Driv sjukeheimen bevisst sabotasje av arbeidsmiljøet?

Den aude sjukeheimen som eg for tida jobbar på, fekk 1.januar 2022 ny leiing: to damer i 20-åra. 2.januar stengde sjukeheimen ned etter at ein trippelvaksinert tilsett testa positivt på ein hurtigtest. Fyrst 24.januar opna sjukeheimen opp igjen, etter meir enn tre vekers total nedstenging, og der ingen pårørande fekk besøke sine kjære. I dei tre vekene vart det gjennomført omfattande massetesting både av personalet og bebuarane – og eg har grunn til å tru at enkelte av bebuarane gjentekne gonger vart testa mot sin vilje. Ingen av dei særs få som testa positivt viste nokosinne kliniske symptom på luftvegsinfeksjon. Det er òg uvisst kva for variant av koronaviruset dei hadde i kroppen.

No når sjukeheimen har opna igjen, ser eg ein ny urovekkjande trend frå den nye leiinga. I det siste har vaktmeisteren og ein elektrikar med jamne mellomrom dukka opp uanmeldt, ofte midt i førebuinga av måltid til bebuarane, og byrja å måle opp og «inspisere» det elektriske anlegget på kjøkkenet, inkludert lysrøyr. Dette har gjort det svært upraktisk – på grensa til umogleg – å førebu måltida etter allmenne hygieniske prinsipp. 24.januar dukka vaktmeisteren og elektrikaren opp og byrja å rive ned delar av kjøkkenet midt under frukosten. Det låg plutseleg plankebitar og verktøy over kjøkkendiskane og golvet; kjøkkenet såg meir ut som ein sløydsal enn eit sjukeheimskjøkken. Bebuarane reagerte negativt på denne forstyrringa av matroa.

Når dei to mennene so hadde rive ned halve kjøkkenet, forsvann dei i fleire timar. Det såg ut som dei hadde dauda ifrå arbeidet. I mellomtida var det umogleg å bruke kjøkkenet. Det gjekk mellom anna ikkje an å vaske opp i den industrielle vaskemaskina fordi det låg verktøy, skruar og plankebitar oppå og rundt den. Elektrikaren kom tilbake like før middagen skulle serverast klokka eitt. Då hadde ingen sett snurten av han sidan titida. Han byrja so å installere nye lysrøyr over kjøkkendiskane.

Dette hadde som konsekvens at eg måtte servere middag til ei avdeling med bebuarar frå ei tralle ved middagsbordet, med det talet bestikk, glas og fat som måtte vere tilgjengeleg. Eg hadde ikkje fått vaske opp, so vi hadde lite reint bestikk, glas og fat igjen. Igjen reagerte bebuarane negativt. Elektrikaren forsvann i totida, når middagen for lengst var over. Den nye belysninga på kjøkkenet har ein skarp, laboratorieaktig glød, og der er montert nye metallister på veggane som vidare bidreg til å gje kjøkkenet eit klinisk, institusjonsliknande preg.

Det plutselege, fullstendig uanmeldte besøket til vaktmeisteren og elektrikaren førde til alvorlege driftsforstyrringar, og ikkje minst alvorlege forstyrringar i arbeidet eg gjer som helsefagarbeidar. I tillegg førde plutseleg sjukefråvær på naboavdelinga til at eg var åleine på avdelinga store delar av vakta, ettersom dei eg jobba med vart flytta over der for å fylle vakansen som brått hadde oppstått. Leiar og nestleiar hjelpte berre til unntaksvis.

Tilbake i november 2021 kom dei same to mennene til avdelinga brått og uventa – igjen midt under eit måltid – og byrja å rive ned det gamle kjøkkenet med hammar, spett og drill. Dei etande bebuarane fann dette særs forstyrrande sidan dei to mennene laga mykje bråk. Kjøkkenet vart i løpet av dei neste par timane redusert til ein plankehaug. Den plankehaugen låg der i to heile dagar før dei kom tilbake og rydda opp etter seg. I mellomtida var kjøkkenet umogleg å bruke, og vi måtte låne det til naboavdelinga. Det nye kjøkkenet stod ikkje ferdig før siste veka før jul. Avdelinga hadde med andre ord ikkje eit fungerande kjøkken på ein og ein halv månad.

Rykta ville ha det til at arbeidet trekte ut i tid fordi det nye kjøkkenutstyret (benkjeplater, skapdører, vaskar og liknande) sat fast på eit containerskip ein stad i verda på grunn av den pågåande forsyningskrisa.

Dette var ei lita utgreiing om ei vesentleg forringing av det fysiske arbeidsmiljøet, til stor ulempe både for personalet og bebuarane. No går eg over til å drøfte det psykososiale arbeidsmiljøet. Det er fleire kollegaer på sjukeheimen som etter mitt syn ikkje har gode nok norskkunnskapar til å jobbe i pleia. Eg kan berre kommunisere med dei i begrensa omfang, og då nesten alltid på engelsk. Ingen av bebuarane er nemneverdig flinke i engelsk, so der er språkproblema endå meir alvorlege. Desse kollegaene sine manglande norskkunnskapar fører til tider til store kommunikasjonsproblem i personalgruppa, noko som igjen fører til at den daglege drifta blir vesentleg forstyrra.

