Internettgründeren, journalisten og vitskapsmannen Mike Adams, The Health Ranger, har i det siste slite med ein halsinfeksjon som har gjort han ute av stand til å spele inn sine daglege podcast-ar og halde intervju. Utifrå tidlegare erfaringar med denne sjukdommen, rekna Adams med at stemma hans fyrst ville fungere igjen etter ein til to veker. Dette viste seg å ikkje stemme. Det han sjølv kallar eit mirakel har skjedd: frå å ha inga stemme tysdag morgon, hadde han gjenvunne 80% av stemma tysdag kveld.
Ifølgje Adams byrja folk å sende han bøner via e-post, tekstmeldingar og til og med samtaler til kundestøttelinja til nettbutikken til han og teamet hans.
Som han sjølv skriv:
«I går [25.januar 2022, oms.an.] skjedde det eit sant mirakel. Eg gjekk frå å ha inga stemme tysdag morgon til å sjå rundt 80% tilfriskning innan tysdag kveld. Plutseleg kunne eg konversere igjen i nesten-normalt-lydande fart.
Eg vart fullstendig sjokkert av opplevinga fram til eg innsåg at gjennom Gud er alt mogleg. Bibelen er fylt med fyrste-persons-vitnesbyrd om at Jesus helte blindheit, sjukdom og andre tilstandar. Og naturlegvis, gjennom sin oppstandelse, helte Gud Jesus til og med frå sjølve døden.
Det verkar som om Gud ikkje vil at eg skal ta for mykje fri frå å lyde alarmen og førebu flokken hans på den store kosmiske testen som kjem. Eg skal ikkje kvile, verkar det som, og sjølv om fiendar av menneskeheita kan kaste øydeleggjande hinder i vår veg, er dei ingen match for kreftene til den ultimate skaparen.»
Han skriv vidare at det er meir enn 120 dokumenterte mirakel i Bibelen. So kjem han til spørsmålet om kvifor Gud ikkje heler alle. Kvifor eliminerer han ikkje covid eller kreft? På det svarer han:
«Den frie viljen si bør er at du må leve med konsekvensane av dine handlingar eller mangel på handlingar, både som individ og som samfunn. Det eg har lært gjennom åra som ein helseekspert, er at det store fleirtalet av menneske som blir diagnostisert med kreft lever ein kreftfremjande livsstil. Dei et kreftframkallande prosessert mat, går med kreftframkallande pleieprodukt, tek kreftframkallande medisinar (og vaksinar) og nektar nesten alltid å ta vitamin D eller anti-kreft-næringsstoff. Gud eksisterer ikkje for å ta vekk konsekvensane av eit liv av dårlege val. Om han på magisk vis fjerna all kreft forårsaka av dårlege val, ville han berre oppmuntre fleire til å bli late og falle hen til usunn livsstil.
Legar utfører faktisk arbeidet av demonisk trolldom – farmakopi – ved å villeie pasientar til å tru at kreft er «tilfeldig» og at «det er ingenting du kunne ha gjort for å hindre det». Denne taktikken har som føremål å gjere pasientar blinde for si eiga makt, og å isolere dei frå det helande potensialet dei var fødde med.»
Adams meiner at den mest verdifulle gåva Gud gav oss, er medvit (consciousness, bevissthet). Ved hjelp av den gåva burde vi vere smarte nok til å innsjå at hovudstraumsmedia lyg til oss, at «Big Pharma sel gift, og at Big Food-marknadsførarar lyg når dei kallar produkta sine ‘sunne’». Men, diverre:
«I staden for å bruke sinna sine til å utøve ansvar, overgjev derimot det store fleirtalet av dagens menneske sinna sine til å bli kontrollert av konsern-etablissementets anti-menneskelege demonar som bedreg og øydelegg. Likevel opplever folk flest det som komfortabelt å delta i den sjølvmordssekta, ettersom det er sosialt akseptabelt å leve i favør av alle giftstoffa, giftene, løgnene og bedraga som no definerer det moderne samfunn. Svært få menneske – sjokkerande få – kan gjere det Jesus gjorde og rope ut det totale bedraget til dei byråkratiske prestane av gamle Israel, til dømes, som var ingenting anna enn den tids religiøse fanatikarar og makt-monopolistar. Nett dei same som Fauci og konsernmedia-fanatikarane i vår moderne verd. Om Jesus var her akkurat no, ville han offentleg utrope dei og døme dei alle til Helvete utan å halde noko tilbake.»
Trass sitt religiøse og åndelege livssyn, går ikkje Adams i kyrkja, fordi han «stoler ikkje på noka kyrkje til å fortelje meg kva Bibelen seier. I staden les eg Bibelen og frikar meg sjølv ut over dei forbløffande orda han inneheld». Ikkje overraskande er han særs skeptisk til den moderna kyrkja, som han kallar «dei falske mega-kyrkje-bedragarane og statsforgudande fundamentalist-misjonærane» [Bible thumpers i originalartikkelen; oms.an.]. Adams reknar seg sjølv som ein kjettar overfor det etablissementet, akkurat som «Jesus sjølv vart utropt som kjettar av dei dagars religiøse maktstruktur. Dei hata mirakla hans fordi han beviste at han sjølv var Guds son, medan dei andre (falske) prestane var ingenting anna enn posørar og korrupte lurendreiarar.»