Har etablissementet byrja å sende SWAT-team heim til folk dei ikkje likar meiningane til?

Stew Peters er eit kjent namn innan alternative media, med sitt TV-program The Stew Peters Show som blir sendt på vekedagar på strøymetenester slik som Rumble, Brighteon og Red Voice Media. Der tek han opp dagsaktuelle tema som hovudstraumsmedia etter instruksar frå sine eigarar aldri tek i med ei eldtong, slik som til dømes mRNA-injeksjonsskadar, opphavet til koronaviruset og kva som er den eigentlege årsaka til Ukraina-krigen.

Dette er det openbert enkelte som ikkje likar. Tidleg i april fekk Stew Peters og dei to små sønene hans plutseleg besøk av eit SWAT-team på døra. Nokon hadde gjeve seg ut for å vere Stew Peters, ringt politiet og sagt at han hadde eit gissel hjå seg. Ein mindre sindig person hadde blitt skoten. Ungane hans kunne òg lett ha blitt skotne, som ein temmeleg forbanna Peters fortalde i si 5.april-sending. Han leverte med rette ein tordentale der han lovte at han skulle finne ut kven som hadde sendt ein heil politistyrke heim til han. Sjølv tolkar han dette som eit mordforsøk.

Peters er ikkje den einaste som har blitt utsett for slike åtak frå etablissementet. Ein kollega av han innan alternative media har visstnok fått besøk av SWAT-team heile fem gonger. Tidlegare i vår vart Natural News-eigar Mike Adams brått sjuk av noko han mistenkte var eit nanopartikkel-åtak under ein konferanse som han var til stade på. Han mista stemma i nokre dagar, men greidde takka vere sine ekspertkunnskapar innan naturleg medisin å lækje seg sjølv og gjenvinne stemma. Andre var ikkje so heldige. Dr. Andreas Noack døydde brått i november 2021 etter at han la ut ein video der han avslørte førekomsten av det giftige stoffet grafénhydroksid i covid-19-mRNA-«vaksinane».

Nøkkelpersonar i alternative media her i Noreg får (enno) ikkje væpna politi på døra. Her er hersketeknikkane meir subtile. Redaktørar slik som Pål Steigan (Steigan) og Knut Lindtner (Derimot) har ved minst eitt høve dei siste månadene blitt utsett for svertekampanjar frå etablissementet. Pål Steigan vart fjerna frå ei rekkje verv i utelivet i Oslo etter å ha omtalt Ukraina som «korrupt» og «naziinfisert», medan Knut Lindtner som Derimot-redaktør vart anklaga for å spreie feilinformasjon og konspirasjonsteoriar om koronapandemien, klimakrisa og mediebransjen. Avdøde Hans Gaarder frå Nyhetsspeilet vart utsett for eit regelrett karakterdrap etter sin død våren 2021; han vart hengt ut som covid-19-fornektar og konspirasjonsteoretikar av ei presse som såg ut til å fryde seg over hans bortgang.

Å gå mot straumen har sin pris, men den er verdt å betale for at sanninga skal kome ut. Alternativet er ei dyster framtid som sjølv ikkje dei mest dystopiske framtidsfilmar kan førestille seg. Vi treng dissens, meiningsskilnader og fredeleg, ikkje-valdeleg motstand mot den offisielle forteljinga. Vi treng folk som stiller dei rette spørsmåla og som rettar velgrunngjeven kritikk mot dei bastante påstandane som etablissementet spyr ut av seg på innpust og utpust. Vi treng intellektuell opposisjon, for utan den, blir heile verda éin stat med éi stemme, og den stemma vil neppe tale i vår favør. Ingen med vit og forstand kan leve, langt mindre blomstre, i ei slik ideologisk øydemark.  

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s