For å vidare komplisere historia, eig Adams fleire slike proppar som vart sende til han av både Richard Hirschman og dr. Bryan Ardis, på grunn av innsatsen til dr. Jane Ruby som knytte Hirschman og Adams saman slik at analyse av proppane kunne bli gjort i Adams sitt massespektrum-laboratorium.
«Det eg trur er at Hirschman er ærleg og genuin i sin representasjon av opphavet til desse proppane,» fortalde Adams denne reporteren i respons på denne utviklande historia. «Og dr. Jane Ruby prøver berre å løyse mysteriet rundt kva desse proppane er laga av. Dr. Ardis spør essensielt om desse propp-opphava kan bli bekrefta av andre kjelder, noko som ikkje er ein urimeleg førespurnad. Kvar part her handlar i interessene rundt å løyse mysteriet om kvifor so mange menneske døyr plutseleg,» sa han, og la til at: «Dess tidlegare vi løyser dette mysteriet, dess tidlegare kan vi hjelpe til med å redde liv og potensielt finne måtar å stoppe eller reversere proppdanning i kroppane til vaksineoffer.»
Vi minner lesarane om at intelligente menneske kan vere ueinige i forklaringane eller konklusjonane likesinna kjem med, noko som er grunnen til at vi meiner det er viktig å høyre alle sider av kvar debatt.