Når det gjeld konfliktar, har vernepleiarane ei haldning som får strutsar til å verke som fryktlause vikingar i kamp. Avdelingsleiarane tek ikkje i slike uovereinskomstar med ei eldtong. Helst føretrekkjer dei å sitje på gjerdet og håpe at konflikten går over av seg sjølv utan nokon vidare intervensjon frå deira side. Som regel vil jo konflikten gå over til slutt, ved at ein av partane myrdar den andre i kaldt blod, og då vil jo denne keisame affæren vere ute av verda. Her gjeld det å feie ting under teppet og totalt ignorere klageropa frå tilsette som ikkje lenger toler trynet på kvarandre.
Når avdelingsleiar ein sjeldan gong tek affære, vel han å vidaredelegere saken til verneombodet, ettersom personalkonflikter går på det psykososiale arbeidsmiljøet, som jo er ein del av verneombodsfeltet. Verneombodet påpeiker at hans oppgåve er å sjå til at arbeidsgjevar følgjer Arbeidsmiljølova, og at det er eit leiaransvar å løyse konfliktar. Med leiarløn følgjer òg leiaransvar.
Frå her av blir konflikten ein kasteball i det kommunale systemet:
Dersom leiar sjølv meiner seg ukvalifisert til oppgåva (og dermed i røynda diskvalifiserer seg sjølv frå leiarrolla), må saken takast opp på eit høgare nivå. Avdelingsleiar vel å drite syltynt i det den ikkje-høgskuleutdanna kollegaen kjem med, og hiv denne saksballen vidare til personalkonsulenten. Diverre er personalkonsulenten òg ein vernepleiar, og ho nyttar same teknikken med sin dyktige kommunale kastearm. Dessutan er ho uviss på rolla si i dette, og bed om bistand frå soneleiar. Den bistanden kan ho sjå langt etter, for soneleiar er so godt som aldri å oppdrive. Saken endar difor opp tilbake hjå avdelingsleiar, som igjen vel å kaste den heite poteta til verneombodet.
Slik går personalsaken i ein æveleg runddans. Avdelingsleiar vil ikkje ta tak i det, verneombodet kan ikkje, og personalkonsulenten veit ikkje. Det går vinter og vår utan at nokon tek ansvar og gjer jobben sin. Denne administrative inkompetansen gjer at konflikten kan eskalere i ro og mak.
Ein vakker dag byrjar avdelingsleiar å fatte ein vag mistanke om at alt ikkje er fryd og gaman i personalgruppa. To erfarne hjelpepleiarar trugar med å kontakte Bedriftshelsetenesta om ikkje avdelingsleiar snart tek og gjer noko med deira ufyselege vernepleiarkollega, som håner dei, trakasserer dei og går rundt som ein drillsersjant og kommanderer dei rundt. No må nokon snart ta ansvar før folk seier opp i protest!
Avdelingsleiar har sin eigen måte å gjere ting på. Han har eit slags fasitsvar. Dersom det oppstår konflikt mellom nokon i personalgruppa, bruker han til slutt styringsretten og omplasserer dei som ikkje har høgskuleutdanning, for i hans verd er det utenkjeleg at vernepleiarar er skuld i noko som helst. Konflikt mellom to ikkje-vernepleiarar er litt verre, men her omplasserer han likegodt begge to, slik at han slepp å forhalde seg til denne kranglinga meir. Konflikt mellom to vernepleiarar? Det skjer berre ikkje, for det er utenkjeleg at nokon med høgskuleutdanning skal nedverdige seg til barnleg krangling!
Her er det ikkje på nokon måte snakk om å gå i dialog med dei stridande partar, for det er rett og slett for ressurskrevjande. Ingenting er enklare enn å trylle fram eit enkeltvedtak om omplassering, oppseiing og liknande disiplinærstraffer.
Resultatet blir at dei to hjelpepleiarane blir omplassert til lågare stillingsprosentar og dårlegare arbeid, sidan Arbeidsmiljølova opnar for dette. Der kan nok kome represaliar og juridiske trugslar frå fagforeininga med tid og stunder, men dette er ein risiko avdelingsleiar har kalkulert inn i rekneskapen. Han har òg statistikken på si side, for det er uhyre sjeldan at ein simpel fagbrevutdanna vel å ta opp kampen mot ein med høgskuleutdanning!
