Den amerikanske draumen kollapsar

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

Den amerikanske draumen var ein gong i tida når ein forelder sparte for å framføde barna sine til å ha eit uendeleg betre liv enn dei sjølv hadde. Foreldre ville spare for deira college-utdanning og dei dreiv ungane sine til å oppnå. Far min byrja å spare den dagen eg vart fødd for mi college-utdanning og søksmål.

Amerikanarar, uavhengig av omstenda rundt deira fødsel, delte alle fridom, moglegheiter, retten til å starte private bedrifter og konsern, og ein republikk – «Representativt demokrati». Vi oppdrog barna våre til å tru at dei hadde eit legitimt høve til å leve eit betre liv enn vi gjorde, spådd utifrå deira eigne evner og intelligens. Vi prøvde å mane til god arbeidsetikk, og som ville gje hell for framtida som låg føre dei.

Men i dagens verd har våre politikarar søkt å erstatte foreldre, alt under dekket av sosialisme. Individualisme, som vi no blir fortalt av Alexandria Ocasio-Cortez og hennar likesinna, er vondt og vi held no på å bli berre ein del av den kollektive tua. Den herskande eliten har stole verdiane til nasjonen og sine borgarar medan dei lest som om dette på ein eller annan måte er til vår fordel. Dette var ikkje eit uhell, men ein plan implementert over fleire tiår i dei mørke hjørna til Klaus Schwab.

På 80-talet, då eg kjøpte eit hus i New Jersy, hadde eg rett og slett namnet til barna mine lagt til tittelen medan ingen stilte spørsmål. Då eg kjøpte bustad i Florida i 2016 og enkelt nok bad dei om å leggje barna mine til skjøtet, vart eg fortalt at eg ikkje kunne gjere det, med mindre dei då måtte betale skatt som ei gåve.

Sosialisme har øydelagt landet. Ingen kan gjere noko utan godkjenning frå staten og dei har hendene sine i alle sine lommer. No med COVID, nedstengingar, restriksjonar, vaksinekrav når dette ikkje på nokon måte er so alvorleg som dei fleste andre sjukdommar, blir alt frå retten vår til frie ytringar og til å samle oss blitt fråtekne oss og pro-venstre-dommarar ser andre vegen med det same mantraet – staten bryr seg.

Dei har øydelagt forstand. Det var menneske som spraya alt dei kjøpte i ein butikk for å reinse forpakningane. Då dei introduserte vaksinane, vart vi fortalt at dei òg ville få oss tilbaker til normalen, men dei hengte immunitet til Big Pharma som snop på Halloween. Plutseleg vart statleg vedtekne tryggleiksprotokollar avskaffa og vi vart fortalt at vi berre kunne mikse og matche kva enn slags vaksinar, men flasker med Tylenol åtvarar deg at du ikkje skal ta dei i kombinasjon med andre legemiddel.

Vi har nådd punktet med endelause covid-restriksjonar og der er ikkje lenger samtalar om ein rutetabell for tilbakevending til normalen. Tenåringar tek livet sitt fordi dei ikkje lenger kan sjå ei framtid. Vi har blitt fortalt at Faucis sjølve meiningar er vitskap med ingenting å støtte det opp. Fauci kan til og med ikkje halde reie på løgnene sine, og media hjelper han med å dekkje det heile til.

Vi blir no fortalt at tøymunnbind ikkje gjer noko, men når det heile byrja sa til og med Fauci at munnbind ikkje fungerte. Dei gjekk frå å vere «ubrukelege» til obligatoriske og no tilbake til ubrukelege. Som nazistar krev dei at du må vise vaksinepasset ditt i ein restaurant, og enkelte sjukehus har nekta å tilby helsehjelp dersom nokon ikkje er vaksinert. Eg hadde til og med ein venn med ei kone som var gravid og fekk COVID, og legen ved eit større sjukehus i Philadelphia bad ho om å ta abort fordi barnet truleg ville vere misdanna. Dei gjekk til ein ekte lege og ungen var heilt fin.

Den psykologiske skaden på barn er monumental. Det som vi enno har igjen å bekrefte, er at denne fryktkampanjen vil bli hugsa av den yngre generasjonen som eit katastrofalt moralsk brotsverk. Desse galne politikarane og tvilsame legane som gav frå seg all medisinsk integritet og slutta seg til statens propaganda, i staden for å forsvare folket mot tyranni, vil bli hugsa som dagens nazistar. Ærleg tala, høyrer eg til og med frå venstresida som stille sa seg einige i at dette har gått altfor langt. Dei er redde for at dersom dei seier frå, vil dei bli stempla som ein Trump-supporter og forkjempar for kvitt overherredømme i denne nye alderen som demoniserer kvar ein opposisjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s