Er det befolkningsutskifting på gang i USA?

Hemmeleg plan for å overfløyme USA med millionar av «økonomiske migrantar» er avslørt i det Biden-regimet erklærer krig mot amerikanske borgarar

Av JD Heyes, Natural News. Omsett (og noko forkorta) av saksyndig.

Biden-regimet sin plan for å fullstendig øydeleggje USA, som ærleg tala byrja under Barack Obama, går eit steg vidare, som blir bevist av oppdaginga av ein hemmeleg plan som blir implementert av Department of Homeland Security sin sekretær Alejandro Mayorkas.

Ifølgje Breitbart News, har Mayorkas, på kommando frå Obamas folk som eigentleg styrer Bidens Kvite hus, gjeve sitt byrå ordre om å sikre seg at «økonomiske» migrantar blir gjeve kvart eit høve til å bli ulovleg i USA etter Title 42 er oppheva tidleg i mai, same kor mykje skade dei vil påføre amerikanske borgarar.

Mayorkas sine planar vart lagde ut i eit strategidokument i februar som lak ut til Breitbart Texas denne veka. Strategien blir kalla «DHS Southwest Border Mass Irregular Migration Contingency Plan», og på side 16 i dokumentet står det å lese:

«A. Sekretærens intensjon.

  1. Føremål: Føremålet til denne planen er å skildre ei proaktiv tilnærming som på ein human måte hindrar og responderer til auke i irregulær migrasjon over USA [sørlege grense]. Dette vil bli gjort medan ein forsikrar seg at migrantar kan søkje om kvar ei form for lette eller vern [feit skrift lagt til] som dei er berettiga til, inkludert asyl, utsetting av heimsending, og vern mot fjerning under lovene og reglane som implementerer USA sine forpliktingar under Konvensjon mot tortur.»

For å garantere dei maksimale US-skattebetalar-utbetalingane for ulovlege immigrantar, ber DHS-sjefen om minimal arrestasjon og utsending, sjølv om føderal lov generelt forbyr innreise for utanlandske arbeidarar og økonomiske migrantar til landet. Spelet hans gjev «autoritet» for grenseagentar til å sikre seg at so mange ulovlege migrantar som mogleg kan bli i landet «lovleg»:

«Noverande vegar til fjerning [utsending], vil vere avgrensa. Bruk av breiskala-utløysingsmekanismar […] med administrative verktøy er naudsynte for å sikre human og effektiv behandling av migrantar.»

Kva med «human» behandling av amerikanske borgarar?

Ifølgje Breitbart News er prøveløyslatings-sidedøra «ein svært avgrensa autoritet som Kongressen har gjeve for eksepsjonelle situasjonar» inkludert ein sjuk flypassasjer, fortalde Andrew Arthur, ein tidlegare immigrasjonsdommar avisa i fjør. Det «er svært snevert skrive [for eit fåtal personar], men administrasjonen har rast rett forbi avgrensingane», sa han, og noterte seg at Obama-Biden-Harris-regimet rett og slett ikkje bryr seg om amerikansk lov fordi dei veit at ingen kjem til å halde dei ansvarlege.

«I februar ankom opptil 165 000 migrantar grensa, og Mayorkas sleppte inn 74 000 under ulike juridiske krav. Svært få av dei ankomne vart arresterte, og få tidlegare ankomne vart sendte ut, trass den føderale lova,» rapporterte Breitbart News, og la til:

«Den kubansk-fødde Mayorkas er ein ivrig forkjempar for migrasjon, som argumenterte i 2013 at amerikanarar sitt heimland «alltid har vore, og alltid vil vere ein nasjon av immigrantar». Berre rundt ein tredjedel av amerikanarar aksepterer «nasjon av immigrantar»-forteljinga, ifølgje ei undersøking av ei pro-migrasjonsgruppe.

So planen hans ignorerer dei rimelege og rasjonelle økonomiske bekymringane til minst 100 millionar borgarar i USA.»

Som den innsvorne topp-tenestemannen i Department of Homeland Security, er Mayorkas juridisk forplikta til å verne om dei økonomiske interessene til amerikanske borgarar frå ulovlege innvandrarar og skruppellause USA-baserte arbeidsgjevarar som tilset dei. Bekymringane til amerikanarane inkluderer evna til å tene levelege løner i ein arbeidsmarknad som blir strammare og strammare fordi landet har nesten full sysselsetjing; å overfløyme marknaden med ulovlege arbeidarar som vil arbeide for mindre, vil få lønene til å gå ned, ikkje halde dei høgare.

Folka som styrer Biden sitt regime er rett og slett kriminelle. Dei er nikkedokker som set USA sist, og som gjer alt dei kan for å øydeleggje landet vårt slik det vart grunnlagt. Dersom republikanarar vinn stort i november og ikkje held desse folka ansvarlege, vil landet vi voks opp i allereie ha opphøyrt å eksistere.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s