På grunn av skyhøgt fråvær i personalgruppa på sjukeheimen, valde pleie- og omsorgssjefen å mellombels omplassere personale frå dei ambulerande teama i kommunen: heimesjukepleia og heimetenesta. Desse kom til sjukeheimen i desember 2021. Dei er alle faglærte, dyktige og forstår faktisk norsk. Bebuarane er særs fornøgde med helse- og omsorgsarbeidet desse sjukepleiarane, helsefagarbeidarane og assistentane utøver. Eg sjølv har òg vore særs fornøgd med å jobbe med dei, ettersom det er so lett å kommunisere med dei.

No er det diverre blitt bestemt at desse dyktige, norsktalande vikarane skal tilbake igjen i sine opphavlege ambulerande team – sjølv om det framleis er skyhøgt fråvær i personalgruppa; faktisk er fråværet verre no enn det var før jul. No går vi tilbake til å jobbe med utlendingar som ikkje forstår oss, og som heller ikkje forstår bebuarane. Bebuarane sjølve likar det særs dårleg at dei dyktige kollegaene frå heimetenesta og heimesjukepleia no forsvinn. Nokre av dei som bur på mi eiga avdeling, har ved minst eitt observerbart høve nekta hjelp frå utlendingane, fordi utlendingane ikkje skjøner dei (og omvendt).

Å jobbe med folk som ikkje snakkar språket er for meg svært frustrerande. Eg meiner at desse ufaglærte utlendingane er som sand i eit elles so velsmurt maskineri. Etter mitt syn har leiinga gjort ei bekymringsverdig vurdering ved å tilsetje dei til å jobbe med våre eldre, ei av dei mest sårbare gruppene i samfunnet. 25.januar, då eg jobba kveldsvakt med ei av dei to vikarane som hadde blitt omplassert frå ambulerande team, bekrefta både ho og kollegaen hennar frå det same teamet at dei hadde liknande erfaringar. Det gjorde òg ein sjukepleiar og verneombodet i ein lunsjsamtale vi tre hadde nyleg. Ved eit anna høve fortalde ein annan sjukepleiar om liknande kommunikasjonsproblem med utlendingane. Ho er sjølv utlending, men snakkar flytande norsk.

Den eine kollegaen frå ambulerande team sa at ho sjølv hadde jobba på sjukeheimen før, men at ho valde å søkje seg over til heimetenesta på grunn av alle utlendingane som det ikkje gjekk an å kommunisere med. Ho fann nemleg ut at so å seie ingen slike utlendingar jobbar på ambulerande team. Desse teama krev nemleg klasse B-førarkort, noko nesten ingen av dei har.

Eg har gode grunnar til å tru at leiinga er klar over problemstillinga, men at dei ikkje kjem til å gjere noko for å løyse problemet. Ein anna helsefagarbeidar som er med i denne «indre kjernen», og som skal byrje i ei administrativ stilling no i februar, fortalde meg følgjande interessante nyheit under ein nyleg lunsj:

I tillegg til å vere helsefagarbeidar og påtroppande rådgjevar, jobbar ho òg som frilansjournalist. Ho fekk nyleg det ho kalla eit «bestillingsverk» frå pleie- og omsorgssjefen. Ho meinte ikkje å kalle det eit bestillingsverk, men ho forsnakka seg. Hennar overordna hadde bede ho om å intervjue ein utanlandsk helsefagarbeidarlærling som jobbar på sjukeheimen. Føremålet med intervjuet var å motivere til at fleire utlendingar som ho søkte seg inn i helse og omsorg. Dette var igjen ei forsnakking frå rådgjevaren/journalisten si side. Eg har grunn til å tru at informasjonen ho formidla meg, ikkje var meint å kome ut.

Denne utanlandske lærlingen skal no gå inn i ei 100%-stilling på sjukeheimen; eg såg den nye turnusen hennar med eigne auge ein dag eg tilfeldigvis var innom vaktrommet. Minst éin bebuar vil ikkje eingong ha denne jenta inn på rommet sitt fordi jenta snakkar so dårleg norsk. Mora hennar vart nyleg tilsett i ei helgestilling på sjukeheimen – og denne stillinga har ikkje på noko tidspunkt vore lyst ut på interne eller eksterne jobbsider.

Utifrå desse observasjonane stiller eg med rette spørsmålet: er dette ei vilja utvikling frå arbeidsgjevars side? Er dette gjort med intensjon? Driv sjukeheimen bevisst sabotasje av arbeidsmiljøet? Tilset dei med vilje utlendingar som ikkje kan språket, vel vetande om at dette er til stor ulempe for både personalet og bebuarane? Ein slik praksis kan i verste fall fordrive norsktalande helsepersonale, noko som beviseleg har skjedd minst éin gong.

Ei slik bekymringsverdig utvikling er ikkje i våre eldre sine interesser.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s