Gullkorn frå Documents kommentarfelt: «Ver takksam for vaksinen, for den skil mellom menneske og kveg»

Uavhengige nettaviser som Resett og Document har ofte interessante artiklar om kontroversielle tema som knapt nok blir tekne i av ei eldtong av det kjøpte og betalte hovudstraumsmedia. Kommentarfeltet til artiklane er derimot like leseverdig, og av og til støyter ein på gullkorn. Denne frå «Kurt Kubein» er etter mitt syn ein av dei betre kommentarane. Her er sjølve biletet han lasta opp. Teksten er omsett av saksyndig:

«Ver takksam for vaksinen. Den laga eit klart synleg skilje mellom menneske og kveg. Alle som tok den, same av kva slags grunn, bøygde kneet til tyrannar. Det speler inga rolle om dei vart tvinga, bestukke, mobba eller loge til. Inga mengd forklaringar eller rettferdiggjering endrar det faktum.

Jobben min.

Kjærasten min.

Mora mi.

Barna mine.

Reisene mine.

Det speler inga rolle. Du signaliserte til staten at du har ein pris som du er viljug til å byte fridommane dine mot.

Det viser ein overordna karakterveikskap. Du er tilbøyeleg for gruppepress. Du er tilbøyeleg for tvang. Du manglar framsyn til å førebu og redde. Du er ikkje uavhengig. Denne typen menneske vil eg ha ingenting å gjere med.

Ikkje for vennskap – for dei er berre følgjarar utan lojalitet.

Ikkje for kjærleik – for dei vil setje andre framfor familie og vil overføre illojalitet til barna våre.

Ikkje for forretning – for dei vil bedra for personleg vinning.

Korleis kan eg forvente lojalitet frå menneske som ikkje kan forbli lojale mot seg sjølv?»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s