I ettertid hevdar avdelingsleiar overfor sin overordna, einingsleiar, at denne konflikten kom som lyn frå klår himmel, endå hjelpepleiarane har levert inn klage etter klage på vernepleiarkollegaen. Klart, dersom han er fullstendig uvetande om at ingen ikkje-vernepleiarar i personalgruppa toler trynet på han, so er det ikkje å vente at han skal kunne merke meir subtil uro blant personalet.
Omplasseringa gjer ingenting betre. Nemnde vernepleiar, som etter kvart er kjent som avdelinga sin store narsissist og drama queen, vel seg berre nye offer i personalgruppa, nemleg dei to helsefagarbeidarane som fagforeininga tvingar avdelingsleiar til å ta inn for å dekkje stillingsvakansen og dei formelle kompetansekrava.
At personalet ikkje akkurat er perlevenner, merkar administrasjonen når det skal arrangerast julebord. Berre avdelingsleiar, einingsleiar og personalkonsulenten dukkar opp i det store lokalet. Ingen ikkje-vernepleiar er å sjå i området. Ingen har heller laga mat, sidan alle trudde at hjelpepleiarane ville lage og bringe maten. Dei har med alkohol, men berre til seg sjølv, sidan alle rekna med at dei fagbrevutdanna og ufaglærte ville spandere drikkevarer i ein freistnad på å oppnå godvilje og dermed høgare stillingsprosent. Kanskje til og med fast stilling. Alle går tom for alkohol altfor fort, og det blir tidleg kveld. Sameleis går det når det skal arrangerast volleyballturnering. Avdelingsleiar og ein av fagkonsulentane (naturlegvis òg ein vernepleiar) er dei to einaste som dukkar opp. Einingsleiar er ikkje å oppdrive, han tek ikkje eingong telefonen. Ingen har heller reservert idrettshallen, ettersom alle vidaredelegerte oppgåva til ein underordna. Avdelingsleiar klør seg i skolten, for dette går langt over det vesle han har av forstand.
Konfliktar er derimot ikkje berre avgrensa til å gjelde blant bistandsutøvarane. Der oppstår frå tid til anna òg usemje mellom det utøvande og det mottakande ledd, altso mellom personalet og brukarane. Enkelte personar med diagnosen psykisk utviklingshemming (sokalla PU-ar) har det ein trygt kan kalle dårleg oppdragelse, og her ligg feilen hjå foreldra og vernepleiarane. Dersom ein PU seier «hopp» til ein vernepleiar, spør vernepleiaren «kor høgt?». PU-en er ikkje dum, sjølv om diagnosen eksplisitt seier at han er det. Er han ein høgtfungerande PU, veit han å utnytte systemet kynisk.
Ein gong hadde Tenester til heimebuande utviklingshemma oppdrag hjå ein godt gjødd brande i ei diger høgblokk. Der skulle personalet kome og lage middag til han kvar bidige dag, pluss at det skulle gjerast ymse husarbeid av uspesifisert karakter. På den tida hadde avdelingsleiar nettopp teke inn som ringjevikar ei middelaldrande dame som i godt vaksen alder, etter å ha jobba med PU-ar i mange Herrens år, hadde teke fagprøve som helsefagarbeidar. Ho var av den gamle skulen staute damer, som var streng, men rettferdig, og som hadde sett til verda og sømeleg oppdrege fem ungar, som alle var blitt folk av. Ho var kort fortalt ikkje den som fann seg i skit frå den dårleg oppdregne bermen!
Ho møtte hjå brukaren på si fyrste vakt, og hadde då tre andre oppdrag bak seg som var gjort på ein ypparleg helsefagarbeidarmåte; pragmatisk, effektivt og heilt etter boka og naturlegvis etter sunn fornuft. Brukaren kom med sine krav, som denne staselege, byrge dama lytta til med høfleg, verdig mine i sitt vakkert tilårskomne andlet.
Dagens meny var heimelaga raspeballar med røykjeknoke, kålrotstappe og bacon. Etter å ha lytta i fem minutt på den utførlege, omstendelege og so godt som endelause utgreiinga til denne korpulente karen, informerte ho han sakleg om at der ikkje var innvilga nok tid til å lage ein slik komplisert rett. Kjøtet måtte koke i minst to timar, so dette måtte brukar ha informert om tidlegare. Ho kunne då ha fare til han heilt på byrjinga av vakta, sett kjøtet på koking og so reist på sine andre oppdrag. Innan ho hadde raspa poteter, blanda i mjøl og kokt raspeballane, ville kjøtet ha vore ferdigkokt. No var det ikkje tid til dette, og brukar fekk då tilbodet å ha middagspølser i staden for røykjeknoke til raspeballane, sidan middagspølse berre skulle trekkje ei lita stund.
