Avhøyret av Anthony Fauci

Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Medan mesteparten av den amerikanske befolkninga koste seg med Thanksgiving, sat Anthony Fauci under eid for å svare på spørsmål om Biden-administrasjonen sine grunnlovsstridige og farlege forsøk på å overstyre ytringsfridommen [First Amendment].

I saka Missouri v. Biden, saksøkjer generaladvokatane i delstatane Missouri og Louisiana Biden-administrasjonen for å samarbeide med Big Tech for å sensurere brukarar av sosiale media som stilte spørsmål ved eller retta kritikk mot covid-politikken.

For å gå utanom First Amendment, identifiserte tenestepersonar i Biden-administrasjonen individ, organisasjonar, legar, vitskapsfolk og lærde som farlege (for å kome med kritikk av statleg covid-politikk). Administrasjonen koordinerte deretter innsatsen med sosiale medieselskap for å deplattformisere desse individa. Denne overstyringa av Grunnlova er ikkje berre ulovleg, men òg ein fare for demokratiet vårt. Staten kan ikkje tilskrive til privatsektor-aktørar sine eigne brot på våre grunnlovsfesta rettar, for deretter å sjølv hevde immunitet frå lova.

Etter fleire månaders kamp i Fifth Circuit vart Fauci endeleg stemna sist veke. I løpet av sju timars avhøyr i retten, såg ikkje Fauci ut til å hugse noko av den politikken som han sjølv utbasunerte på Chris Cuomo Show, The View og kvar einaste andre konsern-kringkasting i 2020 som dekte covid.

Her er eit samandrag av dei mest interessante utdraga frå Fauci sitt vitnesbyrd:

Frå Brownstone Institute:

«Frå vårt avhøyr av Fauci i går i Missouri v. Biden-saka. Fauci bekrefta at i februar 2020 sendte Fauci Clifford Lane, hans stadfortredar i NIAID [National Institute of Allergies and Infectious Disease], som den amerikanske representanten for WHO-delegasjonen til Kina. Lane overtyda Fauci om at vi burde imitere Kina sine nedstengingar.»

Frå advokat Jenin Younes i New Civil Liberties Alliance i Tablet Magazine:

«Missouri-dokumenta, saman med somme som vart skaffa gjennom oppdaging i Berenson v. Twitter og ein FOIA-førespurnad av America First Legal, eksponerer omfanget av administrasjonen sin bruk av big tech for å igangsetje eit utbreitt og hittil usett regime av synspunktbasert sensur av informasjonen som dei fleste amerikanarar ser, høyrer og på andre måtar forbruker. Minst 11 føderale byrå, og rundt 80 statleg tilsette, har eksplisitt instruert sosiale medieselskap om å fjerne innlegg og visse kontoar som bryt regjeringa sine eigne preferansar og retningslinjer for dekking av tema som går frå covid-restriksjonar til 2020-valet, til Hunter Biden laptop-skandalen.»

Frå dr. Aaron Kheriaty, MD sin Substack:

«Og so har vi dei konsekvent nedstraumsbiverknadene av denne forma for sensur – ikkje berre for dei som blir direkte sensurerte, men òg for andre brukarar av plattforma som sensurerer seg sjølve for å unngå liknande straffer. Mest bekymrande blir lesarar frårøva tilgangen til kontrasterande informasjon eller open debatt som dei kan danne seg synspunkt frå, som fører til eit falskt inntrykk av vitskapleg ‘konsensus’ når ingen slik konsensus eksisterer.»

Anthony Fauci er ein av dei mest vellykka byråkratane i amerikansk historie; i meir enn 40 år har denne mannen loge, pønska ut planar og skadd det amerikanske folket for å kunne oppretthalde sin posisjon, påverknad og si makt. Eit lite, men illustrerande døme på bedrageriet hans vart avslørt i vitnesbyrdet sitt under høyringa. Han påstod at han «ikkje hadde tid til å uroe seg om Den store Barrington-erklæringa» (GBD), der topp-medisinske ekspertar i 2020 hadde føreslege «fokusert beskyttelse» av dei mest sårbare gruppe mot covid, i staden for skadelege, samfunnsbreie nedstengingar. Likevel dreiv Fauci og sendte e-postar til sine underordna om GBD for å øydeleggje ryktet til den, og gjekk på nyheitene for å gå til åtak på den.

«So Fauci påstod under eid på si høyring om sensur at han ikkje hadde ‘tid til å uroe seg over ting slik som Den store Barrington-erklæringa’. Laug han under eid? Fauci sin e-post til Birx, 16.oktober 2020: ‘Eg har gått særs sterkt ut offentleg mot Den store Barrington-erklæringa’.»

Men eg har håp her i USA. Kvifor? Fordi i Folkerepublikken Kina risikerer borgarar alt for å kjempe tilbake mot den noverande covid-galskapen. Det kinesiske folket risikerer modig undertrykking, arrestasjon og juling for å gjere motstand mot den same typen irrasjonelle og absurde nedstengingspolitikk som vart påbode av Fauci her i USA.

Trass Kina sine tyranniske nedstengingar, hadde i det minste CCP vet til å unngå mRNA-covid-19-vaksinane og vaksinepåbod, ulikt her i USA.

No, kvifor ville ikkje Kina gje slike trygge og effektive mRNA-vaksinar til folket sitt?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s