Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.
Unge jenter, somme heilt nede i femårsalderen, utviklar kjønnssår på grunn av Pfizers Wuhan coronavirus (Covid-19) mRNA-vaksine.
Dette er ifølgje publiserte, fagfellevurderte artiklar og data frå Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS), programmet som den føderale regjeringa bruker for å samle rapportar om uventa verknader relatert til vaksinasjonar.
Ein av dei nyleg publiserte artiklane i eit medisinsk tidsskrift som snakkar om post-vaksine-kjønnssåra vart publiserte denne månaden i Journal of Pediatric and Adolescent Gynecology. Studien, med namn «Post COVID-19 Vaccination Vulvar Alphthous Ulcers: An Unpopular Case Series,” vart utført av tre legar i pediatri- og ungdomsgynekologi-departementet ved Mercy Children’s Hospital i Kansas, Missouri.
«Med Covid-19-pandemien, såg institusjonen vår Covid-assosiserte aftøse sår,» skreiv forfattarane av studien. «Etter auka bruk av Pfizer-vaksinen i dei under 12 år og over, såg institusjonen vår òg ein serie av post-vaksinasjons-aftøse sår.»
Legane studerte tre jenter, frå 12 til 15 år gamle, som presenterte vaginale sår som byrja å utvikle seg mindre enn tre dagar etter at dei fekk andredosen av Pfizers mRNA-Covid-19-vaksine.
Kvar av jentene fekk den fyrste dosen av vaksinane utan komplikasjonar. Men alle tre, innan den andre dagen etter at dei fekk andredosen, byrja å oppleve smerte i kjønnsorgana. Alle tre barna vart frakta til Mercy Children’s Hospital mellom juni og september 2021 og vart diagnostiserte med aftøse lesjonar [sår] på vulva [ytre kjønnsorgan].
Òg kjent som Lipschutz ulcer, er dette ein svært sjeldan, ikkje seksuelt overført tilstand som sjølv dei klokaste gynekologane i verda veit svært lite om. Hovudsymptomet er store, djupe sår i kvinnelege kjønnsorgan. Det forårsaker òg smerte, utilpassheit og feber.
Kvar av jentene leid av fleire store sår i genitalia sine, der nokre av dei vart nekrotiske. Ingen av dei var seksuelt aktive eller hadde hatt tidlegare Covid-19-infeksjon eller til og med nyleg eksponering.
Jenter so unge som fem år kan òg utvikle genitale sår etter Pfizer-vaksinasjon
Mange andre studiar beviser at Pfizer-vaksinen gjev jenter kjønnssår.
I Wisconsin utvikla ei frisk, 12-årig jente utan tidlegare seksuell historie feber dagen etter at ho fekk andredosen av Covid-19-vaksinen. Ein dag seinare utvikla ho tre smertefulle sår på kjønnsorgana sine, der eitt av dei var nekrotiske.
I Children’s Minnesota, vart ei 16-årig jente med inga tidlegare seksuell historie febril, fatiguert og opplevde muskelsmerter innan 24 timar etter at ho tok sin andre Pfizer-Covid-19-vaksine. Seinare utvikla ho sår i sitt vaginale område. I løpet av dei neste to dagane vart såra på høgre side av vagina-området om til eitt stort sår som oste gult og grått, med nekrotiske delar som gav ho intense smerter.
I Colorado fekk ei fem-årig jente andredosen av Pfizers dødelege Covid-19-vaksine tilbake i november. Innan ein dag utvikla ho muskelverk, armsmerter og eit vaginalt sår som gjorde det vanskeleg å gå. Tilfellet vart rapportert til VAERS og det var uløyst.
Kommentar frå saksyndig: Nyleg kom det fram at Pfizer fekk inn so mange uventa biverknader at dei måtte tilsetje 2400 fleire tilsette til å ta seg av papirarbeidet og dataprosesseringa. Pfizer har òg innrømt i eit konfidensielt dokument at Covid-19-vaksinen forårsaker antistoff-avhengig forsterking (at ein blir meir mottakeleg for virusinfeksjon og reagerer kraftigare på den). Pfizer-vaksinen er i tillegg bekrefta å tilby mindre enn 1% beskyttelse mot Covid-19. Var det visse politikarar, maktpersonar og helsetoppar som sa at vaksinane er «trygge og effektive»? Forklar det til desse stakkars jentene!