Brukar tok dette ille opp, for ettersom vernepleiarane hadde bukka og skrapt for han i alle år og aldri sagt han i mot på nokon som helst måte, var dette som eit piskeslag over hans nakne rygg. Han hadde visst pokker sine rettar, og det å nekte han røykjeknoke til raspeballane, var sidestilt med overgrep! Med raudmussa andlet og med små griseauge som lynte av raseri, gjekk brukaren til åtak på dette prakteksemplaret av ei hardtarbeidande, pliktoppfyllande helsefagarbeidarkvinne. Ho rekvirerte med å dytte han unna so han fall i sofaen med eit larmande drønn – den tjue år gamle Bohus-sofaen knakk nesten under vekta til denne digre tjukkasen. Ho forlét so leilegheita utan å skrelle so mykje som ei potet eller vaske eit einaste asjett.
Etter at brukar grinande hadde ringt til si overbeskyttande mor og fortalt om dette «overfallet», møtte mora neste morgon klokka halv ni opp i administrasjonen med froden ut or den gultanna kjeften. Ho bykste i strupen på alle dei fem redde harane av nokre fagkonsulentar. I tillegg skjelte ho huda full både avdelingsleiar og einingsleiar, som tilfeldigvis sat og drakk kaffi på eit kontor i nærleiken. Ho som pensjonert vernepleiar ville ha seg fråbede på det sterkaste at hennar kjære, «intellektuelt utfordra» barn vart mishandla og nekta middag av valdelege kriminelle! Den gamle, skinnmagre kjerringa var som eit vilt dyr, og det var ikkje måte på kva represaliar ho glefsande forlanga skulle setjast i verk mot den fagbrevutdanna.
Bleik i leten valde avdelingsleiar å kalle helsefagarbeidaren inn til drøftingsmøte. Dette sokalla «møtet» viste seg å vere ein langdryg einetale frå avdelingsleiars side, der han totalt ignorerte dama si side av saken. Han opplyste ho om at ho ville bli fjerna frå vikarlista, og at ho ikkje lenger var ønskt i kommunen. Dette var eit enkeltvedtak som hadde blitt godkjent av etatsdirektøren, som var like vantru og rysta over dette «overgrepet» som både einingsleiar og avdelingsleiar. Dette var i praksis avskjed. Juridisk sett hadde ho fått jobbforbod i heile den kommunale helsesektoren i denne kommunen.
Avgjerda vakte forvirring og misnøye i personalgruppa. Vernepleiarane heldt med avdelingsleiar medan ikkje-vernepleiarane fnyste i forakt over at sjefen deira kunne tru på dei absurde løgnene til brukaren, som jo hadde rykte på seg for å vere sær, vanskeleg og ufordrageleg. Helsefagarbeidaren måtte til si lamslegne overrasking sjå seg om etter jobb andre stader. Til slutt fekk ho ei fast hundreprosentstilling på ein privat sjukeheim, der ho treivst som fisken i vatnet. For ho fekk denne keisame affæren ein lukkeleg ende.
Karma var òg inni biletet, for ein ettermiddag oppdaga avdelingsleiar til si store vantru at nokon hadde punktert alle fire dekka på Teslaen hans – og det var hans tur å hente minsteungen i barnehagen. Dette var i tillegg ein barnehage der dei bøtela foreldre som var for seint ute for å hente ungane. Det vart oppretta politisak, og den nyss avskjediga helsefagarbeidaren var hovudmistenkt. Ho hadde dermed alibi, og politiet henla difor saken etter kort tid. Diverre fekk avdelingsleiar igjen på forsikringa. Han fekk derimot ikkje dekt bota han måtte betale til barnehagen.
Hendingane som er skildra i denne teksten er fullstendig oppdikta. Dersom du skulle ha ei slik leiing (noko eg inderleg håper du ikkje har!), vil eg tilråde deg å finne jobb ein annan stad. I våre dagar er helsepersonell høgt etterspurt, og du vil enkelt skaffe deg arbeid ein stad med meir oppegåande leiing og administrasjon. Kor du enn hamnar, hugs berre denne enkle køyreregelen:
Arbeidsgjevar er ikkje din venn.