Sjeldan, men viktig støtte i ei utfordrande tid for menneskeheita

Onsdag 26.januar hadde eg like før vakta mi byrja, ein samtale med ei av dei dyktige kollegaene mine, som i ein månads tid hadde vore omplassert frå ambulerande team til å jobbe på den aude sjukeheimen; den er for tida råka av ekstrem personalmangel. Eg fortalde ho om den skandaløse vakta eg hadde måndag den veka, og mine tankar rundt det at sjukeheimen ser ut til å ha ein agenda for å tilsetje fleire og fleire utlendingar som ikkje beherskar norsk, noko som beviseleg er til ulempe for bebuarane og det norsktalande personalet.

Kollegaen, som eg frå no av kallar «Juliane», nikka gjenkjennande til problemet. Ho nemnde at kollegaen hennar hadde slutta på sjukeheimen på grunn av alle utlendingane som det ikkje gjekk an å kommunisere med. Ho sa deretter at eg var so grei å jobbe med, fordi eg var so dyktig i jobben min. Eg sa det same om ho. Ho er den sjeldne kollegaen som ein får umiddelbar tilknytting til, og der kjemien er so godt som perfekt. Kvar vakt med ein slik tilsett er himmelriket på jord.

Praten kom over på den langvarige nedstenginga som sjukeheimen hadde blitt offer for, og på koronatiltak generelt i samfunnet. Ho sa at ho sjølv hadde kjent seg svært trøytt etter at ho tok tredje dosen, og at ho hadde kraftig, uforutsigbar menstruasjon som til tider var svært smertefull. På ei tidlegare vakt hadde ho brått blitt råka av denne menstruasjonen, og hadde sete og vridd på seg i ein lenestol i ein times tid. På eit tidspunkt måtte ein kollega av ho sitje og trøyste ho då ho byrja å grine av smertene. Til slutt måtte ho rett og slett forlate arbeidsstaden, to timar før vakta slutta. No gjekk det heldigvis betre med ho, men ho sa at ho hadde null kontroll over sin eigen menssyklus, og at ho ikkje ante kor lenge dette «helvetet» varte kvar gong det skjedde. Eg sa at mange andre damer hadde liknande erfaringar, noko ho hadde mistanke om. Som dei fleste i våre mørke dagar, kjenner ho folk som har blitt alvorleg skadde av dei sokalla korona-«vaksinane».

«Juliane» hadde 26.januar snakka med leiar om moglegheita for å få fleire vakter på sjukeheimen fordi ho lika so godt å jobbe der. Meir presist lika ho so godt å jobbe med meg (men det sa ho ikkje til leiar, naturlegvis!). Leiar hadde fortalt ho at for tida var ikkje dette mogleg, ettersom det frå høgste hald hadde blitt bestemt at både Juliane og kollegaen skulle tilbake på sitt ambulerande team når januar månad var over. Eg nemnde at ein framandspråkleg helsefagarbeidarlærling plutseleg hadde fått ei 100%-stilling ved sjukeheimen, og at denne stillinga (so vidt eg kunne sjå) aldri hadde blitt lyst ut.

Eg nemnde i same andedrag at eg sjølv hadde seks månader prøvetid, og at arbeidsgjevar i den perioden langt lettare kunne seie meg opp enn om eg hadde vore fast tilsett. I prøvetida treng nemleg arbeidsgjevar berre å kunne vise til brot på følgjande tre punkt: 1) manglande tilpassing til arbeidet, 2) manglande faglegheit og 3) manglande pålitelegheit. Eit uoffisielt fjerde punkt, «anna sakleg grunngjeving», kan i prinsippet vere kva som helst, til dømes skepsis til restriksjonar og nedstenging av sjukeheimen på spinkelt helsefagleg grunnlag. Og fyrste punktet, «manglande tilpassing», kan vere manglande evne til å kommunisere med utlendingar som ikkje kan norsk, og som snakkar dårleg engelsk. Regelverket opnar med andre ord opp for at ein arbeidsgjevar kan seie opp ein påliteleg og dyktig helsefagarbeidar som nektar å ta «vaksine», og som ikkje jobbar so godt med folk som er nesten umogleg å kommunisere med (og kven klarer eigentleg det?).

Juliane sa då med store auge og eit vantru smil at:

«Dei kjem nok ikkje til å gje slepp på deg so lett! Du er jo flink, og sjukeheimen treng desperat slike som deg!»

Eg sa at so nyleg som 2019 hadde dette vore tilfelle. No var eg ikkje lenger so sikker. Den sokalla «pandemien» har gjort leiarar og maktpersonar rusa på si eiga totalitære bølleåtferd, og dei ser i tillegg ut til å ha blitt fullstendig blinde for konsekvensane av å fjerne dyktige tilsette som ikkje deler regimet sitt syn på korona. Eg har sjølv erfart at dersom arbeidsgjevar bestemmer seg for å bli kvitt ein tilsett, same kor fagleg dyktig vedkomande er, er dette urovekkjande enkelt. Dei treng berre å bruke eit hav av pengar og ressursar på å raske saman ei avskjedssak som dei køyrer gjennom systemet so fort og gale at ingen med reell kompetanse i arbeidsrett rekk å oppdage denne grove uretten. At helseføretaket og bebuarane blir alvorleg skadelidande, ser dei ut til å drite i.

Juliane sa, før ho gjekk, at ho håpte ho fekk jobbe med meg igjen. Eg svarte at eg håpte det same, ettersom det er reine paradis å jobbe med nokon som faktisk går an å kommunisere med.

I denne utfordrande tida for menneskeheita, er det viktig å ha allierte som du kan stole på, og som deler verdssynet ditt. Ein annan viktig person på jobben, er den uvaksinerte nattevakta. Ho deler mitt syn på koronasituasjonen, og kjenner fleire viktige nøkkelpersonar i den norske motstandsrørsla. Ho er av den oppfatning at når folket vaknar frå massedanningspsykosen, vil dei fleste oppleve både sjokk, depresjon og fortviling over at dei lét seg føre bak lyset. Dei fleste er blitt hjernevaska av psykologisk krigføring og teknikkar utvikla av etterretningsbyrå. Helsepersonell er blitt lurt og manipulert til å genuint tru at mRNA-injeksjonane er vaksinar, og at dei er trygge og effektive. Mange av dei har sjølv sett mRNA-sprøyter på menneske, og dermed gjort seg skuldige i grov medisinsk uforstand i beste fall. Dersom personen seinare har døydd av denne eksperimentelle genterapien, har dei diverre òg gjort seg skuldige i drap.

Det sentrale spørsmålet, trur både eg og nattevakta, vil vere om slike handlingar vil kunne få strafferettslege konsekvensar. Det kan berre ein domstol avgjere, ettersom det er snakk om særs kompliserte juridiske, etiske og moralske dilemma. Det einaste som no er sikkert, er at sentrale maktpersonar som burde ha visst betre, gjennom dekret, ordrar og medisinsk feilinformasjon har påført stor mental og fysisk skade på sine eigne medmenneske. Dette er reelle brotsverk mot menneskeheita. For det bør dei straffast. Kor hardt, vil tida framover vise.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s