Kva ville skje om Sør-Amerika og Afrika plutseleg skifta plass?

Biletet er henta frå Quora.

Quora er ei nettside der engelskspråklege med for mykje fritid kan sende inn spørsmål som andre brukarar av sida kan svare på etter beste evne. Denne gongen har eg sett litt på følgjande tankeeksperiment: Kva ville skje dersom Sør-Amerika og Afrika plutseleg skifta plass?

Ideen er at dei to kontinenta på mystisk vis skifta plass over natta, stikk i strid med det som måtte finnast av platetektonikk-teoriar. Som dette kartet viser, er det to konsekvensar som straks blir synlege:

  1. Sør-Afrika ville ha hamna mykje lenger sør enn dagens Sør-Amerika, slik at den sørlege delen av Afrika sannsynlegvis ville få same klima som i Antarktis.
  2. Middelhavet ville bli mykje større, i og med at Sinai-halvøya ikkje lenger ville forbinde Afrika med Sentral-Asia. Der det før var ein Suez-kanal, ville det no vere eit Suez-strede (strengt teke ville grensa mellom Egypt og Israel bli ei kystlinje, men av tektoniske grunnar vil det bli meir «logisk» (?) om brotet mellom Afrika og Asia skjer der Suez-kanalen går sidan det er der landtunga er smalast.)

Fleire havstraumar ville òg bli påverka, spesifikt den sokalla Antarktiske sirkumpolare havstraumen (engelsk Antarctic Circumpolar Current, ACC). ACC går, som namnet antydar, rundt det antarktiske kontinentet og er ein straum med iskaldt vatn. Denne straumen er grunnen til at Antarktis er so kaldt, mykje kaldare enn Nordpolen. Det at Sør-Afrika plutseleg dukkar opp der Sør-Amerika ligg, vil blokkere den antarktiske straumen. Som ein konsekvens vil iskappene i Antarktis byrje å tine, ein prosess som vil ta fleire hundreår. Som ein konsekvens av dette vil havnivået i verda sannsynlegvis stige med 50 meter.

Middelhavet vil få direkte samband til Det indiske hav, noko som vil få varme havstraumar til å styrke Golfstraumen, og dermed føre til at Nordishavet og Grønland òg vil tine opp. Eit slikt scenario var tilfellet under Den seine eocen-perioden. Grønland og Antarktis vil då vere isfritt i sommarhalvåret, og få snø i vinterhalvåret, slik som Noreg opplever i dag.

Ein annan konsekvens av ombytinga, er at Sahara-ørkenen plutseleg vil liggje i eit område med tropisk klima, og det tropiske Amazonas vil plutseleg liggje i eit tørt ørkenklima. Ein kan tenkje seg at ein vil få ørken i det som i dag er Amazonas, og ein frodig regnskog i det som i dag er Sahara. Men skilnaden mellom desse to områda er at Amazonas er verdas største elv, medan Sahara manglar elvar – om ein ser vekk frå Nilen, som derimot renn utanom ørkenen og ikkje tvers gjennom den.

Kva konsekvens ville ei ombyting få for landområdet som ligg nærast? Som nemnt vil Middelhavet plutseleg doble i storleik, og opne seg mot sør-aust. Saudi-Arabia vil plutseleg få kystklima fordi halvøya no ligg mot det som mest sannsynleg vil bli klassifisert som eit hav. Arabiahavet? Samband mellom Europa og dette nye kontinentet vil bli ei utfordring. Egypt vil plutseleg liggje mot Atlanterhavet, og ørkenlandet vil bli eksponert for bølgjer og vind i eit langt meir uroleg hav enn Middelhavet. Innbyggjarar på Gibraltar og sørspissen av Spania vil ikkje lenger kunne reise med ferje til Marokko, fordi Marokko vil no vere næraste nabo til Mexico. Vegsamband mellom Nord-Amerika og kontinentet sør for det finst heller ikkje i vore dagar (der går ingen veg gjennom Darien-gapet i det nordlege Sør-Amerika). Ettersom området sør for Panama i ein lang periode vil vere ørken i staden for ugjennomtrengjeleg regnskog, kan ein tenkje seg at migrantar vil ha mindre vanskar med å kome seg over til Nord-Amerika. I Europa vil det av openberre grunnar ikkje lenger kome flyktningar frå Marokko og resten av Nord-Afrika.

Interessant nok vil Madagaskar bli liggjande der det ligg i dag. Øya er ikkje del av det afrikanske kontinentet, verken geologisk eller kulturelt.

Kva slags politiske konsekvensar vil ei ombyting mellom Sør-Amerika og Afrika få? Sør-Afrika vil plutseleg bli eit polarisaude, noko som vil drive millionar av menneske på klimaflukt nordover på kontinentet. Dersom migrantar i det nordlege Afrika bestemmer seg for å fare til Panama, Mexico og USA, vil dei mest sannsynleg ikkje bli forstått. Der Panama tidlegare vart møtt av spansktalande flyktningar, vil dei no bli møtt av folk som taler ulike lokale variantar av arabisk. På andre sida av Atlanteren vil spanske styresmakter plutseleg bli møtt av hordar av flyktningar som snakkar spansk (dei kjem frå det nordlege Sør-Amerika, som med få unntak er spanskspråkleg).

Kartprodusentar og Google vil måtte gjere ei vesentleg justering av karta sine, og fleire generasjonar vil måtte omjustere sine geografikunnskapar.

Brasil, som ligg på austkysten av Sør-Amerika, som no vender mot Det indiske hav, vil høgst sannsynleg forsterke samarbeidet sitt med India, Kina, Russland og dei andre BRICS-kollegaene, ettersom avstanden mellom dei landa no er vesentleg kortare. Sør-Afrika vil derimot slite kraftig, ettersom deira næraste nabo no er isøydet i det ugjestmilde Antarktis.

Korleis vil politikarane i Noreg reagere på denne ombytinga? Dei vil sannsynlegvis leggje skulda på «klimafornektarar», «høgreekstreme» og «konspirasjonsteoretikarar» og halde flammande tordentalar hjå sine medsamansvorne i FN, WHO og World Economic Forum. PST vil kome med nok ein rapport der dei skriv om «antistatlege haldningar» blant nordmenn. Innvandrarar med afrikansk opphav vil søkje om meir bistand frå Noreg, ettersom dei no har fått dobla reiseavstand til slekta i dei afrikanske heimlanda.

Om hundre år eller noko sånt, vil sørafrikanske Nelson Mandela sannsynlegvis få æra for å ha vore fyrste mann på Sørpolen. Alle som påstår at det er Roald Amundsen, vil bli hengt ut som «konspi-nissar» og «historieforfalskarar».  

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s