Dr. Bryan Ardis med sensasjonelle påstandar: Covid-19-viruset, vaksinar og enkelte behandlingar har alle sitt opphav i slangegift

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 12.april 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Dr. Bryan Ardis har skapt sjokkbølgjer denne veka med påstandar om at covid-19-viruset, covid-«vaksinar» og minst éi covid-behandling alle har sitt opphav i slangegift-molekyl (kongekobraen, for å vere spesifikk).

Det fyrste intervjuet om dette vart sleppt måndag 11.april 2022 av Stew Peters i Red Voice Media i ein dokumentarisk video med namn «Watch the Water». I videoen uttrykkjer Bryan Ardis bekymring for at dei slangegift-relaterte molekyla (peptidar eller protein) kan ha blitt tilsett drikkevasskjelder (eller sleppt ut via andre metodar slik som aerosolisering) for å skape eit covid-19-«utbrot»-fryktscenario som til sist dreiv folk ut i covid-vaksinar, nedstengingar, munnbindpåbod og andre former for medisinsk massehysteri.

Vi intervjua òg dr. Ardis om dette same temaet. I eit stort sett uredigert intervju delte dr.Ardis med oss si omfattande etterforsking, som knytte slangegift til antistoff, vaksineproduksjon og nifst like biverknader observerte i mRNA-vaksinar og covid-behandlingar. Som dr. Ardis forklarer i videoen, er kvar einaste biverknad tilskriven covid-19 òg ein kjent effekt av eksponering for gift.

[…]

Natural News tok kontakt med Gilead Sciences med ønske om intervju

I dag [12.april 2022; oms.an.] tok Natural News kontakt med Gilead Sciences, der vi bad om eit intervju med deira Chief Science Officer for å svare på desse påstandane, og presentere deira side av historia om dette viktige emnet. So langt har vi ikkje motteke noko svar frå Gilead.

InfoWars har òg dekt denne historia. «Eit raskt Internett-søk avdekkjer ein bråte med hovudstraumsmedia-publikasjonar der dei på byrjinga av covid-utbrotet innrømte at det kan ha sitt opphav i slangar,» rapporterer InfoWars.com. «Frå Scientific American til CNN, vart slangeteorien breitt fremja i byrjinga.»

Den artikkelen siterer Scientific American og deira 2020-artikkel, «Snakes Could Be the Original Source of the New Coronavirus Outbreak in China.”

Den historia noterer seg likskapen mellom SARS-CoV-2 og genetisk materiale frå slangar, der dei fastslår:

«Slangar – kinesisk krait og kinesisk cobra – kan vere den originale kjelda til det nyss oppdaga koronaviruset som har utløyst eit utbrot av ein dødeleg, smittsam luftvegssjukdom i Kina no i vinter.»

Dr.Ardis trur at kobragift vart brukt som startpunktet til gain-of-function-forsterkinga til SARS-CoV-2, som i praksis forvandla viruset til eit gift-liknande leveringssystem som forgiftar kroppen slik som eit slangebitt.

Òg frå Scientific American si historie:

“Forskarane brukte ein analyse av proteinkodane favorisert av det nye koronaviruset og samanlikna det med proteinkodar frå koronavirus funne i ulike dyrevertar, som fuglar, slangar, murmeldyr, pinnsvin, asiatiske skjeldyr, flaggermus og menneske. Overraskande fann dei ut at proteinkodane I 2019-nCoV liknar mest på dei som er brukt i slangar.»

Som InfoWars rapporterer:

«Ein 2021-studie knytte òg kinesisk krait og kongekobraen til covid-19-piggproteinet, og forklarte, «oppdaginga av eit superantigen-liknande motiv i S1 piggproteinet, saman med to andre nervegift-liknande motiv som har peptid-likskapar med nervegifter frå Ophiophagus (kobra) og Bungarus genera.»

Seinare i intervjuet rørte dr.Ardis ved det faktum at hydroksyklorokin, dømt nord og ned av media, er kjent for å blokkere nikotin-reseptorar i hjernestammen frå å bli skadd av kobra- og hoggormgift.

Den studien har namnet «Toxin-like peptides in plasma, urine and faecal samples from COVID-19 patients.” Den konkluderer (feit skrift lagt til):

“Tilstadeveringa av gift-liknande peptidar kan potensielt bli knytt til SARS-CoV-2-infeksjon. Tilstadeveringa deira føreslår ei mogleg assosiering mellom COVID-19-sjukdom og utsleppet i kroppen av (oligo-)peptidar som nesten er identiske med giftige komponentar i gifter frå dyr.

Lytt til Mike Adams’ Situation Update frå 12.april 2022 for detaljar. Dr. Bryan Ardis sitt intervju med Mike Adams (tre delar) kan sjåast her.

Kommentar frå saksyndig: 13.april 2022 publiserte Children’s Health Defense, organisasjonen til Robert F. Kennedy, jr., ein artikkel der forfattaren, legen Madhava Setty, skriv at «å påstå at Covid til sjuande og sist kjem frå slangegift er ein dårleg understøtta hypotese». Steve Kirsch trur heller ikkje på dr. Ardis sin hypotese. I eit innlegg på sin Substack-konto skriv han: «Vi er einige i at der er evidens for at viruset liknar på slangegift. Men når det gjeld dei andre påstandane (slik som at det er ei gift som spreier seg i vatnet), kjøper eg den ikkje.»

Ifølgje Stew Peters fann intervjuet hans med dr. Bryan Ardis stad på ei hemmeleg adresse, visstnok for å beskytte dr. Ardis mot gjengjelding frå etablissementet. Peters meiner òg at den nylege SWAT-team-episoden (der han og hans to søner fekk væpna politi på døra etter at ein fiende hadde ringt dei, utgjeve seg for å vere Peters og sagt at han hadde eit gissel som han hadde tenkt å drepe), kan ha vore etablissementets forsøk på å hindre at denne slangegift-historia kom ut.

Kva trur lesarane?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s