RFK Jr. og dr. Robert Malone i storform på «Defeat the Mandates» i DC

Sundag 23.januar 2022 fann det stad ein marsj i Washington, DC som bar namnet Defeat the Mandates («bekjemp mandata»), der fleire prominente røyster i motstandsrørsla mot Covid-diktaturet heldt tale. Her er ein live-stream av heile hendinga.

Advokaten og miljøforkjemparen Robert F. Kennedy Jr, som i ei årrekkje har vore opent kritisk til vaksinering, med dei skader dei har påført barn, heldt ein glimrande tale der han mellom anna sa, «kvar gong du går med på det, blir du svakare. Kvar gong du seier ‘ja’, blir du dytta tilbake til ein svakare posisjon. Bakketoppen du kjem til å døy på, er bakketoppen du er på akkurat no. Dei kjem for å ta barna dine.»

Talen til RFK Jr. kan sjåast her. Andre viktige moment i talen hans er desse:

«Trur du at dei plutseleg har funne Jesus… og at dei plutseleg er opptekne av folkehelse? Dette er selskapa som gav oss opioid-krisen. Desse er ikkje gode borgarar, dei er kriminelle konsern.»

Og:

«I dag blir mekanismane sett i verk sånn at ingen av oss kan flykte og ingen av oss kan gøyme seg.» Kennedy åtvara òg om forsøk på å stoppe matforsyninga. Han kom deretter med tre punkt for folk å hugse:

«1. Kvar makt som staten tek frå oss, vil han aldri gje tilbake friviljug… Dei vil aldri gje seg før vi tvingar dei til å gje seg. 2. Kvar makt som dei tek frå oss vil dei til sjuande og sist misbruke so mykje som mogleg. 3. Ingen i planetens historie har nokosinne samtykt sin veg ut av totalitær kontroll… Kvar kapitulering er eit signal til undertrykkjarane å påtvinge nye former for pine eller tortur.»

Ei anna legende som heldt tale, var oppfinnaren av mRNA-genterapi-teknologien, dr. Robert Malone. Han sa mellom anna:

«Desse genetiske vaksinane kan skade barna dine. Dei kan skade hjernane deira, hjarta deira, immunforsvaret deira, og evna deira til å få barn i framtida. Mange av desse skadane kan ikkje reparerast.»

Han kom med følgjande appell til publikum:

«Dei som er foreldre, (som) kjem til å bli foreldre, det er til sjuande og sist dykkar ansvar å beskytte barna dykkar dersom dei blir skadde. Dersom dei blir skadde av desse genetiske vaksinane, er de dei som må ta dykk av dei. Og de vil bere med dykk den børa resten av livet.»

Malone sa vidare:

«Vi burde ikkje ha politisert folkehelseresponsen til SARS-CoV-2 og COVID 19.» Han la til at «vitskapen er fastslått» når det gjeld effektiviteten til Covid-sprøytene, og at «dei fungerer ikkje». Vaksineforsøk har aldri produsert bevis for at vaksinane stoppar infeksjon eller overføring. Det er sterk vitskapleg evidens for at vaksinerte blir smitta og overfører smitte like mykje som uvaksinerte.

Malone sa so:

«Kor vidt dei gav meining i å beskytte våre eldre og skrøpelege frå det originale viruset, er irrelevant… sjølv om kvar mann, kvinne og barn i USA vart vaksinert, kan ikkje desse produkta oppnå flokkimmunitet og stoppe COVID.»

Malone avslutta med:

«Dersom der er ein risiko, må det vere eit val. So kjemp for barna dykkar. Ikkje gå med på det.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s