Eit plutseleg gjensyn: Eit teikn på store endringar i næraste framtid?

I helga var eg innom sjølveigarleilegheita mi utafor ein større vestlandsby. Då hadde eg òg gjester på besøk. Laurdag ettermiddag, då vi sat og åt middag, kom det plutseleg ein liten, lekker sportsbil køyrande opp gangvegen som går rett forbi bygningen. Bilen stoppar utafor naboen, der leilegheita i lengre tid har sett fråflytta ut. Ut av bilen kjem ingen ringare enn Vanessa!

Dette var fyrste gong på lenge at eg såg ho. Ho hadde ikkje endra seg nemneverdig sidan den gongen. Ho var framleis blendande vakker, men litt mørkare i det lett krusete blonde håret. Ho var elegant kledd i ei svart, tettsitjande kåpe og eit par kvite skinnstøvlar som rakk ho opp på knea. Ho stod ikkje mindre enn fire meter frå kjøkkenvindauget, men ho såg ikkje ut til å sjå meg. Ho var sprudlande og blid, som om ei tung bør hadde blitt løfta av skuldrene hennar.

Like etter kom ein annan bil sakte ryggjande opp til ho. Ut av bilen kom ei dame og ein mann eg aldri hadde sett før. Samstundes kom ein mann til ut av den leilegheita som eg trudde var fråflytta. Medan Vanessa stod verdsvant og kommanderte dei rundt, byrja hennar «undersåttar» å fylle dei to bilane med noko som såg ut som ein demontert sovesofa. Ho stod i perfekt fotomodellpositur og såg med myndig mine på at alt vart gjort skikkeleg. Etter mykje om og men var jobben gjort, og dei to bilane forsvann derifrå like fort som dei kom.

Mitt møte med Vanessa i romjula 2018 var fyrste gong eg hadde sett ho sidan sommaren 2016, då eg møtte Ursula i ein by på det sørlege Vestlandet, og då ein vernepleiarkollegas svertekampanje øydela både eit byrjande romantisk forhold og eit kollegaforhold. Eg og Vanessa var tilfeldigvis på same treningssenter. Ho veksla nokre ord med meg, før ho dansa seg vekk derifrå med raudnande kinn. Like etter møtte eg dama eg skulle tilbringe meir enn halvanna år saman med. Livet mitt vart snudd på hovudet, for å seie det mildt. I ettertid tolka eg 2018-møtet med Vanessa som eit sokalla forvarsel. Eit varsel om noko som var godt for meg.

Berre éin gong møtte eg Vanessa medan eg var i det forholdet. Det var på eit kjøpesenter på seinhausten 2019. Eg og kjærasten min var i ein smykkebutikk og såg på forlovelsesringar med den vesle ungen hennar. Vanessa stod og vart ekspedert i kassen. Ho var ulasteleg kledd i ei sjøgrøn kåpe i semska skinn, og svarte, skinande skinnstøvlar med høge hælar. Halsen hennar glitra av perler, og ho hadde ein tiara på hovudet. Ho snudde seg vekk med eit lukka smil, og igjen vart ho sprutraud i ansiktet. Vi veksla aldri eit ord saman då, og dermed vart møtet vårt seint i 2018 førebels siste gong vi prata i lag.

Eit anna forvarsel som eg hadde i juni 2021 var av ein meir illevarslande natur. Då var eg inne på rommet til ein bebuar på den sjukeheimen eg jobba på då, og hadde nettopp lagt vedkomande denne varme, lyse sommarkvelden. Medan eg skal til å trekkje føre gardinene, ser eg plutseleg ein fyr gå forbi sjukeheimen nede i vegen. Det var ikkje kven som helst:

Det var ein fyr som var heilt lik meg!

Eg vart lettare skjelven og sett ut. Det var nett som å sjå ein dobbeltgjengar. Ifølgje folkeovertrua er det eit svært dårleg teikn å sjå sin eigen dobbeltgjengar. Det er som regel eit varsel om komande død, ulykke eller undergang.

To dagar seinare mista eg jobben.

Ein ting er å møte seg sjølv. Ein annan ting er å møte ein ekte person. Ein tidlegare kollega av meg sa ein gong at folk som Vanessa hadde rolla å lære deg noko viktig med livet, og so fort dei hadde utfylt rolla, forsvann dei like fort som dei dukka opp – og du såg dei aldri igjen. Dei var berre meint å vere ein mellombels del av livet ditt. Men Vanessa har dukka opp gjentekne gonger sidan sommaren 2016, og som regel i samband med visse «regimeskifte» i tilværet.

No når Vanessa plutseleg dukka opp utafor mitt eige kjøkken, som lyn frå klar himmel (berre nokre dagar etter at eg skreiv eit blogginnlegg om ho!), tolkar eg dette òg som eit forvarsel. Kanskje kjem det nye, positive endringar. Kanskje vil alt bli betre enn eg til no har hatt gode grunnar til å tru. Den som lever får sjå.

Og Vanessa? Ho dukkar nok opp igjen når eg minst ventar det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s